Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 1998

Dato: 04.02.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 4

Unn Aarrestad (Sp): Eg vil få stilla barne- og familieministeren følgjande spørsmål:

Berre 2/3 av fedrane ser det i dag mogleg å ta ut « pappapermisjon » sidan denne er knytt til mora sin rettar.

Vil statsråden føreslå å gi fedre sjølvstendig oppteningsrett til permisjon i samband med fødsel?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Aarrestad viser til at berre 2/3 av fedrane i dag ser det som mogleg å ta ut pappapermisjon sidan denne er knytt til mora sine rettar. Ho spør derfor om eg vil føreslå å gi fedre sjølvstendig oppteningsrett til permisjon i samband med fødsel.

Som representanten er kjend med, har vi i regjeringserklæringa sagt at vi vil legga fram forslag for å betra rettane til fedrane. Regjeringa tek derfor sikte på å fremja forslag om at menn skal få sjølvstendig rett til fødselspengar, og at fedrane skal få rett til fødselspengar basert på sin eigen stillingsbrøk.

Regjeringa har ikkje enno teke stilling til når vi skal fremja eit slikt forslag, men vi har sagt at vi vil gjera det i løpet av denne stortingsperioden. Dette vil vera i samsvar med den førre regjeringa sin plan på dette området.

Eg vil òg gjera merksam på at evalueringa av ordninga med fedrekvote snart er avslutta. Eg håpar at denne evalueringa vil kunne gje oss meir kunnskap om fedrar og fødselspengeuttak som vi kan dra nytte av i utforminga av eit forslag om sjølvstendig oppteningsrett.

Unn Aarrestad (Sp): Eg takkar for svaret.

Bakgrunnen for spørsmålet mitt er at når fødselspengane er knytte til mora sine rettar, vil familiane ofte gå ned i inntekt når faren tek ut permisjon.

Enno er det slik at fedrane sine inntekter er gjennomsnittleg høgare, dessverre, men det har òg samanheng med at kvinnene har jobba mykje på deltid eller vore heimeverande med andre born. Derfor er det så viktig at alle fedrar får sjølvstendige rettar i folketrygda basert på eigen stillingsstorleik og inntekt. Det er utolmod på dette feltet. Har statsråden tankar om når endringa kan verta gjord? Kan ho seia noko meir enn ho sa i det første svaret, at det kjem i denne stortingsperioden?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg er klar over dei problemstillingane representanten reiser i høve til menn sine rettar knytte opp til mødrene sin stillingsbrøk, som eg trur er det viktigaste. Dei får utbetaling ut frå si eiga løn, men etter mødrene sin stillingsbrøk. Problemstillinga er kjend, og som eg sa i mitt førre svar, har Regjeringa i si erklæring sagt at dette vil den gjera noko med i løpet av fireårsperioden. Men representanten veit at vi har andre store område som vil kosta pengar ved neste års budsjett. Ho veit òg at budsjettprosessen i Regjeringa har begynt, men ikkje meir enn så vidt, og eg vil ikkje forskottera noko i denne omgangen om kva tid dette kan bli gjort. Men det vi har lova, er at vi skal gjera det i løpet av denne fireårsperioden. Det er det einaste eg kan seia i høve til tidsaspektet med omsyn til når vi skal fremja forslag om slike rettar.

Unn Aarrestad (Sp): Eg meiner det er svært positivt at òg fedrane kan ta ut ein del av permisjonen når det kjem eit nytt barn i familien. Dei fleste fedrane ønskjer dette, og barnet har òg godt av det. Det er ein glimrande måte å få god kontakt med barnet på å ha omsorgsansvaret for det aleine for ei tid, men då må det òg leggast økonomisk til rette for det. Eg reknar med at det nå vert gjort, og derfor har eg ikkje fleire spørsmål.