Stortinget - Møte onsdag den 15. mars 1995

Dato: 15.03.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil få stille følgjande spørsmål til barne- og familieministeren:

Av NRK Dagsrevyen 8. mars 1995 framgår det at ei kvinne i utdanningspermisjon ikkje kjem inn under reglane for svangerskapspermisjon.

Kva vil statsråden gjera for betre å ivareta denne gruppa?

Statsråd Grete Berget: Når det gjeld retten til fødselspengar, er det eit krav i folketrygdlova at kvinna både har vore yrkesaktiv og har hatt pensjonsgjevande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene før fødselen. Inntekta må på årsbasis svare til minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda.

Kravet om yrkesaktivitet inneber at kvinna fysisk må ha vore i arbeid. Ho tener ikkje opp rett til fødselspengar i periodar der ho berre tek imot løn, utan at ho samstundes er underlagd arbeidsrett og arbeidsplikt. Det går fram av lova at periodar der kvinna har teke imot sjukepengar, dagpengar under arbeidsløyse, eller svangerskaps-, fødsels- eller adopsjonspengar, er jamstelte med yrkesaktivitet. Lova er uttømande, slik at andre situasjonar enn dei som er nemnde, ikkje gjev rett til opptening av fødselspengar.

Eg har forståing for at regelverket kan opplevast urimeleg av arbeidstakarar som blir gravide medan dei har løna studiepermisjon. Spesielt gjeld dette dersom dei på førehand ikkje er kjende med konsekvensane i forhold til trygdelovgjevinga. Men det vil krevje ei lovendring dersom det skal opnast for at slik permisjon gjev rett til opptening av fødselspengar.

Om løna utdanningspermisjon skal gje rett til opptening av fødselspengar, bør etter mi oppfatning ikkje vurderast isolert. Spørsmålet må sjåast i samanheng med rettane til andre grupper. Det må t.d. vurderast om studentar som får løn under utdanninga, skal få betre trygderettar enn studentar som sjølve må finansiere studia. Ei anna gruppe det kan vere aktuelt å sjå nærare på, er vernepliktige. Heller ikkje militærteneste vert rekna som yrkesaktivitet etter folketrygdlova.

Ettersom reglane i folketrygdlova om sjukepengar og fødselspengar er knytte nær saman, kan ei eventuell endring av vilkåra for retten til fødselspengar ikkje gjerast lausrive frå reguleringa av retten til sjukepengar. Eg vil derfor sjå nærare på den problemstillinga som er reist i samråd med sosialministeren.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg takkar statsråden for svaret.

Tidlegare i år vart det offentleggjort ei oversikt som viste at av 91 leiarstillingar var det kvinner berre i tre av dei. Eg trur det er brei politisk semje om at det bør stimulerast til at vi får fleire kvinner inn i leiande stillingar, og då er m.a. tilleggsutdanning eit nøkkelord. Kvinner som er vorte pålagde eller sterkt oppmoda av arbeidsgjevar om å ta utdanningspermisjon, eller som sjølve er villige til å satse på å ta tilleggsutdanning, kan, slik lova er i dag, kome i ein svært vanskeleg situasjon, t.d. ved graviditet, då dei mistar retten til løna svangerskapspermisjon. Då vil dei stå overfor to val, anten å avbryte studiane eller å avbryte svangerskapet, og begge alternativa er uakseptable. Det same vil skje når det gjeld rett til sjukepengar. Spørsmålet til statsråden er: Deler statsråden desse synspunkta når det gjeld kvinner sin situasjon i samband med tilleggsutdanning og graviditet, og vil statsråden ta initiativ til å endre gjeldande lov?

Statsråd Grete Berget: Som eg sa i svaret mitt, har eg forståing for at regelverket kan opplevast urimeleg av arbeidstakarar som blir gravide medan dei har løna studiepermisjon. Eg er innstilt på å ta ein runde for å sjå om vi kan gjere noko med dette. Eg vil òg sjå det i samanheng med det utvalet som vi allereie har i arbeid for å sjå på oppteningsrettar. Det gjeld fyrst og fremst menn sin mangel på oppteningsrett i dag, men det vil òg inkludere at vi f.eks. ser på studentane sin situasjon. I den samanheng vil det vere aktuelt at vi òg ser på det som kvinnene opplever som veldig urimeleg når dei får løna utdanningspermisjon.

Eli Sollied Øveraas (Sp): Eg vil igjen takke statsråden for svaret. Eg synest det var positivt. Eg meiner det må vere eit skilje mellom dei som har utdanningspermisjonar, og vanlege studentar. Det må vere råd å få til ei ordning som særleg ivaretek interessene til personar som tar utdanningspermisjon.

Statsråden fokuserte i førre innlegg på - og det har også vore fokusert på det i media - at opplysningsplikta til arbeidsgjevar er viktig i denne samanheng. Det gjeld konsekvensen den løna studiepermisjonen har i høve til trygdelovgjevinga. Men etter mi meining løyser ein ikkje dette problemet med at arbeidstakarane skal verte opplyste om at dei ved graviditet eller sjukdom under løna studiepermisjon mistar retten til fødsels- og sjukepengar. Det gjer ikkje situasjonen enklare for denne arbeidstakargruppa. Og det kan igjen føre til at mange vegrar seg for å ta studiepermisjon.

Er statsråden einig i at dette heller kan vere med på å hindre at personar satsar på tilleggsutdanning, tilleggsutdanning som gjev særleg kvinner større moglegheiter til å tevle om leiande stillingar?

Statsråd Grete Berget: Når det gjeld det lovverket vi har i dag, er det viktig at vi òg når ut med informasjon for å fortelje at den som tar løna utdanningspermisjon, mister retten til fødselspengar, for vi veit jo at det tar litt tid når ein skal gjere lovendringar, dersom resultatet av den gjennomgangen vi nå skal ta, skulle bli noko anna enn at ein får oppteningsrett. Men som sagt, eg er veldig opptatt av at vi ser heilskapen her, og at vi kjem tilbake til saka når vi har tatt den vurderinga.