Stortinget - Møte onsdag den 5. juni 1996

Dato: 05.06.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Hallgrim Berg (H): Eg vil gjerne få stilla følgjande spørsmål til den vørde samferdselsministeren:

Kan me framleis rekna med at proposisjonen om Rv 23, Oslofjord-sambandet, vert lagd fram i vår, slik at Stortinget får høve til å handsama dette viktige prosjektet så snart som mogleg?

Statsråd Kjell Opseth: Samferdselsdepartementet sitt siktemål var at proposisjonen om Oslofjordsambandet skulle leggjast fram for handsaming i Stortinget vårsesjonen 1996. Framdrifta har blitt noko forseinka. Grunnen til det er både at Frogn kommunestyre ved handsaminga i november 1995 ikkje vedtok reguleringsplanen, og at det måtte til ny fylkespolitisk handsaming for å få dei nødvendige vedtaka om garantiar og vilkårsbunden refusjon.

Samferdselsdepartementet arbeider no med sikte på å leggje fram proposisjonen om Oslofjordsambandet før sommarferien, dvs. før fellesferien.

Hallgrim Berg (H): Eg er slett ikkje nøgd med dette svaret. Det er ingen grunn til at dette skal ha drege så langt ut. Å vise til fylke og kommune i denne samanhengen er temmeleg irrelevant, for dei politiske føringane - prosessen og den politiske viljen, engasjementet til NHO/LO og fylkestinga i Akershus og Buskerud - har det aldri vore tvil om. Alt er avklara miljømessig, økonomisk er løyvingane gjorde, alt det ligg klart. Me har venta vinter og vår på nytt. Eg vil minna om at Gro Harlem Brundtland lovde på Buskerud Arbeidarparti sitt årsmøte for seks år sidan at dette var eit høgt prioritert prosjekt. Men det har drege ut heile tida. Eg skjønar ikkje kvifor ikkje statsråden har kunna sett litt meir fart på denne viktige saka. Han har då i stor grad politiske antenner ute frå morgon til kveld, og eg vil spørja kvifor han på denne måten har late dette gå så seint at han faktisk er med på å drive både dei folkevalde og andre - kanskje særleg Buskerud Arbeidarparti - inn i frustrasjon.

Statsråd Kjell Opseth: Ein må gjerne skyte på Samferdselsdepartementet og meg som statsråd i denne saka. Men det faktiske forholdet er at det er utanforliggjande årsaker som har gjort at vi har fått forseinkingar. Kven kunne ane at Frogn kommunestyre ikkje ville godkjenne reguleringsplanen etter at dei hadde fått det alternativet til fjordkryssing som dei absolutt ville ha? Kven kunne vite at garantivedtaka i dei to fylkeskommunane ikkje var tilfredsstillande og måtte gjennom ei ny handsaming? Den siste handsaminga i Akershus fylkeskommune skjedde for nokså nøyaktig ein månad sidan, den 8. mai, så eg synest ein må rette skytset andre vegar enn mot departementet og meg som statsråd. Vi skal gjere alt vi kan for å få denne saka fram så fort som råd er. Eg reknar framleis med at vi skal kunne ha anleggsstart hausten 1996.

Hallgrim Berg (H): Det er nok fleire enn eg som synest at det har gått smått i denne saka. Eg viser til at i NRK den 3. juni sa min medrepresentant frå Buskerud Erik Dalheim at han syntest dette hadde gått umåteleg smått, og han sa at statsråden sin seingang i saka grensa til ansvarsfråskriving.

Men eg vil no spørja statsråden - i og med at han har eit positivt syn på at prosjektet skal koma i gang så fort som råd er, omsider - om han kan sørgja for at Vegdirektoratet legg ut tilbodsgrunnlaget slik at vedkomande entreprenør står klar til å starta bygging så snart vedtak i Stortinget er gjort. Difor går eg ut frå at Kjell Opseth kan stadfesta her og no - trass i einskilde vanskar, som han sa - at prosjektet etter planen kan starte opp om lag 1. september i år.

Statsråd Kjell Opseth: Eg kunne gjerne gått ein ny runde om kor smått dette har gått, og kven som har ansvaret for at det har gått smått. Eg vil halde fast ved at det er ikkje departementet, snarare tvert om. Vi har vore pådrivarar heile vegen.

No er det faktisk slik at representanten Berg vil at eg skal setje dette prosjektet i gang før det er handsama i Stortinget. Det reknar eg med at representanten ikkje meiner alvorleg. I alle tilfelle er eg ikkje innstilt på å gjere det, men eg er innstilt på å gjere alt vi kan for at så snart Stortinget har fatta eit endeleg vedtak, kan vi starte opp.

Presidenten: Presidenten vil nå ta opp spørsmål nr. 10.