Ola D. Gløtvold (Sp) [11:47:03]: Jeg vil stille miljøvernministeren følgende
spørsmål:
Antall sau drept av ulv har aldri vært større
enn i 2004. Nærmere halvparten av disse drapene har skjedd utenfor
ulvesona som er vedtatt av stortingsflertallet. 12 land har reservert
seg mot totalfredning av ulv selv om de har ratifisert Bern-konvensjonen.
Vil statsråden ta et slikt initiativ også på
Norges vegne?
Statsråd Knut Arild Hareide
[11:47:28]: Norsk tilslutning til Bern-konvensjonen er
handsama av Stortinget, og konvensjonen blei ratifisert av Noreg
i 1986. Noreg reserverte seg ikkje mot ulv, og konvensjonen opnar for
skademotivert felling.
Ved handsaminga av stortingsmeldinga Rovvilt
i norsk natur viste fleirtalet i Stortinget sin energi- og miljøkomite
til at Noreg etter Bern-konvensjonen har ei plikt til å sikra overlevinga
til alle dei store rovviltartane i norsk natur. Fleirtalet i komiteen
meinte at spørsmålet ikkje er om meskal ha rovvilt i norsk natur, men kvar
me skal forvalta det, og korleis. Eg ser derfor ingen grunn til å
ta noko initiativ til at Noreg skal reservera seg i forhold til
ulv.
I gjeldande rovviltpolitikk legg norske styresmakter opp
til ei differensiert forvalting av ulven av omsyn til sauehaldet
og reindrifta. Denne forvaltinga inneber m.a. at det er etablert
eit eige forvaltingsområde for ynglande ulv. Forskrift om lisensjakt
for ulv, som blei vedteken i desember 2004, og ny forskrift om forvalting
av rovvilt, som nyleg har vore på høring, er også viktige element
i denne forvaltinga.
Til partsmøtet om Bern-konvensjonen hausten
2004 gjorde Sveits framlegg om å nedlista ulv frå vedlegg 2 til vedlegg
3 i konvensjonen. Framlegget inneber å flytta arten frå lista over
dyreartar som er totalfreda, til lista over dyreartar som ikkje
er totalfreda. Etter framlegg frå m.a. EU og Noreg vedtok partsmøtet
at det skal gjennomførast ein vitskapeleg studie av bestandstatus
for ulv i Europa før partsmøtet handsamar det sveitsiske framlegget.
Eg vil avventa det arbeidet som no skal gjennomførast,
før eg tek endeleg stilling til framlegget frå Sveits.
Ola D. Gløtvold (Sp) [11:49:24]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg synes
det var noe passivt og også unnvikende. Vi vet at tolkningen av
Bern-konvensjonen er ulik i denne sal og også blant dem som diskuterer
rovdyrproblematikken i Norge. Det er helt klart at 12 land har reservert
seg når det gjelder totalfredning av ulv, og de mener at dette er
jaktbart vilt. Forslaget fra Sveits nå om å flytte ulven fra vedleggsliste
2 til vedleggsliste 3 ville medført at en fikk en mer fleksibel
forvaltning av ulven.
Når miljøvernministeren sier at en skal vurdere
hvor og hvordan en skal forvalte rovdyrene, må nettopp dette være
viktig, å få en avklaring slik at Bern-konvensjonen kan forvaltes
mer likt i de land som har underskrevet. For oss som har store problemer
med spredt bosetting og en næringsstruktur som gjør at beitebruk
blir meget vanskelig i de områdene hvor disse rovdyrene opptrer,
spesielt ulven, er det viktig å få dette på plass.
Statsråd Knut Arild Hareide [11:50:27]: Eg forstår at representanten Gløtvold meinte
at eg hadde eit unnvikande svar. Det kan eg ikkje seia meg einig
i. Han spør om eg vil ta eit slikt initiativ, og det seier eg nei
til - det vil eg ikkje gjera. Da kan me vera ueinige, og det er me
i denne saka, men eg vil ikkje seia det er eit unnvikande svar når
eg seier at eg ikkje vil ta eit slikt initiativ.
Eg meiner det er viktig å ta vare på ulven.
Det har vi no fått eit breitt fleirtal for i Stortinget. Det er
eg glad for, og det vil eg følgja opp. Eg veit at Senterpartiet
ikkje var med i det fleirtalet, og heller ikkje er med på den politikken
som eg no legg opp til. Det må me akseptera. Men eg er glad for
at eit samla storting tok ansvar for rovviltet vårt, og vil samtidig
visa til at me kan få ein politikk som fører til mindre konfliktar
og mindre tap, og som kan gi tryggleik til folk på bygdene.
Ola D. Gløtvold (Sp) [11:51:31]: Jeg synes at miljøvernministeren var unnvikende
i forhold til hovedproblemet her, nemlig en klarere forvaltningspraksis
når det gjelder uttak av skadedyr og dyr som virker truende. Der synes
jeg miljøvernministeren var unnvikende i sitt svar.
Så til lisensjakten. Det er en sterkt negativ
holdning til lisensjakt i store deler av det området der dette er
satt i gang nå. Jeg vil spørre statsråden: Er det slik at det er
statens ansvar å ta ut skadedyr og rovdyr som ikke er der de skal
være, eller er det slik at med denne lisensjakten overlates dette
nå til lokale jegere? Og hvis man mislykkes i denne lisensjakten,
vil ikke miljøvernministeren da foreta seg noe mer for å ta ut de
dyrene som ikke skal være der? Etter Stortingets vedtak skal ulven
først og fremst være i ulvesonen og ikke i de områdene hvor de har
gjort stort skadeverk dette siste året. Lisensjakt er ikke det som
skal til hvis en skal ta ut dyr på riktig tidspunkt og på en human
og effektiv måte.
Statsråd Knut Arild Hareide [11:52:37]: Eg vil ikkje kommentera nokon av dei konkrete
sakene i forhold til lisensjakt no. Der har Direktoratet for naturforvalting
teke ei avgjerd. Dei avgjerdene har ein klaga over, og dei vil hamna
på bordet mitt. Derfor uttaler eg meg berre på generelt grunnlag
når det gjeld lisensjakt.
Det eg vil seia om lisensjakt, er at eg trur
det er ein god måte både for å gjera jakta alminneleg og for når
ein skal ta ut dyr. Eg trur g at ein kombinasjon av lisensjakt og
ei avgjerd om jakt teken av dei regionale nemndene er med på å skapa
eit forhold til rovdyra. Det er med på å skapa tillit både lokalt
og regionalt. Eg meiner det er ein god måte å følgja opp det breie
forliket i Stortinget på når det gjeld rovviltpolitikken.
Presidenten: Dermed er alle spørsmål i dagens
spørretime behandlet.