Stortinget - Møte fredag den 10. juni 2005 kl. 10

Dato: 10.06.2005

Dokumenter: (Innst. S. nr. 217 (2004-2005), jf. St.meld. nr. 24 (2004-2005))

Sak nr. 1

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar

Talere

Votering i sak nr. 1

Eli Sollied Øveraas (Sp) [10:02:53]:(ordførar for saka): St. meld. nr. 24 omhandlar «ein mørk flekk» i norsk barnevern si historie. Dette er ei vond sak for dei saka gjeld. Mykje smerte og stor urett har ført til at mange har fått øydelagt både barndommen sin og sitt vaksne liv. Dette er eit alvor ein samla komite har teke inn over seg i behandlinga av denne saka.

Kven var så desse barna? Ifølgje Kartleggingsutvalet var hovudtendensen at barn kom på barneheimar fordi dei trong vern, som regel mot skadelege heimeforhold, og fordi dei mangla forsørgjar. Det vart òg meir og meir vanleg utover i granskingsperioden 1945–1980 at skadelege forhold kunne vere fattigdom, eller at mor var sjukleg eller utsliten – til og med såkalla klanderverdig moralsk livsførsel kunne vere grunn til omsorgsovertaking.

Det vart òg gjort ideologiske vurderingar. På den eine sida var skadelege forhold at oppvekstvilkåra var prega av utryggleik, understimulering og fattigdom, og på den andre sida kunne ideologiske og moralske vurderingar liggje til grunn for omsorgsovertaking.

Når det gjeld plasseringsgrunnlaget for spesialskular, var det kjønnsspesifikke grunngivingar for plasseringa. Jenter vart ofte plasserte grunna usedelegheit, medan gutar vart plasserte på grunn av nasking og vinningskriminalitet. Eg vil understreke at ifølgje utvalet hadde svært få av desse gutane gjort seg skuldige i særleg alvorlege eller farlege kriminelle handlingar.

Kartleggingsutvalet slår òg fast at i tillegg til omsorgssvikt førekom det alvorlege både fysiske, psykiske og seksuelle krenkingar på barneheimane. Eksempel på dette er pryl, mishandling, kvelartak, slag med stokk, utestenging i naken tilstand i vinterkulde, innelåsing i mørke kjellarrom og brenning med strykejern. Det sentrale elementet var bruk av smertefulle metodar og ulike former for fridomsfrårøving. Når det gjeld seksuelle overgrep, vart desse krenkingane gjorde både av tilsette og av eldre elevar.

Når det gjeld omfanget, baserer utvalet seg på estimat. Det er grunnlag for å tru at omsorgssvikt fann stad på dei fleste barneheimar og spesialskular. Det er òg sannsynleg at fysiske overgrep og straffetiltak av ulike slag skjedde hyppig. Når det gjeld seksuelle overgrep, viser eit såkalla konservativt estimat at 2 pst. av gutane og 4 pst. av jentene vart utsette for dette, medan eit radikalt estimat er vesentleg høgare: 12 pst. for gutane sin del og 24 pst. når det gjeld jentene. Trass i store avvik i desse estimata konkluderer likevel Kartleggingsutvalet med at i perioden 1945–1980 har det vore ein betydeleg førekomst av seksuelle overgrep i barneinstitusjonar, og at dei aller fleste overgrepa har vorte gjorde av tilsette.

Så til sjølve innstillinga: I innstillinga slår ein samla komite fast at mange tidlegare barneheimsbarn og barn frå spesialskular vart utsette for omsorgssvikt og overgrep av alvorleg karakter. Dette er svært godt dokumentert i rapporten frå Kartleggingsutvalet. Dei uverdige forholda som har vorte avdekte på barneheimar og spesialskular i perioden 1945–1980, skulle aldri ha skjedd, og komiteen understrekar at ein i framtida ikkje kan tillate at slikt skjer. Ei stor gruppe barn fekk øydelagt barndommen sin og har lidt mykje vondt heile livet grunna den uretten og dei overgrepa dei vart utsette for. Eg tillèt meg å be alle desse barna om orsaking på vegner av storsamfunnet.

