Stortinget - Møte onsdag den 1. april 1998

Dato: 01.04.1998

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 36

Modulf Aukan (KrF): Eg tillèt meg å stilla følgjande spørsmål til sosialministeren:

Etter gjeldande reglar tek det 1.560 veker før ein har opptent full fiskarpensjon. Dette tilsvarar 30 år i aktiv teneste på fiske. Mange starta fiske alt i 15-årsalderen. Dei vil dermed ha opptent full pensjon ved fylte 45 år. Sjølv om ein betaler fram til fylte 60 år, vil pensjonen verta den same.

Kan statsråden tenkje seg å sjå på dette regelverket på nytt?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Pensjonstrygda for fiskarar er ei kollektiv pensjonsordning som blir finansiert av næringa sjølv gjennom medlemspremie, avgift på omsetnad av fisk og utbytte av fond.

Ordninga vart gjennomgått så seint som i 1994. Norges Fiskarlag og Norsk Sjømannsforbund var då einige om at ordninga skulle halda fram som ei pliktig pensjonsordning for fiskarar som står på blad B i fiskarmanntalet. Eg viser til Ot.prp.nr.24 (1992-1993) og Stortinget si handsaming av denne.

I ei pliktig kollektiv pensjonsordning er det vanleg at medlemene betaler premie heilt fram til pensjonsalderen, som i pensjonstrygda for fiskarar er 60 år.

I ei slik kollektiv ordning får den einskilde såleis ikkje utbetaling fullt ut i samsvar med det som er innbetalt, slik som i individuelle private pensjonsforsikringar. I kollektive ordningar er oppteningstida ein utmålingsregel for full pensjon. Plikta til å betala medlemspremie er ei anna sak. Eg viser t.d til den kollektive pensjonstrygda for sjømenn og Statens Pensjonskasse der alle må betala medlemspremie fram til pensjonsalderen. Det same gjeld i folketrygda.

Fiskarane si ordning er såleis ikkje spesiell. Det spesielle er at fiskarane ikkje blir trekte for premien av ein arbeidsgjevar, men må betala den sjølv.

I åra frå 1972 til 1993 var det ikkje noka lovføresegn med heimel til å krevja inn premien. Mange som hadde betalt full oppteningstid, kunne dermed la vera. I praksis vart dermed ordninga frivillig, noko som vart sterkt kritisert av Riksrevisjonen. Eg viser til Dok.nr.1:03 (1993-1994) frå Riksrevisjonen, der det heiter at manglande premiebetaling for fiskarar som har full oppteningstid, har ført til tap for trygda. Riksrevisjonen går ut frå at lovbestemt medlemsavgift heretter vert rett rekna ut og kravd inn.

På denne bakgrunn vart det i 1994 innført ein reaksjonsregel i fiskarpensjonslova. Denne fører til at den som ikkje betaler skyldig medlemspremie, skal strykast frå blad B i fiskarmanntalet.

Med den gjeldande kollektive pensjonstrygda vil eg tru det er vanskeleg å stansa innbetalinga av medlemspremie når oppteningstida er ute, eller halda fram med å auka pensjonen utover dagens oppteningstid på maksimum 30 år.

Eg vil likevel nemna at Norges Fiskarlag no vurderer ordninga nærmare, med sikte på å gå over til ei meir individuell privat løysing. Det vil m.a kunne innebera at ein vurderer opplegg som gir større samsvar mellom inn- og utbetaling i pensjonsordninga. Utgreiinga skal vera ferdig til hausten.

Dette er såleis ei sak vi nok kjem attende til.

Modulf Aukan (KrF): Eg takkar sosialministeren for svaret. Dette er, som det vart sagt, ei ordning som er sjølvfinansierande. Det offentlege har derfor, slik eg har oppfatta det, ingen økonomiske utteljingar av denne ordninga.

Eg vil likevel leggja til at ordninga med fiskarpensjon kan slå noko skeivt ut slik den vert praktisert i dag. Eg tenkjer da både på dei som alt i 45-årsalderen har innbetalt fullt beløp, og som eigentleg ingenting ekstra får om dei held fram med å betale fram til fylte 60 år. Like eins der fiskaren fell frå når han er 59 år - slik eg har forstått ordninga, vil dei etterlatne i eit slikt tilfelle ikkje få noko utbetalt. Dette synest ikkje å vera rimeleg. Eg er derfor glad for at statsråden her signaliserer at arbeid er i gang med tilleggsytingar på privat basis.

Det naturlege spørsmålet vert da: I høve til kva tidshorisont kan ein tenkje seg at saka kan verta behandla?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg vil peika på at representanten Modulf Aukan her viser eksempel som gjer det naturleg å drøfta nærmare dagens ordning. Det er nok både desse forholda som er nemnde, og andre sider ved pensjonstrygda for fiskarar som gjer at Norges Fiskarlag ser nærmare på ordninga slik ho er i dag. Dei skal vera ferdige med utgreiinga si til hausten.

Eg trur eg vil ta stilling til kva tidspunkt det her kan bli ei avklaring, når denne utgreiinga er ferdig. Det eg kan seia, er at dette er ei sak som vi kjem tilbake til.