Stortinget - Møte onsdag den 20. mars 1996

Dato: 20.03.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Laila Kaland (A): Eg vil få stille følgjande spørsmål til utanriksministeren:

Fleire land praktiserer dødsstraff ved alvorlege brot på lova. Dette er umenneskeleg og moralsk forkasteleg.

På kva måte kan Noreg vere pådrivar i høve til å avskaffe dødsstraff i dei landa dette blir praktisert?

Utenriksminister Bjørn Tore Godal: Noreg har vore mellom forkjemparane for å få til eit internasjonalt forbod mot dødsstraff. Hittil er det i Europa dette arbeidet har hatt størst framgang. Gjennom utvidinga av Europarådet vil Den europeiske menneskerettskonvensjonen, med sin sjette tilleggsprotokoll av 1983 om avskaffing av dødsstraff, på sikt også omfatte Sentral- og Aust-Europa. Vi har understreka overfor alle nye medlemsland at dei som medlemer av Europarådet må slutte med dødsstraff.

Også i FN har Noreg vore ein pådrivar for å få avskaffa dødsstraff. Kvart år kjem Noreg og dei andre nordiske landa med oppmoding til alle medlemslanda i FN om å slutte seg til den andre tilleggsprotokollen av 1989 til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Dessverre har berre 29 statar, hovudsakleg europeiske og latinamerikanske, slutta seg til denne protokollen for avskaffing av dødsstraff. Langt fleire statar avstår likevel frå å fullbyrde dødsstraff. Vi prøver å knyte desse statane til avtaleverket. Det vil nok ta endå lengre tid å få med dei statane som framleis utøver dødsstraff.

På Menneskerettskommisjonen sitt møte i Genève i desse dagane vil Regjeringa igjen framheve at dødsstraff må avskaffast i alle land.

Laila Kaland (A): Eg vil takke utanriksministeren for svaret.

Eg er glad for at Regjeringa på Menneskerettskommisjonen sitt møte i Genève i desse dagane vil ta opp at ein må gjere det som skal til for å avskaffe dødsstraff. Vi kan sjå av avisinnlegg og andre reportasjar at både dei baltiske landa og delstatar i USA har dødsstraff, og av Amnesty-rapporten kan vi lese at svært valdelege metodar blir utøvde overfor fangane i fengsel. Fengsla er overfylte, fangar med store psykiske lidingar får inga hjelp, og ved fleire høve får ikkje fangane prøvd si sak for domstolane. Valdelege og farlege fangar skal ikkje sleppe straff, men det må vere ein menneskerett i demokratiske land at ein får ei human og lovleg behandling av fangane. Noreg har eit godt lovverk og ei god fengselsteneste, og derfor blir mitt tilleggsspørsmål til statsråden: Vil statsråden medverke til å tilføre fagkompetanse til desse landa og gi støtte til konkrete prosjekt, slik at reformarbeidet innanfor fengselssystemet kan gå raskare, og ein på den måten kan vere pådrivar i å gi fangane ei meir human behandling?

Utenriksminister Bjørn Tore Godal: Mange av de landene vi her snakker om, er medlemmer av europeiske og internasjonale konvensjoner, som gjør det naturlig for Norge og andre likesinnede land å være opptatt av fengsels- og soningsforhold. Vi skal selvsagt innenfor de rammer vi har, bidra til at fangebehandlingen kan skje så humant som mulig, og i samsvar med de internasjonale konvensjoner som de angjeldende land er medlemmer av.

Ellers er det det å si om de baltiske land, som ble nevnt spesielt av representanten, at alle tre har dødsstraff, men praksis varierer fra land til land. Faktisk er det slik at det iallfall i Estland nå ikke fullbyrdes dødsstraffer. Den sittende president har sagt at så lenge han sitter som president, vil fullbyrding av felte dødsstraffdommer ikke finne sted. Det er en utvikling på gang både i Latvia og i Estland, og jeg viser til at også statsministeren tok opp dette spørsmålet under sitt siste besøk i Litauen.