Komiteen er samd om at det kviler eit spesielt ansvar på staten i denne saka. Det var inngrep frå det offentlege som førte til at desse borna vart plasserte på institusjonar og spesialskular med det føremålet at borna skulle få ein betre livssituasjon. Det offentlege spela såleis ei aktiv rolle i at borna vart fjerna frå heimane sine, og for at barneheimar og spesialskular skulle ta på seg omsorgsansvaret. I mange tilfelle var det offentleg tilsette som stod attom overgrepa, og det offentlege har òg vore ansvarleg for at dokumentasjon av tilhøva på institusjonane i mange tilfelle er mangelfull eller heilt fråverande. Komiteen går difor inn for at Stortinget tilkjenner erstatning etter ei utvida og tilpassa rettferdsvederlagsordning for tidlegare barneheimsbarn og spesialskulebarn til eit beløp av inntil 300 000 kr. Det at Stortinget såleis aukar maksimumsbeløpet for rettferdsvederlagsordninga med 50 pst., frå 200 000 kr til 300 000 kr, viser at Stortinget ønskjer å understreke det uakseptable i at offentleg plassering i institusjon i mange tilfelle medførte overgrep og omsorgssvikt.

Komiteen erkjenner at det kan vere vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og overgrep av fysisk og seksuell art som ofte ligg fleire tiår tilbake i tid. Derfor slår komiteen fast at beviskrava må kunne senkast, og at eigenuttale skal tilleggjast stor vekt. Komiteen legg til grunn at eigenerklæringa skal vere avgjerande når det vert søkt om erstatning. I tillegg til eigenerklæring meiner komiteen det skal leggjast ved ei stadfesting som seier kvar og til kva tid vedkomande hadde opphald på barneheim eller spesialskule. Eg vil også nemne at barneheimsbarn som tidlegare har søkt om rettferdsvederlag, kan søkje på nytt under den tilpassa og utvida erstatningsordninga, uavhengig av om dei tidlegare har fått støtte eller ikkje.

Komiteen erkjenner at eit utvida rettferdsvederlag ikkje er meint å dekkje det økonomiske tapet søkjaren har hatt. Meininga er å gi ein viss økonomisk kompensasjon for den grove uretten som er gjord. Eg vil igjen presisere at komiteen erkjenner at staten utvilsamt kan klandrast for den uretten som har funne stad. Staten har òg i mange høve stått for makulering av dokumentasjon av det som har skjedd. Komiteen har derfor understreka kor viktig det er at all relevant dokumentasjon og alle offentlege papir må følgje reglane i forvaltningslova om oppbevaring i 80 år.

Komiteen har vurdert det nasjonale ansvaret. Det er opp til kommunane sjølve å avgjere om dei vil setje i gang kommunale granskingar. I så fall vil departementet utarbeide nasjonale retningslinjer. Det er òg opp til kommunane korleis dei vil stille seg til krav om erstatning.

Komiteen understrekar at sjølv om det vert vedteke eit utvida rettferdsvederlag, vil ikkje det avskjere den einskilde i denne gruppa frå å kunne gå til erstatningsrettsleg søksmål på bakgrunn av dei same forholda. I den samanhengen har komiteen streka under at forelding ikkje skal gjerast gjeldande i saker som omhandlar denne gruppa.

Til slutt: Komiteen innstiller på at barn som av det offentlege vart plasserte i fosterheimar, også skal kome inn under denne ordninga.

Då vil eg tilrå innstillinga som ein samrøystes komite står attom.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

(Votering, se side 2773)

Votering i sak nr. 1

Komiteen hadde innstillet:

I

Stortinget tilkjenner erstatning etter ei utvida og tilpassa rettferdsvederlagsordning for dei tidlegare barneheims- og spesialskuleelevane for eit beløp på inntil 300 000 kroner.

II

Stortinget tilkjennegir erstatning etter ei utvida og tilpassa rettferdsvederlagsordning for dei barna som blei plassert av det offentlege i fosterheim for eit beløp på inntil 300 000 kroner.

III

St.meld. nr. 24 (2004-2005) – om erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.