Stortinget - Møte onsdag den 6. desember 1995

Dato: 06.12.1995

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Laila Kaland (A): Eg vil stille følgjande spørsmål til statsråden:

Enkelte elevar mistrivst i den vidaregåande skulen og er lite skulemotiverte.

På kva måte meiner statsråden at Reform 94 er lagt til rette for å hjelpe desse elevane, og kva kan den enkelte skule gjere i høve til dette problemet?

Statsråd Gudmund Hernes: Det har vore ei sentral målsetjing i Reform 94 å leggje godt til rette for alle grupper elevar - også dei som av forskjellige grunnar har problem med å gjennomføre opplæring. Eg vil nemne følgjande:

Reform 94 gir som kjent ein rett, men inga plikt til vidaregåande opplæring. Retten inneber rett til inntak på eitt av tre alternativt valde grunnkurs. Opplæringa varer normalt tre år, men for enkelte kan den forlengjast til inntil fem år. Vidare er læreplanane delte opp i modular. Dette ser eg som eit viktig verkemiddel for å ta vare på elevar med særskilde behov, som på den måten kan få dokumentert sin kompetanse også innafor delar av fag.

Det er stort handlingsrom for å tilpasse opplæringa til behova til den enkelte elev innafor rammene i læreplanen, både gjennom å knyte teori og praksis nærare saman og i forhold til å yrkesrette allmennfaga. Nye retningslinjer for minste lærartimetal gir dessutan godt rom for gruppedeling og differensiering.

Saman med bruk av moderne teknologi i opplæringa utgjer nye og oppdaterte lærebøker samla eit stort løft for å leggje til rette for den enkelte elev. Dette perspektivet blir også understreka i elevheftet Vegvisaren, som er meint som ei hjelp for elevane m.a. i det å ta ansvar for eiga læring. Eg kjenner ikkje til at ein i noko anna land har teke eit slikt initiativ.

For dei som sluttar eller fell ut av opplæringa før ho er avslutta, er det oppretta ei eiga oppfølgingsteneste der noko av føremålet er å motivere til fornya innsats anten i opplæring eller arbeid.

For særleg lite skolemotiverte elevar kan dessutan heile opplæringsløpet gjennomførast i bedrift.

Eit sentralt element i reforma er også den nye forskrifta for vurdering, der skole- og bedriftsbasert vurdering er gjort obligatorisk, i tillegg til at eleven skal få vurdering som ikkje blir avslutta med karakter. Hovudføremålet med denne vurderingsforma er m.a. å rettleie eleven og motivere til innsats.

Som det skulle gå fram av dette, meiner eg at rammene for opplæringa skulle vere lagde godt til rette for alle elevar - også dei som er lite skolemotiverte. I siste instans er det likevel skoleeigar som har ansvaret for å ta i bruk dei alternativa som finst. Gjennom brei satsing på etterutdanningstiltak for lærarar, skjerpa blikk på skoleleiaropplæringa og utvikling av eit omfattande rettleiingsmateriell for opplæringsansvarlege på alle nivå har eg lagt stor vekt på å bevisstgjere skoleeigarar og motivere til å ta i bruk det handlingsrommet som er tilgjengeleg, for å kome denne elevgruppa i møte.

Problemet med manglande motivasjon og mistrivsel er ikkje nytt med Reform 94. Det vil alltid vere slike problem i samband med opplæring. Eg meiner at Reform 94 på ein god måte både stiller krav til elevane og samstundes legg til rette for å motivere og støtte dei i arbeidet.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret.

Det er fleire grunnar til at enkelte elevar ikkje finn seg til rette i den vidaregåande skulen. Dei kan vere skuletrøtte, ville heller gått ut i arbeidslivet dersom det hadde vore jobbar, dei har ikkje fått det skuletilbodet som dei hadde ønskt, og lærestoffet er ofte for vanskeleg og lite inspirerande.

I enkelte tilfelle sluttar elevane i den vidaregåande skulen. Det gjer det vanskeleg for eleven sjølv, men også skulen lid eit nederlag. Og det er sjølvsagt også eit tap for fylkeskommunane.

Dei tiltaka som Hernes har peika på i svaret, kan vere positive for denne elevgruppa. Eg meiner Reform 94 er ei god reform og eit godt tilbod til dei unge, med ein kombinasjon av skule, arbeidsliv og lærlingplassar. Det er gode tiltak. Men så fell likevel enkelte utanfor. Det verkar også som om det kan vere vanskeleg å skaffe lærlingplassar i ein del distrikt. Eg vil be statsråden sjå på om regelverket kan gjerast enklare når det gjeld å skaffe lærlingplassar. Så trur eg det er veldig viktig at ein satsar sterkare på etterutdaning av lærarar og instruktørar, og at oppfølgingstenesta blir ein realitet.

Statsråd Gudmund Hernes: Jeg er enig i en del av de diagnosene som representanten stilte når det gjelder de problemer som kan oppstå med lite motiverte elever. En av grunnene til at vi la inn muligheten for å velge ett av tre høyest rangerte studier, var nettopp å øke studiemotivasjonen. Så langt vi kan bedømme det til nå, tyder frafallet på at det har vært en vellykket linje. Det er en relativt sterk reduksjon i andelen som velger å gå om igjen på et annet grunnkurs enn det de først valgte. Det ser også ut til at frafallet i norsk videregående opplæring er betydelig mindre enn i våre naboland, og det vil også si betydelig mindre enn i de andre europeiske land.

Når det gjelder lærlingplasser, er det i øyeblikket storsatsingen for 1996 å sørge for at vi får fram nok lærlingplasser. Det er en stor oppgave og en vanskelig oppgave, men jeg håper at den skal kunne løses, ikke minst på grunn av det sterke engasjement fra partene.

Når det ellers gjelder videreutdanning og etterutdanning av lærere i videregående skole, har vi brukt i størrelsesordenen 180 mill. kr til det, og vi følger også det opp videre.