Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato: 08.05.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 32

Statsråd Reidar Sandal: Departementet kan ikkje sjå å ha fått noka sak som spesielt gjeld jusstudiet ved Merkantilt Institutt AS i Trondheim. Departementet mottok likevel for nokre år sidan søknad frå Merkantilt Institutt A/S i Oslo om høve til å søkje stipend og lån for studentar ved 1. avdeling juridikum. Denne søknaden blei avslått. Departementet viste til dei fastsette forskriftene om tildeling av utdanningsstøtte. Det er der eit krav at utdanninga ved private utdanningsinstitusjonar må liggje på eit fagleg tilfredsstillande nivå, jf. § 9 i privathøgskulelova. Departementet kunne i denne samanhengen ikkje sjå at Merkantilt Institutt A/S i tilstrekkeleg grad hadde godtgjort at utdanninga var fagleg jamgod med tilsvarande offentleg utdanning. Det blei frå departementet si side peikt på at opplysningane når det galdt kvalifikasjonane til undervisningspersonalet, ikkje gav grunnlag for å kunne gjere den nødvendige vurderinga av det aktuelle undervisningstilbodet.

Etter forskriftene kan det ikkje gjevast støtte til utdanning ved lærestader der kostnadene i form av skulepengar m.v. er svært høge, dersom det ikkje er særleg behov for utdanninga. I forskrifta til Statens lånekasse for utdanning er øvre grense for skulepengar regulert. For skuleåret 1991-92, då søknaden frå Merkantilt Intitutt A/S blei vurdert, var grensa 15 900 kr. Skulepengar, slik det blei opplyst i søknaden frå Merkantilt Institutt A/S, var 29 900 kr. Departementet rekna skulepengane for å vere for høge. Det var heller ikkje godtgjort at det var særleg behov for utdanninga.

Siri Frost Sterri (H): Jeg takker statsråden for svaret, selv om jeg faktisk ikke vet hva han svarte på. I hvert fall skjønte jeg ikke hva dette svaret innebar i forhold til mitt spørsmål.

La meg derfor spørre rett ut: Innebærer det statsråden nå sa, at Lånekassen i Trondheim har gitt et en bloc-avslag til jusstudentene ved Merkantilt Institutt i Trondheim på feil grunnlag? Og vil statsråden i så fall gripe inn? Eller avventer statsråden en søknad fra skolen om rett til utdanningsstøtte for studentene som er knyttet til institusjonen? Jeg vil be statsråden avklare det litt nærmere, for det var et veldig forvirrende svar, særlig fordi studentene ved Merkantilt Institutt både i Oslo og i Bergen har rett til utdanningsstøtte fra Lånekassen slik det er i dag. Det samme har jusstudenter ved Folkeuniversitetet i Trondheim.

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil sjølvsagt halde fast ved det som blei sagt i hovudsvaret mitt. Eit sentralt poeng der var at departementet ikkje har fått noka sak som spesielt gjeld jusstudiet ved Merkantilt Institutt AS i Trondheim. Eg kan vanskeleg skjøne at det ikkje var ein klar bodskap.

Eg har i tillegg gjort greie for den behandlinga som ein tidlegare har hatt i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet når det gjeld spørsmål om institutt andre plassar som har vore til vurdering, og eg har gjort greie for kva som har vore grunngjevinga for at ein har avslått søknader om stipend og lån for studentar ved 1. avdeling juridikum.

Siri Frost Sterri (H): For sikkerhets skyld, det er mulig at jeg har litt tungt for det, men jeg ber om å få bekreftet fra statsråden at det han trenger for at studentene som er privatister og kommer inn under reglene for privatister når det gjelder rett til utdanningsstøtte, skal få behandlet sine søknader i Lånekassen i Trondheim, er at skolen som sådan må sende en sak til departementet knyttet til dette jusstudiet - selv om de ikke har noen forhåpninger om å oppnå eksamensrett for dette studiet i Trondheim. Det innebærer selvfølgelig at studentene må avlegge eksamen ved universitet hvor man har juridisk fakultet, og de kommer da på linje med f.eks. studentene fra Folkeuniversitetet i Trondheim, fordi Trondheims universitet ikke har eget jusfakultet.

Statsråd Reidar Sandal: Dersom det kjem ei sak til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som vi er rette instans til å ta stilling til, vil saka sjølvsagt bli behandla. Men ei slik sak frå Merkantilt Institutt AS i Trondheim har vi, etter dei opplysningar eg sit inne med, ikkje fått.

Eg vil for ordens skuld, for å seie litt om det prinsipielle knytt til det spørsmålet som representanten Frost Sterri reiste, vise til at etter ei tidlegare behandling i departementet av ein søknad som gjaldt Merkantilt Institutt A/S i Oslo, påklaga jusstudentane ved dette instituttet avgjerda i departementet til Statens ombodsmann for forvaltninga, som i svar av 8. april 1992 slår fast at han ikkje har innvendingar mot departementet si behandling av søknaden frå dei jusstudentane det gjaldt.