Stortinget - Møte torsdag den 28. februar 2002 kl. 10

Dato: 28.02.2002

Sak nr. 6

Interpellasjon fra representanten Åsa Elvik til fiskeriministeren:
"Stortinget har bestemt at berekraft, arbeidsplassar, lønnsemd og busetjing er måla for fiskeripolitikken. Utan at konsekvensane for desse måla har blitt utgreidde, har det no komme forslag om stenging av torskeallmenningen og om eit lausare regelverk i forhold til leveringsforpliktingane for trålarane. Samtidig har havfiskeflåten auka sin andel av ressursane på kostnad av kystflåten. Stortingsvedtak om at allmenningen skal vere open, og om at kvotar ikkje skal kunne omsetjast, blir heller ikkje følgde opp: Kvotar blir omsette og retten til å fiske har blitt ein rett for dei få. Årsaka er at Stortinget, som bestemmer måla for fiskeripolitikken, er fråteke verkemidla til å nå desse måla. Stortinget er i fiskeripolitikken redusert til ein høyringsinstans som skal bidra med retorikk og fine ord.
Kva tiltak vil statsråden iverksetje for å nå alle dei fire måla i fiskeripolitikken?"

Talere

Åsa Elvik (SV): Av og til ønskjer du intenst at du ikkje fekk rett. Slik har eg hatt det i forhold til ressurssituasjonen for torsken i Barentshavet. Eg er ingen ekspert, eg er ikkje i stand til å rekne ut om der er nok fisk eller ikkje, men eg har forstått at dette har noko med fiskedødelegheit, rekruttering, uttak av småfisk og noko slikt å gjere. Eg har forstått dette så godt at eg er i stand til å lytte til det forskarane seier, og leggje deira tilrådingar til grunn for kor stor eg som ansvarleg politikar meiner at kvoten skal vere.

Derfor hadde eg i haust ei lita aning om at torskekvoteforliket mellom Noreg og Russland var for høgt, og at dette ikkje ville føre til positiv gjenoppbygging av torskestammen. Då havovervakinga i Tromsø førre torsdag gjekk ut og sa at dei finn lite eitt-, to- og treåringar, fekk forskarane stadfesta sine spådommar. Der er lite torskeyngel i Barentshavet.

Nordlys meldte den 15. desember at havet er fullt av fisk. Kjell Nedreaas frå Havforskningsinstituttet var ikkje overraska, og han seier:

«Vi regner med at det vil komme en god del torsk oppunder kysten til vinteren. Det er for det meste skrei som er seks og sju år – det vil si at de tilhører årsklassene som ble født i 1995 og 1996. Det er ganske ung fisk som bør få anledning til å komme tilbake seinere for å gyte og dermed føre bestanden videre.»

Vidare seier han:

«Årsklassene fra og med 1995 og til og med 1998 er brukbare og kan danne grunnlag for godt fiske, men det er samtidig disse årsklassene som skal bringe torskebestanden videre. De siste tre årene har vi hatt dårlig gyting i Lofoten. 99-årsklassen er bare 20 prosent av en normal årsklasse, 2000-årsklassen er på 60 prosent og i år var vi nede i 20 prosent igjen.»

Kva gjer vi med dette? SV har lenge peikt på manglande openheit i dei norsk-russiske fiskeriforhandlingane. Eg stilte spørsmål i spørjetimen i haust om det ikkje var ein idé å gjere den norske forhandlingsposisjonen offentleg kjend. Nei, var svaret, og heller ikkje gamle posisjonar var det aktuelt å gjere kjende.

Til Nordlys den 6. november sa departementsråd Jørn Krog:

«Dokumenter som ikke røper forhold som angår dagens forhandlinger, må kunne gjøres offentlig tilgjengelig.»

Då lurar eg på: Har departementet vurdert dette sidan i haust?

Forskingsleiaren ved Fridtjof Nansens Institutt sa til Dagbladet den 15. november i fjor:

«Mangelen på åpenhet i norsk fiskeriforvaltning er i strid med internasjonale regler Norge har sluttet seg til.»

Då lurar eg på, og eg ber statsråen tenkje spesielt over dette: Finst det nokon måte Stortinget kan trekkjast inn på i forhold til kvoteforhandlingane? Kunne det f.eks. vere interessant å spørje Stortinget om råd, eit politisk råd sjølvsagt, på førehand? Og kunne det vere interessant å bringe forhandlingsposisjonar og den delen av protokollen som er unnteken offentlegheit, inn for dei organa som Stortinget faktisk har til å behandle slike sensitive opplysningar?

Om det oppstår misforhold mellom viljen til Stortinget og viljen til statsråden, kan det lett utvikle seg til eit problem. Eg meiner vi har eit problem. Når Stortinget vil noko og den utøvande makta, representert ved statsråden, vil noko anna, då har ein to val: Anten må statsråden forandre praksis i tråd med ønska til Stortinget, eller så må han kome til Stortinget og be om at Stortinget forandrar politikk, slik at det blir samsvar mellom Stortingets vedtekne politikk og statsråden sin praksis. Eg lurar på kva statsråden tenkjer i forhold til dette.

Noko av det første statsråden gjorde etter å ha sett seg i statsrådsstolen og etter å ha stengt fiskefusktelefonen, var å kome med ei utsegn om at han kom til å følgje råda frå Norges Fiskarlag i kvotefordelinga mellom dei ulike flåtegruppene til punkt og prikke. Eg aktar ikkje å flytte ein spord, var orda statsråden brukte.

Fleire i denne salen har uttrykt skepsis over den tette koplinga mellom statsforvaltinga og Norges Fiskarlag i fiskeripolitikken. Det er ikkje fordi vi ikkje likar Norges Fiskarlag, eller fordi vi ikkje likar statsforvaltinga eller meiner at Norges Fiskarlag fører ein håplaus politikk. Det er vel med Fiskarlaget som det er med andre organisasjonar. Der har ein nokre venner, og der har ein nokre uvenner, noko er fornuftig og noko er ufornuftig. Men problemet med denne koplinga er sjølvsagt at den som sjølv har økonomiske interesser i korleis ein ressurs blir forvalta, bør ikkje sjølv ha handa på rattet i forvaltninga. Den som tener meir på å selje to kyr enn ei ku, bør ikkje bestemme kor mange kyr som skal seljast, om det berre er to kyr igjen å selje.

Men det er klart at den som har levebrødet sitt i ei verksemd, skal kunne påverke forvaltninga av verksemda. Det er sjølvsagt ikkje SV imot. Men det resonnementet må ein følgje heilt ut. For det er ikkje berre næringsutøvarane som har interesse av næringa, det er heile samfunn. Og interessene til næringsutøvaren og samfunnet kan gjerne vere motstridande, for når båteigaren sel kvoten si, tener han på det, men bygda taper.

