Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato: 08.05.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 28

Rita H Roaldsen (Sp): Jeg skal få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Departementet har varslet en stortingsmelding med basis i evalueringen av omorganiseringen av spesialundervisningen.

Hvordan kan statsråden forklare en reduksjon i bevilgningene til Nord-Norge-programmet før en har foretatt en evaluering?

Statsråd Reidar Sandal: På bakgrunn av førehavinga av St.meld.nr.54 (1989-1990) og St.meld.nr.35 (1990-1991) « Om opplæring av barn, unge og voksne med særskilte behov », jf. Innst.S.nr.160 (1990-1991), blei det i 1990 etablert eit regionalt kompetansesystem i dei tre nordlegaste fylka, Programmet for Nord-Noreg, med sekretariatsfunksjonen lokalisert til utdanningskontoret i Troms. Det statlege kompetansenettverket har ansvaret for å sikre spisskompetanse som ein ikkje kan vente at den einskilde kommune eller fylkeskommune skal ha.

Lengda på programperioden er særskilt omtalt i Innst.S.nr.160 (1990-1991), der det blir uttrykt behov for ein utbyggings- og planleggingsperiode på fire til fem år for å utvikle eit tenleg nettverk i Nord-Noreg. Eit styre for Programmet for Nord-Noreg blei oppretta i 1992. Programperioden blei derfor sett til ut året 1995, og avslutninga av programmet er omtalt i St.prp.nr.1 (1994-1995). Programmet har sidan 1991 fått tildelt ordinære driftsmidlar.

Programmet for Nord-Noreg fekk i 1995 og 1996 i oppdrag å gjere resultatet av utviklingsperioden for programmet kjent og utvikle plan for varige nettsverksordningar som skal inn i det etablerte utdanningsadministrative systemet for landsdelen. Oppsummeringa av resultatet og planen for varige nettverksordningar blei av ulike grunnar forseinka. Programperioden er avslutta, og tildelinga til programmet kunne ikkje lenger haldast på same nivå som under programperioden. Løyvingane under kap. 243 Kompetansesentra for spesialundervisning blei reduserte for 1996, og tildelingane til styra for dei landsdekkjande og regionale kompetansesentra og styret for Programmet for Nord-Noreg er alle blitt tilsvarande reduserte.

Tildelinga til Programmet for Nord-Noreg er frå 1995 til 1996 nominelt redusert med ca 5 mill. kr. Noko av denne reduksjonen må sjåast i samanhang med den generelle reduksjonen av kapitlet og må innarbeidast ved rasjonaliserings- og effektiviseringstiltak i ulike delar av verksemda, medan ein del av reduksjonen må tilskrivast reduksjonen av omfanget av utviklingsprosjekt i programmet.

Styret er bedt om å evaluere utviklingsprosjekta og lage ein plan som viser behovet for knutepunkt i landsdelen og deira kompetanseprofil, på bakgrunn av dokumenterte behov og dei erfaringane som er gjorde med slikt kommunalt og statleg avtalebasert samarbeid. Ein må her ta omsyn til kompetanse som er tilgjengeleg for landsdelen også ved dei landsdekkjande statlege spesialpedagogiske kompetansesentra og frå andre sektorar i landsdelen med ansvar for same målgruppe. Nord-Noreg skal totalt sett ha tilgjenge til den same spisskompetansen som dei andre landsdelane.

Innafor den tildelinga som er gjeven, meiner departementet det er mogleg å avslutte evalueringsarbeidet og gjere modellforsøksavtalar med nokre få kommunar om spisskompetente pedagogisk-psykologiske knutepunkt.

Rita H Roaldsen (Sp): Jeg takker statsråden for svaret. Det var et omfattende svar, men ikke særlig oppløftende for videreføringen av en del prosjekt under Programmet for Nord-Norge. I St.prp.nr.1 (1995-1996) sa Regjeringen under Resultatmål for de statlige kompetansesentrene:

Departementet skal utarbeide forslag om videreføring av det statlige støttesystemet på grunnlag av evaluering av omstillingsperioden ...

Jeg syns derfor det rimer dårlig at man reduserer det statlige støttesystemet nå og dermed også aktiviteten under Programmet for Nord-Norge, før man har fått en evaluering av hva som skal videreføres av de ulike prosjektene. Det er også viktig at Programmet for Nord-Norge får en evaluering, slik at man på bakgrunn av den kan utarbeide en plan for permanente ordninger.

Statsråden sier videre i svaret at reduksjonen må innarbeides ved rasjonaliserings- og effektiviseringstiltak i ulike deler av virksomheten. Ville det ikke være lettere å gjennomføre det på bakgrunn av en evaluering?

Statsråd Reidar Sandal: Det står sjølvsagt fast at den evalueringa som er varsla, vil kome. I svaret til representanten Roaldsen har eg peika på korfor det er ein reduksjon i dei midlane som Programmet for Nord-Noreg har fått for inneverande år. Det knyter seg til den avgjerda som er teken om den totale budsjettramma for kompetansesenter for spesialundervisning, og òg til det faktum at programperioden, som eg omtalte ganske grundig i svaret mitt, verkeleg er slutt. Og desse to omsyna er det som er dei berande argumenta for den situasjonen som ein då har, men evalueringsarbeidet vil kome slik som det har vore lova.

Rita H Roaldsen (Sp): Jeg takker statsråden for svaret. Vi ser også fram til å få en evaluering av hele omorganiseringen av spesialundervisningen. Statsråden bruker også som argument for nedskjæringer at Stortinget har vedtatt Regjeringens forslag om en reduksjon på kap. 243. Men hvis man ser på den reduksjonen, var det en reduksjon på 2 mill. kr til kommuner og fylker, mens Programmet for Nord-Norge har fått en reduksjon på 5 mill. kr. Det utgjør ca 20 % av budsjettet, og det er en forholdsmessig stor reduksjon. Samme argument blir også brukt overfor det vestlandske kompetansesenter, som også har fått en reduksjon. Så den reduksjonen som vi var med på i Stortinget, må være « oppbrukt » for lenge siden. Programmet for Nord-Norge har sagt at de må ha en tilleggsbevilgning på 3 mill. kr for å kunne opprettholde driften til de har foretatt en evaluering. Vil statsråden gjøre noe med det i forhold til revidert nasjonalbudsjett?

Statsråd Reidar Sandal: Eg registrerer at representanten Roaldsen har stort engasjement her, og det er ei ærleg sak. Dei argumenta som eg har gjeve for den økonomiske ramma som ein har å arbeide innanfor, står fast, og det er òg i samsvar med den avgjerda som er teken i denne salen etter tilråding frå Regjeringa.

Når det gjeld det siste spørsmålet som representanten Roaldsen stiller, om kva som skjer i samband med revidert nasjonalbudsjett, er det sjølvsagt ikkje mogleg for meg å seie noko konkret om kva det vil innehalde. Det er elles eit dokument som Stortinget vil bli kjent med komande fredag, når det blir lagt fram. Men dette må ikkje tolkast i noka spesiell retning.