Stortinget - Møte onsdag den 1. mars kl. 10

Dato: 01.03.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Øyvind Halleraker (H) [12:42:56]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Bergen opplever nå en økende kollektivbruk og har behov for en minst like stor andel av belønningsmidlene som de andre storbyene, dersom man skal holde på den gode utviklingen i retning av mer kollektivbruk.

Vil statsråden gjennomgå tildelingskriteriene for belønningsmidler slik at Bergen ikke kommer dårligere ut enn for eksempel Oslo, og at den positive utviklingen i antallet kollektivreiser i Bergen kan videreføres?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:43:33]: Retningslinjene for belønningsordninga er utforma i samsvar med St.prp. nr. 1 for 2002-2003. Formålet med ordninga er å stimulere til betre framkomelegheit, miljø og helse i storbyane. Det gjer ein ved å avgrense voksteren i transportbehovet og auke talet på kollektivreiser på kostnad av reiser med privatbil. Alle byane som søkjer etter midlar frå belønningsordninga for 2006, kan gledeleg nok vise til trafikkvokster i kollektivtransporten. Retningslinjene legg opp til at dei av byane som har oppnådd dei beste resultata og samtidig set i verk målretta tiltak for ei framleis positiv utvikling, skal lønnast for innsatsen sin – dette i motsetning til ei einsidig pro rata fordeling, der alle byane ville fått ein lik sum i høve til storleik, uavhengig av resultat og innsats.

Belønningsordninga skal evaluerast i 2007, her medrekna retningslinjene. Eg ser ikkje noko grunnlag for å framskunde ei slik evaluering.

Bergen vert i 2006 vurdert etter dei nemnde kriteria, på same måten som dei andre bykommunane. Dersom Bergen set inn tiltak som gjev vekst i talet på kollektivreiser og nedgang i talet på privatbilreiser, og samstundes legg opp til tiltak for ei framleis positiv utvikling, vil byen få midlar frå belønningsordninga i 2006 ut frå dette.

Øyvind Halleraker (H) [12:44:31]: Jeg takker for svaret.

Statsråden og jeg hadde gleden av å bidra til en historisk satsing på kollektivtransport i Bergen med vedtaket her i Stortinget i går. Der har man virkelig lagt ryggen til for å løse byens utfordringer. Egenfinansieringen og de økonomiske bidragene er meget betydelige, for å si det mildt. I dette bildet er altså incentivmidlene en viktig stimulans for byen.

Jeg vil spisse spørsmålet mitt litt: Kan statsråden forsikre at denne regjeringen ikke vil endre på kriteriene for tildeling på en slik måte at kommuner som nå dimensjonerer sin kollektivsatsing ut fra nye bevilgninger, blir ugunstig rammet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:45:56]: Av retningslinjene for ordninga går det fram at dei byane som skal få tillit, skal setje i verk tiltak som verkar avgrensande på personbiltrafikken. Dei skal vise til resultat i form av sterkare vekst i talet på kollektivreiser enn i talet på personbilreiser, og dei skal bruke midlane til å styrkje kollektivtilbodets konkurransekraft.

Det vi skal gjere i 2007, er ei evaluering av korleis tiltaka har verka etter desse kriteria. Men for 2006 vert sjølvsagt midlane tildelte etter dei gjeldande kriteria. Om ein etter evaluering i 2007 finn å måtte endre kriteria, kan eg ikkje seie noko om før me har gjort den nemnde evalueringa.

Øyvind Halleraker (H) [12:46:44]: Jeg takker igjen for svaret.

Det er et annet forhold som også kommer inn her. Bergen kommune har fått en rekke merkostnader i forbindelse med kollektivtrafikken som dels skyldes statlige initiativ og endringer, f.eks. i rammebetingelser og økte drivstoffpriser. Dette kompenseres ikke i rammeoverføringer fra staten. Jeg er derfor glad for å høre at statsråden legger vekt på å opprettholde resultatbaserte tilnærminger.

Jeg forstår det også slik på statsrådens svar at hun anerkjenner belønningsordningen som Samarbeidsregjeringen innførte, som et godt tiltak for å øke kollektivreisene i byområdene. Jeg er litt mer dristig i mitt siste spørsmål: Vil ministeren trappe opp de økonomiske rammene for ordningen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:47:40]: I Soria Moria-erklæringa ligg det ein ambisjon om å satse intensivt på kollektivtransport, spesielt i og omkring dei store byane. Det er der me ser dei største utfordringane i forhold til å få redusert biltrafikken. I det ligg det òg ei satsing på belønningsordninga, som etter mitt syn er eit godt tiltak. Det er viktig at ein ikkje berre konsentrerer seg om den indre bykjernen, men at ein òg evnar å sjå dei omkringliggjande kommunane i samanheng, for ikkje minst ut- og innpendling til dei store byane medfører stor køproblematikk og slik sett eit større behov for å få fleire over på kollektive reisemåtar.

Når det gjeld kompensasjon for auka drivstoffprisar og liknande, er Bergen kommune i same situasjon som andre kommunar, anten dei er by- eller landkommunar, og må takle det på anna vis enn gjennom belønningsordninga.