Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 1997

Dato: 17.12.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 46

Jan Johnsen (H):

Fra 1. januar 1998 blir en rekke akoholholdige drikkevarer omklassifisert fra vin til brennevin.

Vil Sosial- og helsedepartementet ta initiativ for å informere skjenkestedene og landets kommuner som skal utøve skjenkekontrollen, om hvilke merker dette gjelder?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Omklassifiseringa av alkoholhaldige drikkar frå vin til brennevin handlar om to grupper produkt, nemleg såkalte alkoholsvake likørar, som f.eks egglikør, og såkalte bitre aperitiffar, som f.eks merket Campari. Desse to produktgruppene inneheld mindre enn 22 volumprosent alkohol. Dei inneheld òg brennevin, men dei er likevel til no blitt definerte som vin etter lova fordi det handlar om såkalt sjølvstendige produkt. Gjeldande definisjon har med andre ord ført til at to grupper brennevin er blitt behandla som vin. Slik blir det ikkje etter denne endringa. Lovendringa kjem bl.a av eit ynske frå serveringsnæringa si side om betre avklaring av grensa mellom vin og brennevin. La meg der visa til Ot.prp.nr.51 (1994-1995) og Ot.prp.nr.7 (1996-1997) , som begge gjeld endringar i alkohollova. I begge proposisjonane er problemstillinga forklart. Eg meiner såleis at det er all grunn til å tru at næringa ikkje er ukjend med kva endringa av definisjonen gjeld.

Endringane i alkohollova vart vedtekne 16. mai i år. I samanheng med ulike lovendringar som gjeld næringsdrivande, er det ikkje vanleg at departementa gjev konkret informasjon til den einskilde næringsdrivande. Det er det også vanskeleg å gjera i praksis. La meg minna om at det til saman er meir enn 10.000 innehavarar av sals- eller skjenkeløyve for alkohol.

Fylgjande informasjon er alt gjeven:

Den 30. mai 1997 sende Sosial- og helsedepartementet eit rundskriv - I-19/97 - til alle landets kommunar om endringane i alkohollova. Her vart endringa av definisjonen i § 1-3 nemnd som eit spesielt punkt. Kommunane vart i rundskrivet bedne om å ta kontakt med innehavarane av sals- og skjenkeløyve og gje informasjon om endringane i lova. I byrjinga av juni månad gav Rusmiddeldirektoratet tilsvarande informasjon til alle innehavarar av løyve til tilverking og engrossal av alkoholhaldig drikk.

I samanheng med at lovendringane no blir sette i verk, vil departementet gå ut med ei særskild kunngjering. Departementet vil òg i januar senda ut eit omfattande rundskriv til kommunar og høyringsinstansar om endringane i lova og om nye forskrifter.

Jan Johnsen (H): Det som er problemet i denne saken, er jo informasjonen overfor dem som skal foreta kontrollen, og overfor dem som skal selge alkoholen. For plutselig er 60 merker som tidligere var vin, blitt brennevin. Jeg synes nok at departementet kan sette opp den listen og sende den rundt til de stedene dette gjelder. Ved at departementet gjør dette, slipper man å sende rundt 83.850 brev. Det er 195 importører som har importlisens, foruten at vi har Arcus og Vincompagniet. Det jeg ber om, er at både kommunene og næringen får en liste over hvilke merker dette gjelder, slik at når kontrollen kommer, er det ingen tvil om hva som gjelder.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg er frå før kjend med representanten Jan Johnsens evne til å finna praktiske løysinger.

No er det slik at det er sendt ut rundskriv, det er sendt ut tilleggsinformasjon, og ein vil bli ytterlegare informert, som eg no har gjort greie for. Men dersom det er slik at ei oversikt over merke ville vera det enklaste, kan det vera vel verdt å sjå nærare på. Så langt har eg fått opplyst at departementet ikkje har kunnskap om dei merka som blir selde på den einskilde skjenkestaden, men det skulle ikkje vera til hinder for å laga ei meir fyllestgjerande liste. Eg vil ta dette forslaget med meg tilbake og sjå kva som kan gjerast.