Eg skal, som eg er brennsikker på at også statsråden kjem til å gjere, fokusere på lønnsemd og problem med rekruttering til fiskerinæringa. Lønnsemd er eitt av fire mål for fiskeripolitikken. Det er, som dei andre måla, eit viktig mål. Lønnsemd handlar om lønnsemd for næringsutøvaren og lønnsemd for samfunnet. Dette er sjølvsagt så lenge ein ikkje meiner at næringslivet berre er til for å skaffe privat profitt, men også for å halde eit samfunn oppe. Gode materialistar som vi er, skulle vel Høgre og SV vere einige om akkurat det. Men mine tidlegare diskusjonar med fiskeriministeren har vist at vi ikkje akkurat er einige.

Den siste lønnsemdundersøkinga til Budsjettnemnda for fiskenæringen frå 2000 viste interessante, men ikkje overraskande tal. Det fortel oss vanlege dødelege, som ikkje forstår oss på bedriftsøkonomi, at di mindre båten er, di meir får mannskapet i lønn, di mindre får banken i lønn. Det fortel oss også at dei største båtane har meir i gjeld enn dei har i brutto fangstinntekt. Det er faktisk meir lønnsamt å investere 500 000 kr for å tene 600 000 kr enn det er å investere 10 mill. kr for å tene 11 mill. kr.

Her kjem det litt vaksenopplæring: 50 pst. av torsken er kjønnsmoden når han er sju år. Seks år gammal torsk er 2,5 kilo. Det er to tal å hugse og forstå, det skulle ikkje vere så veldig stor utfordring. Vi ønskjer at torsken skal gyte før vi fangar han. Det er logisk. Den enklaste måten å utrydde ein stamme på er å ta livet av dei før dei rekk å reprodusere seg. Ønskjer vi ikkje å utrydde stammen, så får vi vente med å ta livet av dei vaksne til dei har reprodusert seg. Fiskeridirektoratet og Handelshøgskolen har funne ut at di større fisken er, di meir får du for han. Åtteåringane var visstnok veldig lønnsame. Frå fire til åtte år blir vekta på torsken femdobla. Å vente fire år med å ta livet av torsken lønner seg altså stort.

Her ligg kjernen til problemet med ressurssituasjonen i Barentshavet. Vi tar livet av fisken før han rekk å gyte. 80 pst. av trålfisken er under 2,5 kilo. 80 pst. av fisken er fanga med trålreiskapar. Men 70 pst. av fisken som kystflåten tok ut i 2000, var over 2,5 kilo.

SV er ikkje noko trålfiendtleg parti, sjølv om det kjem til å bli hevda i debatten i dag. Vi er tydelege på at kystflåten skal prioriterast i fordelinga av ressursane, men vi er like tydelege på at eit visst omfang av trålflåten må ein ha så lenge ein ønskjer ein industri på land, og det ønskjer vi. Men det er også alt. Trålflåten har si grunngiving i å vere eit supplement til kystflåten.

Nordlys skreiv 17. desember at fiskebåtreiarane på Island ønskjer å utsetje fisket i to år. Dei har funne ut at det er mykje meir lønnsamt å beskatte seksåringar enn fireåringar, som er vanleg hos dei. Fisken er større, og dei får betre betalt. Kva gjer vi i Noreg? Nordlys skreiv den 11. februar at ei filetbedrift i Vardø berre kan skjere filet av fisk mellom 0,5 og 2,7 kilo. Dagleg leiar ved bedrifta seier at bedrifta har tilpassa seg marknaden, og at det burde også fiskarane gjere. Er det ikkje noko som er frykteleg gale og frykteleg lite lønnsamt då?

Folketalet i distrikta går ned. Dette skjer parallelt med at primærnæringane mistar innverknad på sysselsetjinga, og det blir stadig færre som finn levebrød i fiskaryrket. I 2001 vart det 778 færre fiskarar i Noreg, og for første gong er det no under 20 000 fiskarar i Noreg. 10 000 har forsvunne dei siste 15 åra.

Eg trur ingen av oss skal lure oss sjølve til å tru at vi har hokus pokus-forslag til korleis ein kan betre rekrutteringa til fiskerinæringa. Men eg meiner at statsråden leitar etter kaninen i feil hatt når han utelukkande er opptatt av ei snever forståing av lønnsemd som rekrutteringstiltak til fiskaryrket. Sjølvsagt spør ungdom etter komfort og kroner i banken når dei vel seg yrke. Men om det no ikkje var så gale å vere kystfiskar med ein relativt liten båt, med lita gjeld og stor lott, korfor er det då nødvendig å leggje ned forbod mot nyrekruttering til yrket?

«Ungdom må kjøpe seg fiskerettigheter», stod det på forsida av Bladet Vesterålen 25. januar i år. Er det noko som bidrar til rekruttering til fiskaryrket?

Eg er den første til å innrømme at påstandane i interpellasjonen min er kraftige. Eg veit ikkje eingong om det er brukande parlamentarisk språkbruk. Statsråden og stortingsfleirtalet er neppe einige i påstandane. Sjølvsagt. For hadde fleirtalet vore einig, så hadde ikkje situasjonen vore slik den er i dag.

Eg skal grunngi påstandane. Årsaka til at Stortinget er makteslaus i fiskeripolitikken, er at utforminga av fiskeripolitikken skjer gjennom administrative vedtak i Fiskeridepartementet på ei rekkje område. Nokre eksempel: Stortinget spelar inga rolle i forhold til kvoteforhandlingane med andre land. Stortinget har bestemt at allmenningen skal vere open. Departementet innfører stenging av ulike fiskeri og stadig fleire avgrensingar av tilgjenge. Eit tredje eksempel: Stortinget har ingenting å seie i forhold til fordelinga av kvotane. Desse blir fastsette av statsråden, sjølv om han sjølv seier at dei er blåkopi av vedtak Norges Fiskarlag har gjort. Stortinget har sagt at ein ikkje vil ha omsettelege kvotar. Det skjer. Stortingsfleirtalet ønskjer at føre var-prinsippet og prinsippet om maksimalt langtidsutbytte skal følgjast ved fastsetjing av kvotar. Uttaket av norsk-arktisk torsk kan neppe seiast å vere berekraftig.

Denne interpellasjonen er sjølvsagt reist fordi SV er uroleg over utviklinga i fiskeria, og fordi SV er usamd i dei forslaga som statsråden har komme med. Eg ser fram til at statsråden no skal gjere greie for korleis han meiner at ein skal nå måla i fiskeripolitikken. Ut frå dei resonnementa eg har ført, skulle det ikkje overraske nokon at om eg og statsråden fekk bytte plass, ville våre omgåande og mest sentrale grep i fiskeripolitikken vere tre ting. Det ville vere ein større kvotedel til kystflåten. Det ville vere strengare handheving av leveringspliktene for trålarane, og det ville vere meir openheit i fiskeriforvaltninga generelt og i kvoteforhandlingane spesielt.

Statsråd Svein Ludvigsen: Min ambisjon er at lønnsomheten skal bedres i alle ledd av fiskerinæringen, og at rekrutteringen til næringen skal sikres ved at ungdommen søker til fiskebåten, industrien og øvrige aktører i Norges nest største eksportnæring. Min ambisjon er å legge forholdene til rette slik at verdiskapingspotensialet som er anslått til å være 150–250 milliarder kr i et 20–30-årsperspektiv kan realiseres. Sannsynligvis er det bare fantasien som setter begrensninger for potensialet, men politikere, organisasjoner og Norges folk må ta innover seg at rammebetingelsene må innrette seg etter morgendagens muligheter, og ikke gårsdagens.

