Stortinget - Møte onsdag den 15. mars 1995

Dato: 15.03.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få stilla samferdselsministeren følgjande spørsmål:

Det har vore ein sterk auke i trafikkdrepne i år. Kvart femte liv kunne vore spart dersom me hadde ei betre opplæring i fyrstehjelp, hevdar trafikkmedisinar Inggard Lereim i bladet Motor nr. 3 1995. Styresmaktene har nå valt å ta bort fyrstehjelpsopplæringa frå føraropplæringa.

Vil statsråden medverka til at me får ei betre føraropplæring også med omsyn til fyrstehjelp ved trafikkulukker?

Statsråd Kjell Opseth: Alle som tek førarkort, skal kunne livreddande førstehjelp. Dette går fram av Vegdirektoratet sine læreplanar og av lærebøkene for førarprøva. Spørsmål om førstehjelp er også ein del av den teoretiske prøva. Dette har vore regelen sidan 1989. Styresmaktene har såleis ikkje endra kravet til førstehjelp som ein del av førarprøva.

Fram til 1. februar i år var det likevel slik at alle som gjekk opp til førarprøva for førarkortklasse B som elev ved køyreskule, måtte gjennomgå fire timar førstehjelp. Tilsvarande krav om obligatorisk opplæring var det ikkje for dei som gjekk opp til førarprøva som privatist. Det nye opplegget for føraropplæring klasse B set same krav om opplæring til alle som skal ta førarkort.

Representanten Unn Aarrestad viser til trafikkmedisinar Inggard Lereim, som har hevda at kvart femte liv kunne vore spart ved trafikkulukker om vi hadde betre opplæring i førstehjelp.

Korkje Samferdselsdepartementet eller Vegdirektoratet har dokumentasjon på at dette er rett. Departementet bad likevel direktoratet i februar i år å sjå nærare på nytta av obligatorisk kurs i førstehjelp. Direktoratet skal m.a. sjå nærare på reglane på dette området i andre land, og vurdere dei undersøkingane som finst om effekten av at slik opplæring er gjord obligatorisk.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar for svaret, som eg oppfatta som å vera noko unnvikande.

Internasjonale undersøkingar syner at 50 % av dei som døyr i trafikkulukker, døyr på skadeplassen eller på veg til sjukehuset. Ei vesentleg årsak til dette er mangelfull førstehjelp eller at det ikkje vert gitt førstehjelp frå medtrafikantar. Undersøkingane syner òg at utdanninga har vore for svak. Frykta for å gjera noko overfor eit ulukkesoffer botnar ofte i mangelfull kunnskap og mangelfull tru på eigne kunnskapar. Det er rekna ut at samfunnskostnadene ved trafikkulukker i Noreg er ca 21 milliardar kr årleg, og i tillegg kjem alle tragediane for familie og omgivnader som aldri kan prisast i kroner.

Så til spørsmålet: Kan statsråden sjå at det òg er god samfunnsøkonomi med god førstehjelpsopplæring i føraropplæringa?

Statsråd Kjell Opseth: Det må stå representanten Aarrestad fritt å vurdere det svaret som er blitt gitt, men det er eit forsøk på å ha eit ryddig forhold til også føraropplæring. Vi er alle saman opptekne av å få redusert ulukkene på vegane våre og også å avgrense skadane dersom ulukker oppstår. Men å gjennomføre tiltak dersom vi ikkje er sikre på at desse har nokon effekt, er iallfall ikkje ein nytte for samfunnet. Så får vi vente og sjå om denne obligatoriske opplæringa i førstehjelp har nokon reell verknad på skadeomfanget på vegane våre. Det er så langt vi kan sjå, framleis ikkje dokumentert.

Unn Aarrestad (Sp): Eg lurer av og til på kor mykje dokumentasjon som skal til før ein trur på det. Eg veit at ei arbeidsgruppe vart nedsett av Sosialdepartementet i 1989 for å sjå på bl.a. dette, og det vart behandla vidare i Samferdselsdepartementet i 1993. Av dei mange konklusjonane kom det fram at undervisninga i fyrstehjelp til førarkortinnehavarar var utilstrekkeleg.

Då kan ein lura på om det er av di statsministeren i valkampen i 1993 sa at førarkortet skulle verta rimelegare, at samferdselsministeren nå prøver å spara på alle hald. Når det skal vera obligatorisk med glattkjøring og mørkekjøring, kvifor skulle det ikkje då vera obligatorisk òg med fyrstehjelpopplæring? Eg vil spørja igjen: Vil ikkje statsråden medverka til at denne opplæringa vert gjord obligatorisk igjen?

Statsråd Kjell Opseth: La meg få gje uttrykk for at det ikkje er særleg tvil om at føraropplæringa var blitt for dyr. Dei tiltaka som no er gjennomførte, er gjennomførte for å kombinere ei billegare ordning og ei betre ordning. Det er vi nokså overtydde om at vi får til.

Dersom det blir dokumentert at obligatorisk opplæring i førstehjelp på f.eks. fire timar, har ein effekt på for det første talet på trafikkulykker og for det andre omfanget av dei ulykker som skjer, vil vi sjølvsagt gå inn for at opplæringa blir gjord obligatorisk. Men det er så langt ikkje dokumentert, same kva representanten Aarrestad måtte meine om det, så vi får sannsynlegvis fleire rundar på dette her i salen, etter det eg kan forstå. Men vi må vite kva vi innfører, dersom vi skal innføre dette som ei obligatorisk ordning.