Odelstinget - Møte tirsdag den 1. april 2008 kl. 14.55

Dato: 01.04.2008

Voteringer

Etter at det var ringt til votering, uttalte

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstilt til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om redaksjonell fridom i media

§ 1 Føremål

Føremålet med lova er å sikre redaksjonell fridom i media.

§ 2 Verkeområde

Lova gjeld for

  • 1. dagsaviser og andre periodiske publikasjonar som driv journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt,

  • 2. kringkastarar, jf. kringkastingsloven § 1-1 tredje ledd og

  • 3. elektroniske massemedium som har tilsvarande føremål og funksjon som medium nemnde under nr. 1 og 2.

Lova gjeld ikkje medium som har som hovudføremål å drive med reklame eller marknadsføring, eller som hovudsakleg er retta mot medlemmer eller tilsette i bestemte organisasjonar, foreiningar eller selskap.

§ 3 Plikt til å ha ein redaktør

Medium som nemnt i § 2 skal ha ein redaktør.

Med redaktør er i denne lova meint den som tek avgjerd om innhaldet i mediet eller om ein del av dette, anten han blir kalla redaktør, utgivar eller noko anna.

§ 4 Redaksjonell fridom

Innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda skal redaktøren leie den redaksjonelle verksemda og ta avgjerder i redaksjonelle spørsmål.

Eigaren av medieføretaket eller den som på eigaren sine vegner leier føretaket, kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål, og kan heller ikkje krevje å få gjere seg kjend med skrift, tekst eller bilete eller høyre eller sjå programmateriale før det blir gjort allment tilgjengeleg.

§ 5 Høve til å fråvike lova

Regelen i § 4 kan ikkje fråvikast gjennom avtale eller anna rettsgrunnlag til ugunst for redaktøren.

§ 6 Ikraftsetjing

Lova trer i kraft frå det tidspunkt Kongen fastset.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Ib Thomsen på vegne av Fremskrittspartiet satt fram et forslag. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen utrede muligheten for å fjerne ordningen med forkjøpsrett ved omsetning av boliger og leiligheter.»

Forslaget blir i samsvar med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.

Komiteen hadde innstilt til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringar i burettslagslova, eigarseksjonslova og avhendingslova

I

I lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova) blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-2 andre ledd andre punktum skal lyde:

Ved andre forbrukarkjøp kan §§ 1-3, 2-6 første ledd tredje punktum, 3-3, 3-7 til 3-10, 4-1 til 4-19, 6-1 til 6-3 og 7-1 til 7-3 ikkje fråvikast ved avtale til ugunst for kjøparen.

§ 2-6 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Seljaren ber òg vederlag etter burettslagslova § 4-6.

II

I lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) skal § 22 nytt sjette ledd lyde:

Eventuell forkjøpsrett kan ikke gjøres gjeldende ved overføring av boligseksjon fra eier som nevnt i fjerde ledd til leier av seksjonen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.Videre var innstilt:

III

I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-4 første ledd nytt andre punktum skal lyde:

Eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap kan heller ikkje endre føremålet eller eigarstrukturen slik at selskapet blir eit bustadaksjeselskap.

Presidenten: Her har Fremskrittspartiet varslet at de vil stemme imot.

Votering:Komiteens innstilling ble bifalt med 57 mot 17 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 15.14.06)

Videre var innstilt:

§ 2-13 nytt fjerde ledd skal lyde:

(4) Registrert rett i avtale som nemnd i andre ledd går over til å gjelde rett i andelen frå den tid forbrukaren blir registrert som andelseigar, om ikkje anna følgjer av det som er avtalt.

§ 4-6 nytt andre punktum skal lyde:

Det kan ikkje gjerast avtale om at andre enn den som avhender andelen, skal betale vederlaget.

§ 4-12 skal lyde:

§ 4-12 Rettsovergang til nærståande og enkelte andre

(1) Forkjøpsrett kan ikkje gjerast gjeldande når andelen går over til ektemake, til andelseigarens eller ektemakens slektning i rett opp- og nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står i same stilling som livsarving, til sysken eller til nokon annan som i dei to siste åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren. Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over på skifte etter separasjon eller skilsmål, eller når ein husstandsmedlem tek over andelen etter føresegnene i husstandsfellesskapsloven § 3.

(2) Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over frå ein andelseigar som nemnd i § 4-2 første ledd til leigaren av den bustaden som andelen er knytt til.

(3) Føresegnene i paragrafen her kan ikkje fråvikast.

§ 6-14 første ledd andre punktum skal lyde:

At hovudstol og avdrag går fram for ein registrert panterett, er ikkje nok til at dette leddet kan brukast.

IV

Endringane i burettslagslova § 4-6 nytt andre punktum og avhendingslova § 1-2 andre ledd andre punktum og § 2-6 første ledd nytt tredje punktum gjeld ikkje avtaler mellom overdragar og ervervar om at andre enn overdragaren skal betale vederlaget dersom avtalen var inngått før lova her blei sett i kraft.

Endringane i burettslagslova § 4-12 nytt andre ledd og eigarseksjonslova § 22 nytt sjette ledd gjeld ikkje der forkjøpsretten er utløyst før lova her blei sett i kraft.

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.

Voteringen i en sak finnes i slutten av referatet for hver enkelt sak.