Etter 1990 har vi hatt tre stortingsmeldinger som har lagt føringer for fiskeripolitikken og dermed reguleringen av fisket.

I St.meld. nr. 32 for 1990-1991, På rett kjøl, var målene for norsk fiskeripolitikk definert slik:

«En forsvarlig ressursforvaltning og et ressursuttak som sikrer livskraftige bestander av de ulike arter, er en nødvendig forutsetning for å maksimere det økonomiske langtidsutbyttet i næringen og dermed også for å sikre sysselsettingen og bosettingen i de fiskeriavhengige delene av landet. Regjeringen mener derfor at målet om vern av ressursgrunnlaget er et spesielt viktig mål.»

I St.meld. nr. 58 for 1991-1992, Om struktur- og reguleringspolitikk overfor fiskeflåten, ble det definert fire sidestilte mål for fiskeripolitikken:

  • hovedtrekkene i bosetningen skal bevares

  • ressursgrunnlaget skal vernes

  • folk skal sikres trygge og gode arbeidsplasser

  • den generelle lønnsevnen i fiskerinæringen skal økes

Videre: I St.meld. nr. 51 for 1997-1998, Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring, som fortsatt er gjeldende, blir forutsetningene og målene for fiskeripolitikken definert slik:

«Fiskeripolitikken skal legge til rette for en lønnsom utvikling av fiskerinæringen. En bærekraftig ressursforvaltning er en forutsetning for å oppnå dette. Gjennom markedsorientering og økt verdiskapning skal næringen bidra til gode arbeidsplasser og bosetting langs kysten.»

I innledningen til perspektivmeldingen er det også vist til at norsk fiskerinæring er sterkt avhengig av sine internasjonale omgivelser. De fleste fiskebestandene våre er vandrende bestander og forvaltes i fellesskap med andre land, noe som krever et tett samarbeid med disse om ressursforvaltningen. Torskebestanden i Barentshavet er forvaltet av Norge og Russland, norsk vårgytende sild forvaltes av Norge, EU, Russland, Island og Færøyene, og makrellbestanden i Nordøst-Atlanteren er forvaltet av Norge, EU og Færøyene i fellesskap, som eksempler.

Videre er Norge forpliktet etter Havrettstraktaten til å forvalte ressursene i havet på en bærekraftig måte. For å kunne ivareta hensynet til en bærekraftig forvaltning av ressursene, samtidig som interessene til fiskerinæringen skal ivaretas, må fisket reguleres. Fiskerimyndighetene regulerer både deltakelsen og utøvelsen av fisket. Deltakerreguleringen er ikke noe særnorsk fenomen.

Når en regulerer deltakelsen i fisket, ønsker man å begrense tilgangen av nye fartøy til flåten. Grunnen til dette er at for hvert nytt fartøy som deltar i fisket, reduseres inntektsmulighetene for de fartøyene som allerede deltar i fisket.

Dersom man har helt åpne fiskerier, risikerer man at det kan bli så mange fartøy at det ved en såkalt rettferdig fordeling mellom fartøyene blir så lite fisk pr. fartøy at ingen i prinsippet gis mulighet til å drive lønnsomt. Dette problemet forsterkes ved at fiskebestandens størrelse varierer fra år til år. I år med god ressurstilgang vil en derfor kunne oppleve at det kommer nye fartøy inn i fisket, eller at mindre fartøy byttes ut med større, noe som der og da kan oppfattes som relativt uproblematisk, men som når bestanden igjen reduseres, vil kunne påvirke samtlige fartøyers lønnsomhet negativt.

En adgangsbegrensning blir derfor innført for å sikre driftsgrunnlaget for dem som allerede er aktive i fisket, og er således i fiskernes egne interesser, noe som igjen gir et grunnlag for lønnsomhet, som etter min mening er den beste garanti for trygging av bosetting i distriktene.

Med hensyn til adgangsbegrensninger i kystflåtens fiske vil jeg understreke at jeg ikke har til hensikt å lukke gruppe II i torskefisket. Det er sendt ut et høringsnotat med forslag om deltakerregulering av fisket etter hyse og sei nord for 62 N for fartøy som fisker med konvensjonelle redskap. Departementet vil også utarbeide forslag til adgangsbegrensning av fisket etter sild sør for 62 N, seinotfisket for fartøy under 13 meter, fisket etter sei sør for 62 N og av kystbrislingfisket. Det tas sikte på at en eventuell adgangsbegrensning av disse fiskeriene vil ha virkning fra 1. januar 2003, men når høringsuttalelsene foreligger, vil jeg selvsagt vurdere disse meget nøye.

Representanten Elvik viser i sitt spørsmål til stortingsvedtak om at allmenningen skal være åpen. Det tror jeg må kunne karakteriseres som en noe unyansert referanse til stortingsvedtak, for å si det slik. En allmenning kan ikke være åpen. En allmenning er et regulert system som er karakterisert av at noen er berettiget til å bruke allmenningen, selv om de ikke eier arealet, mens andre ikke er det. Den bruksberettigede har rett til f.eks. å hogge i skogen eller nytte fjellet til beite, men samtidig plikt til å vedlikeholde skogen og plante trær. Dette blir som regel regulert av et allmenningsstyre. Alle borgere har likevel rett til å ferdes i skogen og plukke bær og sopp, selv om de ikke har rett til å drive skogsdrift.

Vi må derfor skille klart mellom allmenningen og allemannsretten.

Allemannsretten er knyttet til bruk av naturgitte goder, selv om disse godene tilhører noen andre, og har i første rekke blitt omtalt i sammenheng med bruk av naturgitte goder på landjorda. De rettslige synspunkter fra allemannsretten på land kan derfor ikke uten videre overføres til fiske. Havet og fisken i havet ligger utenfor området for vanlig privat eiendomsrett. Fiskeriene representerer den gamle utnyttelsen av havet, og har lenge vært en kapitalkrevende næring, mens utnyttelse av allemannsretten på land ikke har hatt en slik karakter av kapitalinnsats.

Jeg kjenner f.eks. til fartøy på 10–11 meter som har montert autolineanlegg om bord. Disse drifter med 7 000 angler i døgnet. Så selv små fartøy kan være svært effektive. Med dagens teknologinivå og fangsteffektivitet kan vi derfor ikke ha fritt fiske for alle. Da ville det ikke være mulig å forvalte ressursene på en bærekraftig måte. Regulering av deltakelsen er derfor nødvendig, enten vi liker det eller ikke.

Reguleringen av fisket fungerer også som et fordelingsverktøy. Fordelingen mellom kyst- og havfiskeflåten er en sentral del av fiskerireguleringene. I tillegg periodiseres fisket for å legge til rette for en jevnere råstofftilgang for fiskeindustrien.

I 2002 er torskekvotene fordelt med 70,37 pst. til konvensjonelle redskap og 29,63 pst. til trålerne. Representanten Elvik hevder at havfiskeflåten har økt sin andel av ressursene på bekostning av kystflåten. Det er med respekt å melde en beskrivelse som også er noe unyansert, for å si det slik.

