Stortinget - Møte fredag den 26. oktober 2001 kl. 10

Dato: 26.10.2001

Dokumenter: (Innst. S. nr. 6 (2001-2002), jf. St.prp. nr. 103 (2000-2001))

Sak nr. 4 på tilleggsdagsorden

Innstilling fra samferdselskomiteen om midlertidig statlig forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthavner ved skader på tredjepart som følge av krigs- og terrorhandlinger

Talere

Votering i sak nr. 4 på tilleggsdagsordenen

Petter Løvik (H) (leiar for komiteen og ordførar for saka): Den saka som ligg føre her, er eit direkte resultat av den tragedien som skjedde den 11. september, og det er ein samrøystes samferdselskomite som står bak innstillinga.

Når eg vel å ta ordet heilt kort, er det berre for å gjere alle oppmerksame på – om det likevel skulle vere nokon som ikkje har lese proposisjonen skikkeleg – at dette er ei sak med ganske enorme teoretiske dimensjonar. Om vi ikkje gjer noko, betyr det at norske fly kan bli sette på bakken ganske umiddelbart, og om vi gjer det vedtaket som samferdselskomiteen samrøystes har gått inn for, betyr det at vi teoretisk utset den norske staten for ein risiko på 2 000 milliardar kr, eller – for å seie det på ein litt meir folkeleg måte – tre oljefond.

Likevel er det grunn til understreke at dette er svært hypotetisk, fordi det føreset at alle luftfartøy som er omfatta av dette, havarerer, og at kvar av dei gjer skade for ca. 15 milliardar kr på tredjepart. Men det er likevel enorme beløp, og økonomisk sannsynlegvis ei av dei største sakene som Stortinget nokon gong har behandla.

Det er ikkje frå nokon i komiteen og heller ikkje frå departementet noko ønske om at staten skal stå som forsikringsselskap i slike tilfelle, men på bakgrunn av det som skjedde den 11. september, har det vore umuleg å få til private ordningar. Men både departementet, den gamle og den nye regjeringa og ein samla samferdselskomite er innstilte på at ein så snart som muleg skal kome tilbake til den private marknaden med desse forsikringsordningane. Departementet har sagt klart frå at ein vil følgje utviklinga løpande for å sjå kva som skjer her, slik at dette er ein situasjon som maksimalt kan vare fram til 23. november. Skulle det bli behov for ytterlegare utvidingar, vil saka kome tilbake til Stortinget.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 4 på tilleggsdagsordenen.

(Votering, se side 179)

Votering i sak nr. 4 på tilleggsdagsordenen

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget samtykker i at Samferdselsdepartementet i 2001 kan inngå avtaler om statlig forsikringsansvar for luftfartøy operert av norsklisensierte fly- og helikopterselskaper samt for norskregistrerte SAS-fly. Forsikringsansvaret omfatter kun skader på tredjepart, eksklusive selskapets passasjerer og ansatte, som følge av krig og terrorhandlinger. Slike avtaler kan også inngås med norske lufthavner som ikke er dekket av statens selvassuranse. Avtalene skal inngås på følgende vilkår:

  • 1. Tilsagn om statlig forsikringsansvar kan gis på inntil 1 750 mill. USD per skadetilfelle. Forsikringsansvaret overfor det enkelte selskap skal, med unntak for lufthavner, begrenses til å erstatte, på samme vilkår, bortfall av tidligere krigsansvarsforsikring.

  • 2. Selskap som inngår avtale om statlig forsikringsansvar skal betale premie.

  • 3. Det statlige forsikringsansvaret skal gjelde inntil 30 dager, regnet fra og med 25. september 2001.

Samferdselsdepartementet gis fullmakt til å forlenge forsikringsansvaret ytterligere inntil 30 dager.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Vi går så tilbake til dagsorden nr. 6.