Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 1993

Dato: 27.10.1993

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til fiskeriministeren:

Planane om Stad skipstunnel har vore omtala i Stortinget fleire gonger.

Kor langt er planane om tunnelen komne, og når kan Stortinget rekne med å få denne saka lagd fram?

Statsråd Jan Henry T. Olsen: Spørsmålet er retta til samferdsleministeren, men eg vil svare på det av di det for nokre år sidan i samråd med Samferdsledepartementet vart avklart at ein eventuell skipstunnel er farvatn, og at denne saka difor skal handsamast av Fiskeridepartementet. Den førre fiskeriministeren gav i spørjetimen den 13. mai 1992 svar på eit spørsmål om Stad-tunnellen, og eg vil også vise til dette.

På lokalt initiativ er det skipa eit selskap som pr 29. oktober 1991 hadde ein kapital på 2611000 kr. Bak selskapet står i alt 28 aksjonærar, mellom anna Sogn og Fjordane fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom sine trafikkselskap. Stad-tunnellen har status som eit prosjekt som er under ei styringsgruppe med representantar frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylke. Planlegginga er såleis styrt av fylkeskommunane, og initiativet ligg der. Det er difor ikkje mogleg for meg å seie noko om planstatusen. Men eg vil nemne at det også ligg føre ei rekkje tekniske og økonomiske utgreiingar om tunnelen, mellom anna ei om transportøkonomi.

Planleggjarane i fylkeskommunane meiner at det er nødvendig å gjennomføre ytterlegare tekniske og miljømessige utgreiingar. Sogn og Fjordane fylkeskommune har på vegner av interessentane søkt staten om tilskot på 6 million kr til utfyllande utgreiingar. Utgreiingane samla skal kunne seie noko om i kva grad det er teknisk, økonomisk og miljømessig mogleg å byggje tunnelen. Søknaden om utgreiingstilskot blir no handsama i Fiskeridepartementet i samråd med Samferdselsdepartementet.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg takkar statsråden for svaret. Eg hadde håpa på eit svar med ein klar framdriftsplan for prosjektet, slik at Stortinget snart kunne få saka lagd fram, fordi eg også ser på dette som eit nasjonalt prosjekt.

Eg har eit tilleggsspørsmål til statsråden: Korleis stiller statsråden seg til søknaden frå fylkeskommunane om tilskot til utfyllande utgreiingar om prosjektet, og korleis ser statsråden på prosjektet totalt?

Statsråd Jan Henry T. Olsen: Når det gjeld statsrådens synspunkt på søknaden om utgreiingsmidlar, vil eg seie at saka må vurderast ferdig i departementet i samråd med Samferdsledepartementet, noko som skjer akkurat no.

Personleg synest eg Stad skipstunnel er eit interessant prosjekt, noko eg fekk sjå i samband med synfaring i området i sommar. Men prosjektet treng ytterlegare utgreiingar før ein kan ta stilling til ei eventuell gjennomføring av prosjektet. Søknaden vil bli avgjord med det første, og dersom staten skal ta del i utgreiingskostnadene, finn eg det rimeleg at det skjer ei deling mellom staten og interessentane bak prosjektet i dei respektive områda.