I perioden 1977 til 2001 har trålerflåten i 17 av årene hatt en større andel av fangstene enn de har i 2002. Andelen av torskekvotene som er tildelt trålflåten i 2002, er den laveste siden 1993. Trålernes, og dermed havfiskeflåtens, andel av kvotene for torsk har således blitt redusert i forhold til tidligere år.

Når det gjelder spørsmålet om leveringsplikten, vil jeg vise til at den forrige regjeringen opprettet et eierskapsutvalg som skal vurdere deler av deltakerloven og se nærmere på ordningen med leveringsvilkår. Jeg vil se på Eierskapsutvalgets vurderinger og anbefalinger som skal komme 1. juli, før jeg trekker noen endelig konklusjon med hensyn til hva vi skal gjøre med leveringsvilkårene.

Jeg vil imidlertid understreke at leveringsvilkårene er et distriktspolitisk virkemiddel som ikke skal avvikles. Jeg tar sikte på å opprettholde leveringsbetingelser i en eller annen form, men disse må utformes tidsmessig og så klart at de kan håndheves på en effektiv måte.

Adgangsbegrensningen av fiskeriene skal ivareta interessene til de mest aktive fiskerne. Den vil imidlertid ikke være til hinder for at mindre aktive fiskere også kan drive fiske i fremtiden. Ved fordelingen av kvotene vil den lukkede gruppen bli prioritert, mens de mindre aktive fiskerne i den åpne gruppen som en naturlig konsekvens av det, vil få lavere kvoter. Adgangsbegrensningen av fiskeriene er for øvrig i samsvar med de signaler som er gitt fra næringen. Men det er ikke en riktig beskrivelse å si at Norges Fiskarlag har styringen med fiskeripolitikken. Sildereguleringen er et eksempel på det.

Som jeg viste til tidligere, skal fiskeripolitikken legge til rette for en lønnsom utvikling av fiskerinæringen. En bærekraftig ressursforvaltning er en forutsetning for å oppnå dette. Gjennom markedsorientering og økt verdiskaping skal næringen bidra til gode arbeidsplasser og bosetting langs kysten. Dette er helt sentralt. Så om representanten Elvik og jeg ikke er enige om virkemidlene, bør vi i hvert fall kunne være enige om målet.

For å nå disse målene vil jeg legge til rette for en lønnsom utvikling av fiskerinæringen ved å ivareta hensynet til yrkesfiskerne ved å gi dem tilbud om frivillige struktur- og driftsordninger. Adgangsbegrensning er en forutsetning for innføring av frivillige struktur- og driftsordninger. Disse ordningene skal legge til rette for at den enkelte fisker skal ha større valgmuligheter med hensyn til å tilpasse sin egen drift i forhold til egne ønsker, og dermed muliggjøre en forbedring av lønnsomheten. Derfor vil også Fiskeridepartementet i løpet av våren 2002 sende et forslag om såkalte spesielle kvoteordninger ut på høring.

Representanten Elvik trakk i sitt innlegg innledningsvis opp flere problemstillinger som vi har drøftet i spørretimen i høst og i vinter. Jeg registrerer at verken representanten Elvik eller fiskeriministeren har endret standpunkt i de spørsmålene. Derfor skal jeg ikke bruke tid på det, men hele innlegget til representanten Elvik bærer jo preg av at hun sier ja takk, begge deler, slik en annen krabat også gjorde, uten at det var noen suksess det heller.

Åsa Elvik (SV): Eg får takke for svaret, og spesielt for det siste. For heile poenget med historia med Ole Brumm då han blei spurd om han ville ha mjølk eller honning, er at han seier: Ja takk, begge delar. Men det heile spørsmålet, som ingen hugsar å referere, var: Ole Brumm, vil du ha mjølk eller honning til brødet? Ja takk, seier han, begge delar, men det er ikkje så nøye med brødet. Og då seier eg: Ja takk, både ferskfisktrålarar og kystflåte, men fabrikktrålarane kan ein gjerne lage spikar av for min del!

Også vi som trør gangane i dette huset, må halde oss til verkelegheita. Det er verkeleg at eit tiår med båtkvotar ikkje har ført til ein berekraftig ressurssituasjon, sjølv om det var grunngivinga for å innføre det. Det er verkeleg at 10 000 fiskarar har forlate næringa. Det i seg sjølv har eg ikkje noko problem med. At folk finn seg anna arbeid, at folk flyttar på seg, at folk finn ut at det var trivelegare på skulebenken enn det var å fiske på egga, er ikkje eit problem. Det er greitt. Men at folk blir nekta å drive fiske av omsyn til lønnsemd og produktivitet for dei andre, er ei heilt anna problemstilling, og det alt anna enn fridom.

Det er verkeleg at det har skjedd endringar i dei økonomiske og teknologiske rammevilkåra for fiskeflåten. I løpet av 1990-talet har det skjedd store endringar i flåtestrukturen i retning av færre og større einingar. Det har skjedd av to grunnar: Mange mindre fartøy har gått ut av fisket, samtidig som ein har hatt store investeringar i den havgåande flåten og i store kystfartøy.

Det er mogleg at den største forskjellen mellom SV og Høgre, mellom statsråden og meg, i denne saka er at SV meiner at politikk er til for å styre utviklinga, og at Høgre meiner at politikk er til for å la marknadskreftene få styre mest mogleg. Det er mogleg. Den diskusjonen kan vi gjerne fortsetje ein annan stad. Vi er samde om måla for fiskeripolitikken. Juristane mine og juristane til statsråden får gjerne krangle om kva som er realiteten i Stortingets vedtak. Men Stortinget har sett fast mål for fiskeripolitikken, og det er statsråden si plikt å forvalte næringa i tråd med desse måla. Difor vil eg gjerne gjenta mine utfordringar frå hovudinnlegget.

Først i forhold til innsyn: Er det aktuelt for departementet å vurdere reformer som i større grad kan trekkje Stortinget med når det gjeld kvoteforhandlingar med Russland? Det er først og fremst Russland som er viktig. Så vil eg gjerne minne statsråden på ei utsegn han gav til bladet Vesterålen førre fredag. Han refererte til den treårige kvoteavtalen mellom Noreg og Russland på 395 000 tonn kvart år over tre år. Så seier han:

«Jeg vil være med på å videreføre ordningen også neste år, men jeg innser at vi trolig ligger for høyt i uttak nå. Vi må trolig redusere det når denne tre-årsperioden er over.»

Då lurar eg på: Er statsråden korrekt sitert i bladet Vesterålen på at han innser at kvoteuttaket er for høgt? Og vidare: Dersom kvoteuttaket er for høgt no, korfor skal vi fortsetje slik til neste år når vi veit at det vil bidra til ein mindre gytebestand?

Statsråd Svein Ludvigsen: Jeg skal forsøke ikke å bruke hele taletiden min, slik at flest mulig får delta i en særdeles viktig debatt.

