Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato: 28.01.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 26

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskningsministeren:

Den såkalla omfangsforskrifta skal gjere det mogleg for eldre søkjarar som ikkje er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring, til å ta slik opplæring. Eg er gjort kjent med at det berre er eitt fylke, Oslo, som i inneverande skuleår oppfyller denne forskrifta.

Vil statsråden ta initiativ til å underkjenne fylkeskommunar sine budsjett når omfangsforskrifta ikkje er oppfylt?

Statsråd Jon Lilletun: Eg forstår at representanten Oppebøen Hansen er kjend med dei førebels tala for omfang i skuleåret 1997-98. Dei førebels tala for omfang av vidaregåande opplæring er sende til fylkeskommunane for kontroll og kvalitetssikring. På bakgrunn av dei tilbakemeldingane departementet har motteke, kan det sjå ut til at det endelege landsgjennomsnittet vil auke i forhold til dei førebels tala.

Gjennom m.a løpande evaluering av Reform 94 har tilbodet til dei vaksne i vidaregåande opplæring vorte vurdert. På grunnlag av desse vurderingane har departementet bede fylkeskommunane om å gjennomføre ei rekkje tiltak for å gjere vidaregåande opplæring betre tilrettelagd for vaksne. Døme på dette er: kvotar for vaksne, komprimert opplæring og fleksible tilbod.

Utrekninga som Buer-utvalet gjorde, syner at det er eit stort potensial vaksne søkjarar som ynskjer vidaregåande opplæring, og som ville søkje dersom tilboda var betre tilrettelagde.

Som eit verkemiddel for å få fylkeskommunane til å auke omfanget har departementet òg bede statens utdanningskontor om å rapportere om budsjetta til fylkeskommunane for 1998, og kva omfang av vidaregåande opplæring budsjetta venteleg vil føre til.

Samstundes arbeider departementet no i samband med reforma om etter- og vidareutdanning med ei stortingsmelding. Her vil ulike sider ved opplæringa av vaksne bli drøfta. I denne samanhengen vil det òg verte vurdert om ein klarare må uttrykkje plikta fylkeskommunane har til å gje vaksne eit tilbod.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret. Eg oppfattar det slik at statsråden, som eg, er oppteken av at vaksne søkjarar som ikkje har fått vidaregåande opplæring, skal få det. I alle fall vil han jobbe for at dei skal få det gjennom den stortingsmeldinga som skal kome når det gjeld Buer-utvalet si innstilling. Eg er glad for det. Det er i tråd med det Arbeidarpartiet førte inn av merknader i budsjettet for 1998.

Dersom ein held seg til dagens situasjon, er det sjølvsagt eit lyspunkt at kanskje tala ikkje er så elendige som dei såg ut til å vere. Men dersom ein ser på situasjonen dei siste fire, fem åra, er det slik at fleire og fleire fylke bryt omfangsforskrifta. Det dreier seg faktisk om bortimot ti tusen skuleplassar, slik det såg ut, og det vitnar om liten respekt for forpliktingane ein har.

Mitt spørsmål blir: Vil statsråden nå statuere eit eksempel ved å be Kommunaldepartementet gjere ein legalitetskontroll?

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur representanten Oppebøen Hansen har heilt rett i at statsråden og representanten har same syn på realitetane i denne saka. Eg har som statsråd framleis til vurdering det representanten Oppebøen Hansen spør om når det gjeld legalitetskontroll, men først må eg ha dei reelle tala inn frå fylkeskommunane kvalitetssikra.

Dersom det er slik som fylkeskommunane seier, at det er nok plassar i det omfanget som no ligg til at alle vaksne kan få eit tilbod, så kan det ikkje vere eit stort problem heller for fylkeskommunane om vi lovfestar plikta dei har til å gje tilbod til alle. Då kan ein måte å gå fram på vere å vurdere det i samband med stortingsmeldinga, og eventuelt òg vurdere ein proposisjon i forhold til det for å ha den sikringa allereie frå komande haust. Dette er til vurdering, og det er ikkje konkludert i forhold til det.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret. Slik situasjonen er nå, blir fleire og fleire vidaregåande skular lagde ned, og det er klart at det i hovudsak går ut over dei minst befolka områda - distrikta.

Sjølvsagt kan det vere slik at enkelte fylke har så mange ledige skuleplassar at den einaste utvegen er å legge ned, og at det blir umogleg å oppfylle omfangsforskrifta. Men då er det òg slik at dersom ein skal ha ein dispensasjon frå forskrifta, så krev det òg særskild dokumentasjon.

Eg har registrert at departementet har sendt ut eit rundskriv, Rundskriv F-120-97, der det står:

Alle fylkeskommunane må i løpet av 1998 fylle krava i omfangsforskrifta.

Eg ventar at statsråden gjer framlegg om ei lovendring - som han òg uttala til Aftenposten den 4. januar 1998 - som gir fylka ei klar juridisk forplikting til ikkje å legge ned skuleplassar.