Stortinget - Møte onsdag den 19. november 1997

Dato: 19.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 23

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg tillet meg å stilla eit spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren - sjølv om eg såg han var på veg tilbake til sin gamle plass i stortingssalen nyleg:

Undersøkingar syner at elevar som må ta lån i Statens lånekasse for utdanning i vidaregåande skule har størst problem med å betala tilbake desse låna.

Kva tiltak vil statsråden setja i verk for å bøta på dette?

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett som representanten Ausdal Starrfelt sa, at eg var på veg tilbake til min eigentlege plass her i stortingssalen. Eg får vel ta det som eit teikn på at eg er flink til å gå etter opptrakka stigar!

Så til svaret. I det politiske grunnlaget for Regjeringa har dei tre sentrumspartia slege fast at studiefinansieringsordninga skal betrast gjennom prioritering av behovsprøvd fullstipendiering for elevar i den vidaregåande skulen.

Det har lenge vore brei politisk semje om at elevar i den vidaregåande skulen ikkje skulle måtte ta opp lån for å få vidaregåande opplæring. Såleis har det vore lagt vekt på at hovudforma for støtte frå Lånekassa for elevar som er under aldersskiljet for behovsprøving mot foreldreøkonomien, skal vere stipend.

Departementet foreslo i St.meld.nr.14 (1993-1994) at søkjarar under 20 år som tek VK II, skulle reknast som under aldersskiljet, dvs. at heimebuarar skulle få behovsprøvt stipend og bortebuande elevar skulle få eit minstestipend utan behovsprøving. Fleirtalet i komiteen var samd i dette. Den førre regjeringa fann likevel ikkje midlar til ei slik utviding. Det vart foreslått av Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti i revidert nasjonalbudsjett, men i tilleggsproposisjonen har vi heller ikkje funne plass til dette innanfor ramma.

Kostnadene ved ei utviding av ordninga med behovsprøvd stipend er store. Det vil difor krevje ei grundig utgreiing å finne den beste løysinga for å forbetre finansieringa for elevane i den vidaregåande skulen. Ein viktig del av ei slik utgreiing vil vere i kva takt denne forbetringa skal gjennomførast. Eg har teke initiativ til å setje dette arbeidet i gang i departementet, men det er enno for tidleg å gje nokon lovnad om tidspunkt for gjennomføringa av reforma, som sjølvsagt må behandlast i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil takka statsråden for svaret. Eg er glad for at det er ei utgreiing på gang. Arbeidarpartiet er samd med Regjeringa i målsettinga om fullstipendiering i vidaregåande skule. Det er faktisk programfesta no. Men spesielt Kristeleg Folkeparti har vore svært så forpliktande i sine lovnader til studentane og har prioritert dei, seinast no i budsjettet i haust. Det same har ikkje vore tilfellet for elevar i vidaregåande skule, og når det gjeld forbetring, er det spesielt studentane som har vunne. Tykkjer statsråden dette er ei rett prioritering når det stadig kjem ny og urovekkjande informasjon om at det nettopp er elevar med lån frå vidaregående skule som har problem med tilbakebetaling? Vil me kunna venta endringar i dette framover?

Eg håpar sjølvsagt at dette ikkje er eit resulat av at dei som skrik høgast, får mest.

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt rett at dei partia som no er regjeringsparti, har prioritert stipenddelen for studentar svært høgt, og har òg der klart å gjennomføre store løft. Går ein nokre år tilbake, var det òg store forbetringar i stipendiet for vidaregåande skule, men det er òg rett at det i dei tre siste åra ikkje har vore gjort forbetringar der.

I den utgreiinga som vi er i gang med, vil vi sjå på ein del ting. Det eine er at vi vil analysere kven av elevane i vidaregåande skule det er som har mest problem, for det ser faktisk ut til å vere ein samanheng, at dei som slit mest med den skulen, òg er dei som har mest problem med tilbakebetalinga. Vi må sjå litt på årsakssamanhengen der.

Vidare er det ikkje tvil om at det òg er ein del signal om at det for ein del kanskje er vel lett å få utbetalt stipend og lån, som blir eit problem seinare. Kanskje ein kunne ha ein noko strammare innfallsvinkel, men ein romslegare innfallsvinkel ut frå behovsprøvinga når den kjem. Dette er det allereie teke initiativ til å drøfte òg med elevorganisasjonane, men vi skal ha utgreiinga før vi gjer for mange konklusjonar.

Dette var nokre av problemstillingane.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar igjen statsråden for svaret. Så langt har statsråden bare svara på spørsmålet ved å snakka om betring i studiefinansieringa for elevane framover. Men som eg nemnde i min fyrste kommentar: Det har kome stadig ny dokumentasjon på at tilbakebetalarar som har lån frå vidaregåande skule, har dei største problema med tilbakebetalinga, og dei har problema no. Det hjelper ikkje dei med endringar i framtida. Har statsråden tankar om tiltak, eventuelt utgreiingar, for å betra på desse tilbakebetalarane sine problem?

Statsråd Jon Lilletun: Ja, det er tydeleg at eg ikkje har vore presis nok i tilbakemeldinga i dei foregåande svara, for i mitt forsøk på svar låg begge meiningane, både å finne andre former for å treffe betre når det gjeld dei som er i skule no, og òg å sjå på dei som er komne i denne situasjonen av dei som fyrst og fremst har fått berre vidaregåande skule, og kanskje ikkje har fullført den, og som slit i dag. Begge dei to forholda er med i denne utgreiinga som vi no er i gang med.