La meg først slå fast at dette med prioritering er vanskelig, men det blir ikke bedre om vi skyver avgjørelsen om prioriteringer foran oss. Jeg registrerer at representanten Elvik nå sier ja til trålere, ja til kystflåte, ja til at alle skal få samme adgang til å fiske. Det skal være minst mulig begrensninger, samtidig som man vil kutte kvoten. Det regnestykket går ikke opp, og hvis vi fordeler ressursen så tynt utover at vi ikke får lønnsomhet som gjør at vi sikrer rekrutteringen, ja så er det den sikreste måten å avfolke kysten på. Det er fiskerinæringen som er, og i enda større grad vil være, med på å bære kysten og kongeriket i tiden fremover. Potensialet er enormt, men da må vi være villig til å foreta prioriteringer. Da må vi være villig til å forme en politikk som er basert på den fremtidige utfordringen, enten det gjelder ressurs, produksjon eller eksport og markedsadgang. Så dette med prioriteringer er ikke enkelt, men jeg er villig til å gjøre det når jeg også er satt til å gjøre det.

Når det gjelder kvotefastsettelsen, er det riktig at vi for fjoråret og i år sammen med russerne har fastsatt en årlig torskekvote på 395 000 tonn til fordeling. Da må vi minne hverandre om at dette er forhandlinger som foregår mellom to land om forvaltning av en felles bestand. Dette fastsetter vi ikke selvstendig.

Når jeg har gitt uttrykk for at utviklingen viser at 395 000 tonn er i det øvre sjikt av det vi bør tillate, er det samtidig like klart at vi hvert år vurderer bestandsituasjonen og kvotefastsettelsen. Det var lagt et treårig løp, men vi er frie til sammen med russerne å fastsette et annet kvoteuttak. Og jeg minner om at vi i årets forhandlinger nedsatte en ekspertgruppe som skal jobbe fram et beslutningsgrunnlag. Den ekspertgruppen er i arbeid.

Så er det slik, som også representanten Elvik var inne på, at forskerne har funnet lite yngel i Barentshavet. Det skal pågå ytterligere forskning som skal danne grunnlag for de fremtidige kvotefastsettelsene i de norsk-russiske torskeforhandlingene. Det er et rammevilkår for næringen som ikke vil gjøre det enklere hvis vi skulle følge representanten Elviks anbefalinger om at alle skal få lov til å delta på likt grunnlag. Det vil bety at inntektsgrunnlaget blir mindre. Det vil bety en flukt fra fiskeryrket. Og det er ikke næringen tjent med. Det er ikke distriktene tjent med. Derfor føler jeg meg helt trygg på at den politikken som flertallet i Stortinget og jeg selv står for, er det som er bærekraftig i tiden fremover.

Bendiks H. Arnesen (A): Interpellanten tar opp et viktig og omfattende tema. Det er vel en kjensgjerning at det ikke er alt i dagens fiskeripolitikk som henger helt sammen, og at mangel på helhet kan slå uheldig ut både for næringen og for bosettingen.

Det er vel sånn at dersom grunnlaget for en av de fire hovedpilarene i norsk fiskeripolitikk faller ut, kan fiskerinæringen settes faretruende tilbake. Fiskeriene er grunnlaget for at vi har en bosetting langs kysten vår. Og selv om vi har tilleggsnæringer og har fått nye, og det som noen vil kalle mer moderne næringer, så vil bosettingen i hovedsak også i fremtiden måtte være tuftet på primærnæringene og den verdiskaping disse næringene gir.

Vi må heller ikke miste av synet at de norske fiskeressursene er fellesskapets eiendom, og de må derfor forvaltes og utnyttes av fellesskapet til beste for næringsutvikling og bosetting. For Arbeiderpartiet er det et overordnet mål å forvalte fiskeressursene med sikte på langsiktig og bærekraftig avkastning. Derfor må kapasiteten i fiskeflåten stå i forhold til det som på lang sikt kan høstes av de ville fiskebestandene. Vi står overfor store utfordringer når det gjelder å tilpasse fangstkapasiteten til en bærekraftig ressursforvaltning, slik statsråden var inne på.

Vi må også være villige til å beskatte sjøpattedyrene sterkere enn det vi nå gjør hvis vi skal berge ressursene. Det er viktig at vi også i framtiden kan ha en differensiert fiskeflåte, hvor det er plass til både heltidsfiskere og til dem som har fiskeri i kombinasjon med en annen næring for å skape seg et levebrød.

Kystflåten må på en måte være livsnerven i norsk fiskerinæring. Men jeg vil ikke unnlate å minne om den betydning som også den havgående flåten har for sysselsettingen i næringen og for distriktene. Dette betinger imidlertid, som interpellanten var inne på, at fangstene blir levert til anleggene langs kysten, og at det dermed kan drives stor grad av foredling og skapes sysselsetting i Kyst-Norge. I dag er det faretruende signaler fra livskraftige samfunn langs kysten om at fiskeribedrifter sliter med å overleve. Her må noe gjøres, og her trengs det politisk enighet. I fiskerinæringen er det nødvendig med sterk grad av regulering og kontroll for å sikre bærekraft, distriktsarbeidsplasser, lønnsomhet og bosetting langs kysten.

Silja Ekeland (H): Jeg er litt forundret, og kanskje også litt forvirret, for hva er det egentlig representanten Elvik ønsker å oppnå med denne interpellasjonen? At de ressursene som vi er så opptatt av å forvalte på en bærekraftig måte, skal kunne utsettes for et enormt overfiske ved at allmenningen skal være åpen? Tenk om vi heller kunne bruke tiden på å diskutere de reelle problemstillingene som fiskerinæringen i dag står overfor. Fire måneder før den eksisterende lakseavtalen med EU går ut, er tallenes tale klare: I år 2000 produserte vi hele 419 000 tonn laks. I 2001 ble tallet redusert med 1,4 pst. Samtidig kan våre konkurrenter vise til en formidabel produksjonsvekst. Næringen har problemer med å få tilgang til sitt viktigste marked, og så bruker vi fiskeriministerens tid på en interpellasjon om et ønske som kan føre til ytterligere overfiske.

Jeg vil for øvrig berømme fiskeriministeren for hans innlegg. Statsråden gjør det klart at han er svært opptatt av at fiskeripolitikken ikke skal føre til rovdrift på ressursene i havet, noe som en allmenning i den retningen representanten Elvik ønsker, ville gjøre.

Lodve Solholm (FrP): Når interpellanten seier at havfiskeflåten aukar sin del av fangsten på ressursane, og at dette går ut over kystflåten, er det direkte feil. Den som opplevde og høyrde på opprøret i Norges Fiskarlag i haust då ein fekk forhandlingsresultatet, skjøna at ein var berre ei hårsbreidd frå at organisasjonen sprakk. Det var misnøya i havflåten som var årsaka til den kampen som var.

