Stortinget - Møte torsdag den 19. november 1998 kl. 10

Dato: 19.11.1998

Formalia

Presidenten: Representanten Fridtjof Frank Gundersen, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Frå den felles parlamentarikardelegasjonen til EFTA og EØS sitt møte i Luxembourg ligg det føre ein søknad underteikna av delegasjonens leiar, stortingsrepresentant Haakon Blankenborg. Søknaden gjeld permisjon i dagane 23. og 24. november for representantane Carl I. Hagen, Morten Lund, Siri Frost Sterri og Haakon Blankenborg.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  • Denne søknaden blir behandla straks og innvilga.

  • Følgjande vararepresentantar blir kalla inn for å møte i permisjonstida:

    For Oppland fylke: Kjell Ivar Fossnes

    For Oslo: Sissel Dagslet

    For Sør-Trøndelag fylke: Bjørg Bruset og Michael Momyr

  • Michael Momyr blir innvald i Lagtinget for den tida han møter for representanten Siri Frost Sterri.