Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato: 28.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 25

Steinar Bastesen (TF): Jeg har et spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Departementet har bedt Troms fylkeskommune å si opp avtalen med ett av to sikkerhetsopplæringsfartøy med den begrunnelse at opplæring fra stasjonære landanlegg er billigere. Det som ikke tas med, er at ved kurs på land dekkes også reise- og oppholdsutgifter. Fiskerne vurderer båt som det beste alternativet, de mener det er et tilbakeskritt i sikkerhetsopplæringen at et fartøy tas ut av drift.

Vil statsråden se på denne saken og omgjøre departementets beslutning?

Statsråd Jon Lilletun: Det er rett at departementet har bedt Troms fylkeskommune seie opp avtalen med eitt av dei to fartøya til bruk ved tryggleiksopplæring for fiskarar. Samtidig vil opplæringskapasiteten ved landbaserte anlegg verte auka. Dette er ikkje for å redusere staten sine utgifter. Statsbudsjettet for 1998 viser at løyvinga til tryggleiksopplæring for fiskarar har auka frå 1997 til 1998.

I 1996 gjorde MARINTEK i Trondheim ei evaluering av tryggleiksopplæringa for fiskarar for perioden 1989 til 1996. Oppseiinga av eitt fartøy skjer på grunnlag av tilrådingar frå styringsgruppa for denne evalueringa. Styringsgruppa var samansett av representantar frå fiskarane sine organisasjonar. Styringsgruppa har tilrådd at det i framtida vert nytta eitt kursfartøy og fire-fem landbaserte anlegg til å arrangere tryggleikskurs for fiskarar.

Kostnaden pr. kursdeltakar er lågare ved dei landbaserte anlegga samanlikna med fartøy. Dette er fordi dei landbaserte anlegga blir refunderte med ein fast sats pr. deltakar, mens fartøya får dekt dei totale driftsutgiftene ved å arrangere tryggleikskurs for fiskarar. Ei vriding av opplæringskapasiteten frå fartøy til landbaserte anlegg vil derfor føre til ei betre ressursutnytting, slik at fleire fiskarar kan få tilbod om kurs innafor den løyvinga som er gjeven.

For alle fiskarar på grunnleggjande tryggleikskurs er det ei nedre grense for refusjon av reise- og opphaldsutgifter på 1.500 kr pr. deltakar. Dette er likt for alle kursdeltakarar, både på fartøy og på landbaserte anlegg.

På grunnlag av evalueringa og høyringa av denne er det mitt syn at den omlegginga det er gjort framlegg om, samla sett vil gje eit betre tilbod for fiskarane. Derfor vil eg ikkje gjere om avgjerda.

Steinar Bastesen (TF): Jeg takker for svaret, men det er noe som ikke stemmer. Det er ikke billigere å drive opplæring på land. Nå har det rådgivende utvalget nettopp tilrådd at tilskuddet til hver elev på land skal økes fra 5.500 kr til 6.000 kr pluss reiseutgiftene, som utgjør ca 1.700 kr pr. elev ved landsentrene - da er 1.500 kr allerede fratrukket. Da er vi kommet opp i 7.700 kr pr. elev slik det er i dag. « Kongsøy » drev f.eks i 1997 for 7.076 kr pr. elev. Det er 700 kr billigere enn landsentrene. En sjarkeier fra Træna som skal på kurs f.eks på Gravdal, må kaste bort en hel uke. Det vil koste 40.000-50.000 kr. Er det samfunnsmessig lønnsomt å belaste fiskerne med slike utgifter når vi har en god ordning som absolutt vil bli dårligere ved å føre den til land?

Statsråd Jon Lilletun: I utgangspunktet vil eg tru at representanten Bastesen har mykje meir greie på tryggleiksopplæringa for fiskarar enn statsråden har. Men når vi set ned ei gruppe til å evaluere eit tiltak, der fiskarane sine organisasjonar er med, må eg lite på dei tilrådingane dei gjer. Statsråden må nok byggje på den tilrådinga som er komen, sjølv om representanten Bastesen er ueinig i det. Bastesen hadde ein del føresetnader her som eg ikkje på ståande fot kan gå inn i. Eg er nøydd til å ta dette med meg tilbake til departementet og sjå dei påstandane som representanten no kom med, i forhold til prisar og i forhold til opplegg. Det vil eg sjølvsagt gjere, for eg har ikkje noko ynske om å utnytte desse pengane dårleg verken samfunnsmessig eller på annan måte. Men har ein fyrst nokon til å evaluere, må ein òg kunne lite på at dei kan jobben sin når dei kjem frå dei organisasjonane dei skal tene.

Steinar Bastesen (TF): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg kan fortelle ham at det er enda verre enn som så. Det er ikke medtatt nedskriving av de faste installasjonene. Det er heller ikke medtatt annonseutgifter. Det er en rekke fellesutgifter som ikke er medtatt i landanleggenes kalkyler. Så han bør gå nøye inn i den saken. I tillegg er det 1.100 fiskere som ikke har fått sin grunnkursopplæring. Videre er det flere som tok grunnkursopplæringen for over åtte år siden, som trenger repetisjonskurs. Det er ikke kapasitet på land til å ta unna alle disse innenfor tidsfristen. Båtene blir lagt til kai på grunn av at skipskontrollen sier at en ikke er sjødyktig. Forsikringen gjelder ikke hvis en ikke har folk om bord i båten som har disse kursene. Så det er opplagt en svekkelse av ordningen, og dette ber jeg statsråden se nærmere på, for jeg kan love ham at jeg ikke er ferdig med denne saken.

Statsråd Jon Lilletun: Eg vil replisere til representanten Bastesen at han tydeleg ikkje har nokon tillit til yrkesbrørne som har utgreidd denne saka. Det er altså representantar frå fiskarane sine organisasjonar som har gjeve tilrådinga som vi har fylgt. Så eg tykkjer på ein måte at departementet har vore førebiletleg her. Ein har utnemnt ei evalueringsgruppe frå dei det gjeld, og så har ein fylgt rådet frå dei. Men påstandane som representanten Bastesen her hadde i forhold til det, skal eg sjølvsagt notere meg. Eg skal gå tilbake til departementet og undersøkje påstandane slik dei vart sette fram i forhold til dei avgjerdene som vi har teke. For det er klart at når representanten Bastesen her seier at han ikkje er ferdig med saka, så torer ikkje statsråden anna enn det han har sagt no.

Presidenten: Presidenten har forståing for den framferda overfor ein trussel.