Statsråden har tilbakevist gjennom sine tal at fordelinga har vore 70–30 dei siste åra, dersom vi rundar av til nærmaste heile 10. Så det har ikkje skjedd noka endring der. Det som har skjedd, og spesielt med ringnotfartøya, er at vi har hatt ei kapasitetsnedbygging som har gjort at ringnotflåten har blitt lønsam. Men så har ein hatt heilt håplause reguleringsordningar, der ein snakkar om båtar over og under 28 m. Det var Senterpartiets statsråd som var så flink med desse metrane. Det har ført til at vi har fått ei kapasitetsoppbygging under 28 m som er så enorm at eg trur faktisk ikkje vi er klare over det. Båtane har blitt bygde i breidda og i høgda, og har fått ein lastekapasitet som er langt, langt over det som var før. Det som no skjer, er at vi skal gå ned til 21,35 m for å få til einskapskvoteordningar, for på den måten å redusere kapasiteten. Dersom vi hadde gjort det rette, hadde vi gått heilt ned til 15 m. Problemet i norsk fiskerinæring i dag er at vi har altfor stor fangstkapasitet i forhold til den fangsten vi kan ta ut av den ressursmengda som er i havet. Då må alle vere med på å ta eit tak og redusere, først då kan vi få ei berekraftig hausting, først då kan vi få lønsemd i næringa som gjer at det kanskje blir interessant for andre å gå inn, slik at vi får rekruttering.

SV seier no at dei ikkje er trålarfiendtlege. Eg kan ikkje ta det på alvor. Det hjelper ikkje – for meg i alle fall – kor mange gonger SV seier at dei ikkje er trålarfiendtlege. Det blir ikkje meir sant for det. Eg hugsar representanten Marie Lovise Widnes sin kamp mot trålarflåten i perioden 1989-93. Vi fekk òg svar frå representanten Elvik no om at ho ønskjer at trålarane skal bli til spikar.

Så vil eg berre seie – eg høyrde innlegga til statsråden og representanten Arnesen – at det er viktig at vi tek ei skikkeleg hausting når det gjeld sjøpattedyra.

Det er elles eit spørsmål om ikkje Det norske storting må manne seg opp og seie at vi er nøydde til å ofre landbruket på fiskeriet sitt alter når det gjeld forhandlingar med EU om EØS-avtalen i framtida.

Kjell Engebretsen hadde her overtatt presidentplassen.

Lena Jensen (SV): Havforskerne sier at tre hele årsklasser av torsk er borte fra Barentshavet. Når de store årskullene av seks- og sjuåringer vi fisker nå, er blitt borte, er det mye som tyder på at vi står overfor kraftige kvotekutt i Barentshavet når det gjelder torsk.

På NRK Nordland i dag sier en av nestorene innenfor norsk havforskning, Odd Nakken, at norske myndigheter har skylden for at tre årsklasser med torskeyngel omtrent er borte fra Barentshavet.

Nakken viser til at fiskepresset i Barentshavet over tid har vært altfor høyt. Dette stiller oss overfor store utfordringer.

I samme periode som vi har fisket ned bestanden, har vi også investert i større fartøy, med høyere gjeldsgrad enn det som har vært før. Den høye gjeldsbyrden og krav til kapitalavkastning skaper et enormt fiskepress. Folk har ikke fleksibilitet til å takle et dårlig år eller to for å bygge opp fiskebestanden, uten at banken tar både båten, kvoten og huset. Det kommer av en forfeilet fiskeripolitikk, ledet av Arbeiderpartiet og Høyre, som har fratatt kystbefolkningen retten til ressursene i havet og overført dem til noen få som har fått monopol på å fiske langs kysten vår. Denne privatiseringen av allmenningen har vært med på å holde oppe et uansvarlig høyt fiskepress.

Ingen har tort å ikke fiske for fullt hvert eneste år, av redsel for å miste retten senere. Dette fiskepresset er ikke bare alvorlig for bestanden, men utsetter også fiskerne med de minste båtene for stor utrygghet. Når de egentlig skulle ha ligget på land, er de nødt til å gå ut på sjøen. Den eneste måten å løse disse problemene på, er å ta tak i det helt grunnleggende.

Fra SVs side mener vi at eiendomsretten til fiske langs kysten skal ligge i lokalsamfunnet og disponeres av lokalbefolkningen i et regionalt samarbeid. Ikke at det skal være fritt fram for å fiske så mye en vil, som fiskeriministeren påstår at SV ønsker, men poenget er at retten til å være med på fisket skal være der for alle av lokalbefolkningen.

I den senere tiden har vi sett at kvoter og fiskeretter er solgt fra nord til sør i landet. Privatisering av fiskerettighetene er med på å endre det geografiske tyngdepunktet for fiskeriene i landet. Dette legger kystsamfunn øde, samtidig som en stadig mindre kvoteandel samler seg store formuer. Disse formuene samles på stadig færre hender i Norge.

Denne opphopingen av ressurskontroll, og dommen i Hålogaland lagmannsrett mot rederlaget Ytterstad, der konsesjonsverdien blir frigjort fra båten, går kun i én retning.

Retten til fiske er i ferd med å bli et verdipapir på linje med enhver aksje. Da er det bare et tidsspørsmål før ESA er på pletten og krever at disse verdipapirene skal omsettes fritt i hele EØS-området.

Vi må ikke sette oss i en situasjon der vi må bruke oljeformuen til å kjøpe tilbake fiskerettighetene for å kunne ha fiskeri langs kysten vår.

Vi står ved en skillevei. Vi kan ta veien mot høyre, mot privatisering av det norske kystsamfunnet, eller vi kan ta veien mot venstre, mot lokal ressurskontroll, et rikere kystsamfunn, der man tar på land stor fisk av høy kvalitet som oppnår gode priser i markedet. Dette valget er vi nødt til å ta nå.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): På lang sikt er det ikkje motsetnad i fiskeripolitikken mellom målet om lønsemd og målet om berekraftig utnytting av ressursane.

Med dagens teknologi ville ein eventuell allemannsrett på havet, i næringssamanheng, raskt kunne føre til at ressursane blir brukte opp. Konsekvensen vil bli det vi kallar allmenningens tragedie, altså at alle tenkjer på si eiga verksemd, og at ingen tek ansvar for å halde nede det totale ressursuttaket.

Dessverre finst det døme på at bestandar har blitt fiska heilt ned, men det er eit viktig mål for norsk fiskeripolitikk at dette ikkje skal skje framover. Og då er regulering nødvendig.

Omsynet til lønsemd i næringa og til ressurstilgang gjer at det heile vegen må vurderast reguleringar på kor mange fartøy som kan sleppe til. For å lage stabile og føreseielege vilkår må vi også tenkje framover. Vi kan ikkje sleppe inn mange det eine året dersom det på lang sikt ikkje er plass til så mange fartøy. Men for ikkje å skape tvil: Fiskarbonden skal framleis bestå gjennom regulering av fiske i gruppe 2, kystflåten. Den havgåande næringa er også viktig, og det bør det ikkje vere tvil om.

Fiskeriministeren har teke omsynet til ressurstilgang og til økonomien på båtane på alvor, og han har derfor teke initiativ til reguleringar som vi kan ta i bruk dersom ressurstilgangen vil gjere det nødvendig.

