Stortinget - Møte onsdag den 1. mars kl. 10

Dato: 01.03.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Borghild Tenden (V) [12:28:37]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«I den politiske plattformen fra Soria Moria står det at Regjeringen vil igangsette et introduksjonsprogram for bruk av biodrivstoff i tråd med EU-direktiv 2003/30/EF. Dette betyr at innen 2010 skal biodrivstoffet utgjøre 5,75 pst. av omsetningen.

Hvordan er fremdriften i Regjeringens arbeid for å nå dette målet?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:29:17]: Den førre regjeringa gav rett før ho gjekk av, SFT og Vegdirektoratet i oppdrag å utgreie nærare aktuelle verkemiddel for å hjelpe til slik at biodrivstoff vert teke i bruk i marknaden. Dette arbeidet skal vere ferdig i desse dagar. Regjeringa har vilja avvente dette arbeidet før me tek stilling til kva for verkemiddel me skal ta i bruk for å auke bruken av biodrivstoff i Noreg. Me vil kome attende til spørsmålet i samband med framlegging av statsbudsjettet for 2007.

Elles vil eg gjere merksam på at EU sine målsetjingar for biodrivstoff er ambisiøse og dessutan ikkje bindande. Dei einskilde medlemslanda må sjølve finne eit passande ambisjonsnivå, tilpassa deira forhold. Slik bør det òg vere for Noreg. Kva for ambisjonsnivå me bør velje, vil m.a. vere avhengig av kostnader ved å ta biodrivstoff i bruk og moglegheiter for produksjon av slikt drivstoff i Noreg.

Borghild Tenden (V) [12:30:16]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg er fullstendig klar over denne rapporten som skulle foreligge 1. februar, men som ennå ikke er kommet.

I valgkampen var spesielt Senterpartiet høyt på banen. Stortingsrepresentant Inger S. Enger sier til tidsskriftet Dag og Tid at det er

«oppsiktsvekkjande at Regjeringa» – altså Bondevik II – «ikkje vil innføre EU-direktivet om biodrivstoff frå 2003».

Når man går så høyt på banen i valgkampen, hadde jeg faktisk forventet at man selv hadde en klar opptrappingsplan, og i det minste hadde hastverk med å etterspørre nevnte rapport. Hvilke konkrete tiltak tenkte Senterpartiet på da de gikk så høyt på banen i valgkampen? Vil Senterpartiet i regjering gjøre noe med omsetningskravet for biodiesel, og vil samferdselsministeren gjøre noe med hensyn til avgiftsfritak når det gjelder bioetanol?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:21]: Senterpartiet har hatt og har ein ambisjon om å få auka bruk av biodrivstoff. Det kjem me til å arbeide med; som me har gjort i opposisjon, arbeider me for det i posisjon.

No er det slik at når Regjeringa har sett i gang eit arbeid – dvs. det var den førre regjeringa som gjorde det, men det er me som no sit med ansvaret – i regi av SFT og Vegdirektoratet, vil det vere ganske dumt av Regjeringa ikkje å få det arbeidet på bordet før me set i gang. Ein må forvente at den tida som er brukt på å arbeide med dette, har resultert i mange gode, konkrete handlingsalternativ som me kan nytte. Det er det me ventar på. Det handlar ikkje om passivitet, det handlar rett og slett om rasjonalitet og at ein ventar på eit arbeid som er i gang.

Borghild Tenden (V) [12:32:18]: Jeg takker statsråden for svaret.

Bondevik II hadde også en offensiv satsing på forskning når det gjaldt hydrogen og biodrivstoff. Kan statsråden love å videreføre og aller helst øke denne satsingen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:32:34]: Innafor mitt område ligg det no ei stor satsing òg på dette området, satsing på både hydrogen, biodrivstoff og andre alternative, miljøvenlege former for drivstoff. Det er eit område som Regjeringa er svært oppteken av, og som me sjølvsagt vil vurdere å utvide når me skal diskutere budsjettet for 2007. Men budsjettforhandlingar tek eg som kjent ikkje her, men i Regjeringa, så det får me kome attende til når budsjettet skal leggjast fram.