Stortinget - Møte onsdag den 4. februar 1998

Dato: 04.02.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 35

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har følgende spørsmål til sosialministeren på vegne av helseministeren:

Førsteamanuensis Harald Ulvestad ved Det odontologiske fakultet i Oslo uttaler til Vårt Land at tannhelsen blant norske barn snart er like dårlig som den var på 1960-tallet. Årsrapportene med statistikk fra den offentlige tannhelsetjenesten tyder ikke på at det har skjedd en forverring av tannhelsen hos barn.

Hvordan bedømmer sosialministeren situasjonen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er vanskeleg å ta stilling til det som kjem fram i artikkelen i Vårt Land, utan at framstillinga er dokumentert på ein meir utfyllande måte.

Kvart år rapporterer den offentlege tannhelsetenesta i fylkeskommunane til Statens helsetilsyn om tannhelsa til 5-, 12- og 18-åringane. Sidan 1985 har det vore ei kraftig betring av tannhelsa i desse aldersgruppene. Denne statistikken viser at i 1985 hadde halvparten av 5-åringane tilnærma feilfrie tenner. I 1996 var talet sju av ti. Over 40 % av 12-åringane har no ikkje hol eller fylling i dei permanente tennene. Ser vi på 18-åringane, har det òg skjedd ei positiv betring der. Ein av ni har så godt som feilfrie tenner. I gjennomsnitt har kvar 18-åring berre seks tenner med fylling.

Det er ingen tal i statistikken frå Helsetilsynet som for landet sett under eitt viser anna enn ei positiv utvikling dei siste åra. Det er likevel kjent at det er variasjonar mellom fylka og store lokale variasjonar som kan endra seg over tid. Innanfor andre sjukdomsgrupper er det heller ikkje unormalt. Ulike undersøkingar viser òg stor betring i tannhelsa, f.eks hjå dei aldersgruppene vi her i salen stort sett høyrer til.

Internasjonalt er det semje om at den gunstige utviklinga av tannhelsa hos folk flest er eit resultat av regelmessig bruk av fluor. Bruk av fluortannkrem kvar dag er ei hovudforklaring på denne betringa. Når så godt som alle brukar fluortannkrem, er det ikkje nødvendig at alle barn brukar fluortablettar for å førebyggja hol i tennene. Helsetilsynet gav derfor ut nye retningsliner i 1996 om bruk av fluor. Desse er i samsvar med dei som er tilrådde av WHO, av internasjonale fagmiljø og av helsestyresmaktene i andre vesteuropeiske land. Helsetilsynet vil òg koma med ny rettleiing i helsefremjande og sjukdomsførebyggjande tannhelsearbeid.

Det er framleis ei gruppe barn og ungdom som har tannhelseproblem, men dette gjev lite utslag på statistikken. Fylkestannlegemøtet 29. og 30. januar i år diskuterte tannhelseutviklinga, og ingen kunne melda negative endringar i spesielt omfang. Tala frå fylka er baserte på ei registrering av tannhelsa som kvar einskild offentleg klinikk i heile Noreg gjer kvar dag.

Samtidig ynskjer helseministeren sjølvsagt å ta dei endringane som måtte vera, på alvor. Forskarar er derfor inviterte til å koma med råd om korleis den offentlege tannhelsetenesta kan setja i verk tiltak for ytterlegare å betra tannhelsa hos dei som har problem, anten dei er barn, unge eller eldre.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret. Det virker jo beroligende at man har innhentet informasjon fra hele landet og fra fylkestannlegene og har statistikk over en rekke år.

Allikevel hevder amanuensis Harald Ulvestad at tannlegene nå i sitt daglige arbeid merker en gradvis forverring av den generelle tannhelsen. Årsaken skal være at stadig flere velger å kutte ut fluortabletter samtidig som det spises mer søtsaker, ifølge Ulvestad. Videre hevdes det fra Det odontologiske fakultet at Helsetilsynet sannsynligvis ikke vil kartlegge stoda før om flere år. Vil statsråden ta et initiativ slik at man på et tidligere tidspunkt kan få fram tall som kan gi et reelt bilde av forholdene når det gjelder tannhelsen?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg reknar med at representanten Hedstrøm allereie har registrert at helseministeren er oppteken av ernæring og av å få fram kva eit betre kosthald har å seia. Eg kjenner meg trygg på at det òg gjeld tannhelsa.

Eg skal ta med oppfordringa frå representanten om å fylgja opp ytterlegare i høve til dei bekymringane som kjem frå tannlegehald. Eg trur ikkje sosialministeren på eigen kjøl skal ta noko initiativ her. Men eg skal bringa dette vidare til helseministeren, og eg reknar med at han fylgjer det opp.