Kristeleg Folkeparti meiner det er viktig å kombinere omsynet til ein fiskareigd flåte med ein tidsmessig eigarstruktur. Samarbeidsregjeringa vil vurdere innstillinga frå det regjeringsoppnemnde Eigarskapsutvalet ut frå næringa sitt behov for flåtefornying, ekstern kapital og kapasitetstilpassing samt landindustrien sine behov for ein stabil råstoffsituasjon.

For Kristeleg Folkeparti er det viktig å føre vidare råfisklova som eit fundament for fiskeripolitikken. Det kan vere behov for enkelte justeringar. Råfisklova gir høve til ei samvirkeform som gir lønsemd for dei som deltek i salslaga, men ho er også eit godt verkemiddel i ressursforvaltningssamanheng fordi ho hjelper oss med å halde løpande kontroll med kor mykje ressursar som vert teke ut av havet.

Det er viktig med størst mogleg føreseielegheit i kvotefordelinga mellom ulike fartøygrupper.

Til slutt vil eg nemne at auka frihandel med fiskeprodukt er viktig i dei no komande WTO-forhandlingane.

Sidan representanten Lodve Solholm nemner her at han meiner vi skal ofre ein del av landbruket for å få meir tilgang på fisk, så vil eg ikkje tilrå å setje dei to tinga opp mot kvarandre. Vi kan også ta ein lang landbrukspolitisk debatt, men det får vi la liggje no; det gir heller ikkje tida anledning til. Men det må gå an å kunne ha to tankar i hovudet på ein gong.

Marit Arnstad (Sp): Det er viktige spørsmål interpellanten tar opp. Og det er vel kanskje litt enkelt av statsråden å avfeie interpellanten med at hun sier ja takk til begge deler, for det gjør faktisk også fiskeriministeren sjøl. Han gjentar også målene fra Stortinget om at kystflåten skal være ryggraden i fiskerinæringen og langs kysten. De fine ordene om kystflåten bruker vi alle. Spørsmålet er hvilket innhold vi legger i dem.

Jeg har ofte savnet en debatt om de mulighetene som kan ligge i kystfisket og i kystflåten i årene framover, nettopp fordi vi ikke skal skape pessimisme knyttet til en næring som er så viktig for sysselsetting og distriktspolitikk i Norge, men kan bidra både til framtidstro og til rekruttering – og til et sterkt og viktig kystnært fiske.

Det er klart at det er interesser som må balanseres i årene framover. Meldingene som har kommet om at flere årsklasser av fisk kan være utryddet, gir grunn til bekymring. Det er et spørsmål som Stortinget også tidligere i denne sesjonen har vært opptatt av, og som vi har hatt ganske sterke oppfatninger og formeninger om. Jeg synes det er viktig å understreke at den ressurssituasjonen som en kan få i årene framover, ikke vil bli bedre av at det fanges stadig mer småfisk. Det vil ikke bli økte bestander av det. Og en legger ikke grunnlaget for et økt verdiskapingspotensial dersom en tillater stadig flere trålere å fange småfisk som er under det vi anser som bærekraftig.

Vi gjentar at kystflåten har stor betydning når det gjelder sysselsetting, ressursforvaltning, verdiskapning og bosetting langs kysten. Vi bruker disse ordene alle sammen. Spørsmålet er: Hva legger vi i det?

Jeg tror det er mange innenfor denne flåtegruppen som fortsatt husker det som skjedde på slutten av 1980-tallet, og som føler at de ble fratatt en del historiske rettigheter fra det tidspunktet. I 1991 satt denne flåten igjen med over 14 pst. av den norske totalkvoten. I dag har andelen sunket til 7 pst. Det er derfor ikke rart at de er opptatt av spørsmålet om å lukke allmenningen, at de er opptatt av forholdene for gruppe 2, som mange av dem føler seg skjøvet over til, og at de er opptatt av hvilke forventninger og hvilke muligheter fiskeriministeren ser i forhold til det de gjør.

Det er vanskelig å bli klok på hva Regjeringen vil. På den ene siden holder en fast ved målet om at kystflåtefisket er ryggraden, men signaliserer samtidig at det er de store som skal prioriteres, og at vi må ha en strukturendring. Mange leser dette som at det er de minste som må presses ut.

En tar ikke stilling til stadig mer fangst av småfisk og det uheldige bærekraftige og verdiskapingsmessige i det, og en tar heller ikke stilling til den kritikk som er kommet når det gjelder gruppe 2s vilkår i torskefisket, som også Fiskarlaget har erkjent er en skjevhet.

Jeg vil til slutt bare si: Jeg synes det er bra å ha en slik interpellasjonsdebatt. Den har sjølsagt vært altfor kort, og jeg vil oppfordre Regjeringen til å legge fram en egen fiskerimelding, slik at vi får en bredere debatt om strukturen i fiskerinæringen i framtiden – for det er en debatt som er viktig for hele det politiske miljøet.

Inge Ryan (SV): Jeg ønsker å gripe fatt i to temaer. Det ene gjelder ressursforvaltning, og det andre gjelder rekruttering.

En ting som bekymrer meg, er sammensetningen av den norsk-russiske fiskerikommisjonen. Det at vi har en fiskerikommisjon som er sammensatt av næringa sjøl, mener jeg er feil. Jeg mener at vi i langt større grad skulle hatt politisk styring av det kvoteuttaket som vi velger å ha, og ikke at næringa på en måte skal ha begge hendene på rattet når man bestemmer hvor mye fisk man skal ta ut hvert år. Vi vet at mange i næringa sliter med stor gjeld. De har investert stort i fiskeflåten – i store, kostbare trålere – og er avhengige av et visst uttak for at butikken skal gå i hop i løpet av et år. Jeg tror at de kvotene som blir fastsatt, er mer preget av det enn av de anbefalingene som kommer fra forskere og annet faghold. Derfor håper jeg at fiskeriministeren vil vurdere om han – som representanten Elvik var inne på – i større grad kan bringe spørsmålene om hvor stor kvote av denne ressursen vi egentlig bør ta ut hvert år, inn for Stortinget.

Det andre jeg har lyst til å ta opp, gjelder rekruttering. Vi er opptatt av å bevare bosettinga langs kysten. Vi er opptatt av at ungdom langs kysten skal ha arbeid. Når SV slåss for kystflåten og kystfisket, er det nettopp fordi vi ønsker å få mer – flere arbeidsplasser – ut av denne ressursen som vi har langs kysten. Det er et spørsmål om man vil at det skal være kapital eller om man vil at det skal være arbeid som skal være det dominerende i fiskerisaker. Vi syns vi bør legge mer vekt på arbeidskraft – få mer ungdom, mer arbeidskraft, inn i fiskeriene – og mindre vekt på de store, tunge havgående trålerne, som binder opp svært mye kapital, og som er forholdsvis lite arbeidsintensive. Det betyr ikke at vi mener at alle som ønsker å fiske, skal få fiske, men at vi legger til rette for at langt flere skal få mulighet til å melde seg på i kampen om å få være med og ta inn en del av ressursene.

