Odelstinget - Møte tirsdag den 20. mai 2008 kl.13.32

Dato: 20.05.2008

Dokumenter: (Innst. O. nr. 44 (2007-2008), jf. Ot.prp. nr. 18 (2007-2008))

Sak nr. 1 [13:33:35]

Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringar i inkassolova (godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.)

Talere

Votering i sak nr. 1

Ingrid Heggø (A) [13:34:13]: Bakgrunnen for at eg ber om ordet er faktisk ikkje at det er usemje i komiteen om det vi har skrive når det gjeld denne lova, men det er merknaden som Høgre og Framstegspartiet har kome med i samband med eigeninkasso. Det er ein del påstandar der som ikkje berre kan stå heilt utan at vi har sagt noko om dei.

Eg er òg einig i at inkassomengda i Noreg er eit stort samfunnsproblem, men merknaden til Høgre og Framstegspartiet gjev eit skeivt og ufullstendig bilete av kva som er problemet. Eg skal ikkje gå så mykje meir inn på det, men dei skriv m.a.:

«Disse medlemmer ser at økende press mot rentenivået kan medføre at det er stor fare for at en rekke mennesker, ikke minst unge, vil kunne havne i et uføre. Den nye inkassoreformen kan imidlertid i stor grad bøte på dette.»

Det er for meg veldig uklart kva element i den nye inkassoreforma som kan hindra at ei rekkje menneske hamnar i eit økonomisk uføre. Nedsetjinga av grunnsatsen for inkasso var på 300 kr. Vi var einige i det, og det var bra det kom, men det kan vel neppe i seg sjølv hindra at ei rekkje menneske hamnar i økonomisk uføre.

At kreditorar kan driva inn krava sine sjølve, var heller ikkje nytt i inkassoreforma. Dette alternativet har alltid stått ope for kreditorar. Ei anna sak er at ordninga med direkte inndriving av uimotsagde krav må seiast å vera ei betring av tilrettelegginga for eigeninkasso. Det er likevel ikkje ein del av inkassoreforma, men av reforma av den sivile rettspleia på grunnplanet. Dessutan er dette ei form for rettsleg inkasso, medan proposisjonen og komiteinnstillinga elles handlar om utanomrettsleg inkasso.

Høgre og Framstegspartiet skriv heilt til slutt:

«Disse medlemmer har merket seg at denne muligheten» - altså eigeninkasso - «er lite kjent blant norske bedrifter og medfører at det skjer en formuesoverføring fra privatpersoner og verdiskapende næringsliv til et unødvendig byråkratisk mellomledd i form av inkassobyråer som har til dels grove avanser for minimalt med arbeid. Disse medlemmer forutsetter derfor at arbeidet med å gjøre denne muligheten bedre kjent, intensiveres.»

No har eg jobba 20 år i bank, under dette veldig mange år som bedriftsrådgjevar, og eg stiller meg veldig tvilande til påstanden om at norske bedrifter er lite kjende med at dei kan driva inn krava sine sjølve. Eg vil tru at det er eit klart mindretal av dei næringsdrivande som trur at dei etter norsk lov må overlata inndrivinga til eit inkassoføretak. Når mange næringsdrivande overlèt sine fordringar til inkassoføretak, er det ikkje fordi dei må, men fordi dei ynskjer det. Dei prioriterer å bruka tid og pengar på kjerneverksemda i staden for å bruka ressursar på å driva inn misleghaldne krav. Mange føretak vil derfor ikkje oppleva inkassoføretaka som «et unødvendig byråkratisk mellomledd», men som eit ledd som er heilt naudsynt for at føretaka skal kunna konsentrera seg om nettopp kjerneverksemda si.

Avslutningsvis føreset Høgre og Framstegspartiet at arbeidet med å gjera eigeninkassoalternativet betre kjent vert intensivert. Eg går ut frå at ein her siktar til arbeidet til Egeninkassoforeningen og dei aktørane som tilbyr eigeninkassosystem for norske bedrifter.

Norske styresmakter har ikkje noko arbeid på gang for å stimulera flest mogleg kreditorar til å driva inn krava sjølve framfor å nytta inkassobyrå. Det som er ei oppgåve for norske styresmakter, er å leggja til rette for både eigeninkasso og framandinkasso, for dermed å bidra til skjerpa konkurranse mellom aktørane. Så får det verta opp til den enkelte kreditoren å vurdera om ein ser det som mest formålstenleg å driva inn krava sjølve eller å overlata innkrevjinga til eit inkassoføretak.

Eg nemner til slutt at det er enkelte ulemper knytte til eigeninkasso. Dei som driv eigeninkasso, er, i motsetnad til inkassoføretaka, ikkje underlagde tilsyn frå Kredittilsynet, og tilsynet kan dermed ikkje gjera gjeldande sanksjonar mot føretaka ved brot på inkassolova, t.d. inndraging av inkassoløyve. Ved brot på inkassolova kan skyldnarane heller ikkje bringa saka inn for Inkassoklagenemnda. Når det gjeld begge desse punkta, er altså stillinga til skyldnarane svakare ved eigeninkasso enn ved framandinkasso.

Eg konstaterer berre at Høgre og Framstegspartiet vil svekkja forbrukaren si stilling ved ukritisk og heilt utan reservasjon å tilrå inndrivingsforma eigeninkasso.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

(Votering, se side 450)

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstilt til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringar i inkassolova (godkjenning av kvalifikasjonsbevis frå ein annan EØS-stat m.m.)

I

Lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) blir endra slik:

§ 4 første ledd skal lyde:

Inkassovirksomhet kan bare drives av foretak som er registrert i Foretaksregisteret og har bevilling, hvis ikke annet følger av tredje til femte ledd.

§ 4 nytt femte ledd skal lyde:

Kongen kan i forskrift gi regler om at inkassovirksomhet som gjelder ervervsmessig eller stadig inndriving av forfalte pengekrav for andre, også kan drives midlertidig av personer som er lovlig etablert i en EØS-stat med sikte på å drive slik inkassovirksomhet der, og kan gi nærmere regler om midlertidig utøvelse av slik inkassovirksomhet.

§ 5 andre ledd nytt tredje til femte punktum skal lyde:

Kravet om tre års praktisk erfaring med inndriving av pengekrav gjelder ikke for EØS-statsborgere som har kvalifikasjonsbevis fra en annen EØS-stat som nevnt i direktiv 2005/36/EF artikkel 13 nr. 1 eller nr. 2. Dersom kvalifikasjonsbeviset ikke er lovregulert i den andre EØS-staten, må søkeren i tillegg ha drevet inkassovirksomhet på heltid i minst to år i løpet av de siste ti årene i en annen EØS-stat. Kongen kan i forskrift fastsette at tredje og fjerde punktum skal gjelde tilsvarende for borgere fra stater utenfor EØS og for søkere som har kvalifikasjonsbevis fra land utenfor EØS.

I

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Presidenten: Presidenten vil gjøre oppmerksom på at det har sneket seg inn en trykkfeil i siste del av vedtaket. Romertallet «Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset» skal være II.

Votering:Komiteens innstilling - med den foretatte rettelse - ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet ble enstemmig bifalt.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.