Stortinget - Møte onsdag den 31. mai 1995

Dato: 31.05.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Inge Myrvoll (SV): Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

Det synes å foregå en sentralisering av posttjenester innenfo r de ulike postregioner. Viktige tjenester sentraliseres ved at pakkepost, rekommanderte sendinger/verdipost fjernes fra mange postkontorer. Dette betyr sentralisering og dårligere tilgjengelighet for mange. I strid med Stortingets forutsetninger reduseres servicenivået.

Er det riktig at det nå legges en sentral strategi om sentralisering innenfor Postverket?

Statsråd Kjell Opseth: Firmakundane etterspør i aukande grad dør-til-dør-service for pakkepost og andre fysiske sendingar, og privatkundane etterspør minibanktenester og andre typar elektroniske tenester. Denne utviklinga gjer posttenestene meir tilgjengelege, men gjer det også nødvendig til kvar tid å tilpasse posttenestene til dei endra behova som kundane har.

Det er ikkje noko nytt at ikkje alle postkontora har alle tenestene. Det ligg òg innafor dei retningslinene som Posten arbeider etter når det gjeld tilbod om posttenester i byområda. Posten ønskjer elles så langt det er mogleg å dekkje kundane sine behov, samstundes som ein nyttar ressursane på best mogleg måte. Ei tilpassing av tenestetilboda inneheld til vanleg også at kontor der ein kan hente postpakkar og andre fysiske sendingar, får noko betre tilgjenge i form av lengre ekspedisjonstid i høve til tidlegare. Samla sett vil ein såleis ha om lag same servicegraden etter ei omlegging av posttenesta i eit område.

Det er elles grunn til å minne om St.meld.nr.17 (1991-1992) Om posttjenestenes framtidige rammevilkår, der det går fram i punkt 4.1.1, om tilpassing av nett og service, at overgang frå postkontor med eit totalt tenestetilbod til enklare typar stasjonære tenestetilbod er eit viktig verkemiddel i denne samanhengen. Dei endringane i nettstrukturen som Posten gjer, ser eg ikkje som noka form for sentralisering, men som ei nødvendig tilpassing av posttenestene ut frå nye tenestetilbod, ny teknikk og kundane sine behov.

Eg syner elles til svar i Spørjetimen for ei veke sidan, den 24. mai.

Inge Myrvoll (SV): Jeg takker for svaret.

Statsråden har helt rett i at bedrifter etterspør dør-til-dør-tjenester, og det bør de også betale for, for det er en serviceøkning. Det er ikke det det dreier seg om for meg. Det dreier seg om privatkunder som etterspør julegaven fra tante eller barnebarn. Det dreier seg om tjenester som før var tilgjengelig ved postkontorene, og som nå sentraliseres. Jeg hadde det oppe i Stavanger i forrige uke, og det viser seg at dette er noe som foregår på brei basis. Mange steder planlegges det nå at all pakkepost, verdipost og rekommanderte sendinger sentraliseres til ett eller noen få postkontor, mens de vanlige postkontorene mister slike tjenester. Det kan bli avstander opp til sju-åtte kilometer det er snakk om å dra, etter det som planlegges, for å komme til et annet postkontor enn det lokale. En kan få sendingene brakt hjem for 30 kr, men man ønsker kanskje sjøl å hente disse pakkene fra bestemor og tante eller fra Ellos eller hva det skulle være. Det er med andre ord basistjenester, som man trodde skulle være tilgjengelig i hele nettet, som sentraliseres til noen postkontor, og man får A- og B-status for postkontorene.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil igjen få lov å streke under at det ikkje er noko nytt at ikkje alle postkontor har alle tenestene.

Det som representanten Myrvoll no peiker på, at det går føre seg ei sentralisering av pakkeposttenestene til eitt postkontor i ein større region, er ei problemstilling som eg ikkje har høyrt om før, og eg vil sjølvsagt undersøkje om dette er korrekt. Men målsetjinga er heile tida at ein skal halde den servicegraden som Stortinget har fastlagt, men gjere det på ein slik måte at ressursbruken er minst mogleg.

Inge Myrvoll (SV): For ei uke sia sa statsråden på denne talerstol: « Hovudoppgåva er å sikre postkundane eit godt servicenivå med god tilgjenge til posttenestene. »

Vi har tidligere fastslått hva som er basistjenester, bl.a. postpakker. Bør ikke da en basistjeneste være tilgjengelig i hele postnettet? Er det meninga at det skal sentraliseres, og at folk skal ha store avstander for å få utført basistjenester og også andre relativt ordinære tjenester av typen verdipost, rekommanderte sendinger osv.?

Jeg vil si at dette for det første ikke har den store innsparingseffekten, men det andre er at det reduserer servicenivået. Man kan ikke forutsette at folk skal ha store avstander for å få utført helt normale posttjenester. Jeg vil be statsråden om å sjekke hvilke planer det jobbes med innafor Postverket når det gjelder sentralisering av vanlige posttjenester som rammer privatkundene. Jeg synes det er helt greit at bedriftskundene må betale for ekstra service, men privatkundene må også ha tilgang til postnettet.

Statsråd Kjell Opseth: Eg får freiste ein gong til: Det er ikkje noko nytt korkje i år eller dei siste ti åra at det finst postkontor som har andre tenester enn det som er det vanlege, tilpassa kundane sine behov i det området.

Men som eg sa i mitt andre tilleggssvar: Dersom det er rett det som representanten Myrvoll seier, at det går føre seg ei sentralisering av pakkeposttenestene i ein større region, er dette nytt for meg. Det skal eg sjå på. Men igjen må eg slå fast at posttenestene skal ha ein servicegrad som er i samsvar med det Stortinget har fastlagt, men det må skje ved minst mogleg ressursbruk. Det er det som tener kundane best i det lange løp.