For meg, som kommer fra landsbygda, er det litt uforståelig at vi skal reise langt til havs – når fisken etter hvert kommer inn til land likevel. Det blir nesten som om vi som driver med sauer på landsbygda, skulle reise til fjells og begynne å jakte på sauene med helikopter – når vi vet at de kommer hjem til høsten lell. Vi kan ta hånd om dem da, uten å bruke så mye ressurser på det. Trålernæringa minner meg litt om det. Man reiser ut og henter fisken – og bruker masse ressurser på det – sjøl om fisken etter hvert kommer inn til kysten.

Åsa Elvik (SV): Dette vart jo nesten artig til slutt!

Eg takkar for ein god debatt med både kollegaer og statsråd. Det er ein viktig debatt. Men eg er litt redd for at den vart slik som alle andre debattar. Det vart veldig mange fine ord og litt lite konkret – dessverre.

Eg er samd i – og eg seier meg lei for det dersom eg har ordlagt meg litt klumsete – at det er meiningslaust å krangle om meter når reiskapane er så effektive som dei er i dag. Dei passive reiskapane som kystbefolkninga tradisjonelt har brukt, meiner SV at dei skal få lov til å bruke fritt. Men sjølvsagt er omsynet til berekraft overordna. Har ein ein totalkvote på 50 000 tonn, seier det seg sjølv at då kan ein ikkje take ut det eingong. Og det er ikkje dei minste som har fiska havet tomt for torsk. Det må vi vere klar over.

Å ta retten til å fiske frå fiskarane, er som å ta jorda frå bøndene. Det er ei reell likning. Forskjellen er berre at retten til å fiske tradisjonelt ikkje har vore nokon privat rett, det har vore ein allmenningsrett, som fiskeriministeren var inne på. Det har vore ein rett for kystbefolkninga i fellesskap. Fiskarane har dessverre ikkje noko skøyte å vise til, slik bøndene har hatt på sin eigedom. For fisken og retten til å nytte fisken har ikkje vore privatisert. Men så er det likevel det som har skjedd dei siste ti åra; retten til å fiske har blitt privat eigedom. Dette går i gal retning.

Eg er nøydd til for tredje gong å gjenta oppfordringa mi til statsråden om å reflektere over ei problemstilling. Vurderer departementet nokon tiltak for å trekkje Stortinget i større grad med i forhold til fiskeriforhandlingane? Det kan vere å orientere Stortingets eigna organ om forhandlingsposisjonane som skal gjelde for gjeldande forhandlingar, eller det kan vere å orientere Stortinget om korleis det har gått med tidlegare forhandlingar. Eg lurar på om departementet ser verdien av at Stortinget blir trekt med i dette arbeidet. Er det f.eks. interessant at Stortinget kjem med råd i forhold til kva for forhandlingsposisjon Noreg skal innta?

Eg tenkte eg skulle vere såpass original at eg skulle avslutte med eit sitat frå ein leiarartikkel i Nordlys frå i fjor. Dei har ein leiarskribent som skriv:

«Vegen mot en bedre fiskeriforvaltning går ikke gjennom fiskarlaget alene. Ikke gjennom næringsinteressene og alle dem som er avhengig av å tjene penger, nesten for enhver pris. Den går gjennom en uavhengig fiskeriforvaltning som bygger på forskning og kunnskap, og som er villig til å ta konfrontasjonene med næringen i kampen for livet i havet.»

Ein kan seie at dette er noko uventa, både krast og lyrisk, til å vere henta frå ein leiarartikkel i ei heilt alminneleg A-presseavis. Men det er sant. Dette handlar om kampen for livet i havet, og det handlar om kampen for at livet i havet framleis skal vere grunnlaget for busetjinga langs kysten. I den kampen allierer eg meg gjerne med leiarskribentar i Nordlys, om det er nødvendig, eg allierer meg med miljøorganisasjonar, ordførarar, fraksjonar i Norges Fiskarlag, og eg skal forhåpentlegvis klare å påverke fiskeriministeren til å vere ein alliert i den kampen vidare. Takk for debatten.

Statsråd Svein Ludvigsen: Jeg tror representanten Elvik undervurderer Stortinget og betydningen av slike debatter i utformingen av fremtidig politikk. Som fiskeriminister er jeg opptatt av både å lytte til debatten og å søke omforente løsninger når det tjener næringen. Derfor blir jeg nesten trist, etter å ha gått tolv år i dette huset, over å høre en stortingsrepresentant si om Stortinget at det er redusert til en høringsinstans for bare å bidra med retorikk og fine ord. Slik oppfatter ikke jeg slike debatter som dette.

Det spørres om jeg vil offentliggjøre forhandlingsstrategier i fremtidige forhandlinger med Russland når vi skal fordele ressursene. Til det har jeg svart i denne sal tidligere at det kommer ikke på tale. Ikke noe land som deltar i internasjonale forhandlinger, vil utlevere sine posisjoner i forkant av dem, for det er jo den sikreste måten å bli taper på. Så jeg advarer sterkt mot at vi skal legge oss på den strategien. Det vil bare skade norske interesser og dermed norsk fiskerinæring.

Så er jeg veldig enig med representanten Arnstad som sier at nå må vi passe oss så vi ikke snakker oss inn i en depresjon og en krise som ikke er der. Dette er en av de mest livskraftige næringer, og da blir jeg nesten både overrasket og trist over at representanten Lena Jensen står på Stortingets talerstol og snakker om at nå legges kysten øde. Mitt spørsmål er: Hvor er det denne kysten er lagt øde? Og når det knyttes til havfiskeflåten: Hvor er det havfiskeflåten har lagt kysten øde? Slik ser det ikke ut på den kysten jeg har reist på i mange år.

Havfiskeflåtens betydning er ikke til å undervurdere. Men som jeg har sagt: Det er viktig for oss nå å legge en kvotefordeling mellom havfisket og kystflåten som er stabil og forutsigbar, og vi har så avgjort prioritert kystflåten. Jeg har også prioritert kystflåten og de små fartøyene når jeg i år har opphevet aktivitetskravet som gjør at kystfiskerne ikke lenger trenger å gå ut på havet når det er dårlig vær, de vil allikevel være sikret sine rettigheter. Derfor har jeg også innført samlekvoter som gjør at fiskerne i større grad enn tidligere kan ha hjemmet som base for sitt fiskeri.

Jeg er enig i at sjøpattedyrene må inn i en økosystemforvaltning, for det er klart en trussel at en tredjedel av det hvalbestanden i dag spiser, utgjør 75 pst. av sildekvotene.

Når forsker Nakken kritiserer politikerne, som han sier er skyld i situasjonen i Barentshavet, må jeg nok minne om at litt av det vi sliter med, er basert på at kunnskapen ikke er tilstrekkelig. Og forskerne må nok ta innover seg at de var svært optimistiske – for å si det slik – da de overvurderte torskebestanden på 1990-tallet.

Jeg er enig med Arnesen i at mye ikke henger sammen i norsk fiskeripolitikk, men i så fall må det være mange regjeringer som er skyld i det. Men det er viktig at tingene henger sammen, og det skal de gjøre når jeg bare får litt mer tid på meg. Det er derfor jeg arbeider med de tingene jeg arbeider med.

Presidenten: Dermed er sak nr. 6 ferdigbehandlet.

Eirin Faldet gjeninntok her presidentplassen.