Stortinget - Møte torsdag den 12. desember 2002 kl. 10

Dato: 12.12.2002

Dokumenter: (Innst. S. nr. 41 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 4 (2002-2003))

Sak nr. 5

Innstilling frå kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 89/2002 av 25. juni 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/86/EF av 8. oktober 2001 om utfylling av vedtektene for det europeiske selskapet med omsyn til innverknaden til arbeidstakarane

Talere

Anita Apelthun Sæle (KrF) (ordførar for saka): Eg skal prøva å vera kort.

Direktivet har som formål å regulera arbeidstakarpåverknad i ei ny europeisk selskapsform, ei selskapsform som er lik same kva land selskapet er registrert i.

Det er viktig å understreka at arbeidstakarar i den nye selskapsforma ikkje skal få dårlegare ordningar når det gjeld bedriftsdemokrati, enn det dei hadde frå før.

Noreg og Skandinavia elles har bedriftsdemokratiske rettar som andre land faktisk manglar, og direktivet for det europeiske selskapet gjev svakare arbeidstakarpåverknad enn det ein har i norske aksjeselskap.

Vi som er imot EU, kan godt beklaga den svake arbeidstakarinnverknaden i EU. SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet har skrive inn i denne saka at dei går ut frå at Regjeringa vil arbeida for at norske haldningar til medinnverknad for arbeidarar skal gjennomførast i heile EU. Det kan ein sjølvsagt gjera, men eg antar at det er langt fram.

Det Regjeringa må, skal og vil leggja vekt på, er sjølvsagt at norske arbeidarars innverknad på eigen arbeidsplass vert etter norsk standard der norske selskap måtte ta del i skipinga av det europeiske selskapet.

Noreg er ikkje medlem i EU, og arbeidstakarar er ikkje sikra medpåverknad pr. i dag i eit slikt selskap. Gjennomføringa av direktivet vil difor krevja ei lovendring.

Komiteen meiner at det er naturleg å venta på resultatet som ekspertgruppa som er oppnemnd av kommisjonen, kjem fram til når det gjeld gjennomføringa av direktivet. Dessutan kan vi læra noko av korleis dette vert gjort i andre land.

Komiteen tilrår at Stortinget godkjenner direktivet.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 5.