Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten
Robert Eriksson til arbeids- og inkluderingsministeren, er overført
til fornyings- og administrasjonsministeren som rette vedkommende.
Robert Eriksson (FrP) [14:41:43]: Jeg tillater meg å stille statsråden
følgende spørsmål:
«I KLP-avisen nr. 1 2006 pekes det
på «pensjonsgapet» som oppstår
for de arbeidstakere som arbeider mindre enn 14 timer
pr. uke i offentlig sektor. De er ikke medlem av en offentlig
pensjonskasse og får heller ikke adgang til obligatorisk
tjenestepensjon som kun
gjelder i privat sektor. Gruppen omfatter bl.a. mange som ufrivillig
går i små deltidsstillinger og som i tillegg mister
adgangen til samme pensjonsrettigheter som andre arbeidstakere.
Vil statsråden sørge for
at gruppen kan opparbeide rett til tilleggspensjon?»
Statsråd Heidi Grande
Røys [14:42:25]: Som presidenten var inne på,
er spørsmålet frå representanten Eriksson
retta til arbeids- og inkluderingsministeren, men då tenestepensjonsordninga
i staten ligg under mitt departement, vil eg gjerne få svare
på spørsmålet.
Representanten Eriksson peiker på at
ein arbeidstakar i offentleg sektor med mindre enn 14
timar pr. veke ikkje har rett til offentleg
tenestepensjon. Dette følgjer av lov om Statens Pensjonskasse
og gjeld òg for kommunal sektor. Den nye obligatoriske
tenestepensjonsordninga i privat sektor gir arbeidstakarar med meir
enn 7 timar i veka rett til ein obligatorisk tenestepensjon.
Det er difor ein skilnad mellom pensjonsrettane i offentleg
og privat sektor, noko eg er einig med representanten
Eriksson i er uheldig.
Årsaka til dette ligg i at privat
sektor har ei nettoordning, medan offentleg sektor har ei bruttoordning.
I nettoordninga vert ikkje tenestepensjonen samordna
med folketrygda. Det vil seie at pensjonen kjem uavkorta til utbetaling
i tillegg til pensjonen frå folketrygda. I offentleg sektor
derimot er det ei bruttoordning, der pensjonen i etterhand vert
samordna med folketrygda. Arbeidstakarar med
mindre enn 14 timar pr. veke ville fått
samordna vekk tenestepensjonen om dei hadde vore
medlemer av t.d. Statens Pensjonskasse.
Ved tariffoppgjeret i 2000 la tenestemannsorganisasjonane
fram krav om at arbeidstakarar med meir enn 7 timar pr. veke
skulle verte medlemer av Statens Pensjonskasse. Kravet vart den
gongen gitt opp, då det viste seg at dei ikkje
ville få auka samla pensjon ved å verte
medlemer i ordninga.
I statleg sektor er det om lag 4 300 arbeidstakarar
som har mellom 7 og 14 timar pr. veke. I kommunal sektor
er det nok fleire, utan at eg kan talfeste det.
No er vi i gang med å sjå på heile
pensjonssystemet gjennom oppfølginga av pensjonsforliket,
som Stortinget vedtok i fjor vår. Dei offentlege tenestepensjonane
er såleis òg i støypeskeia. Eg vil seie
det vil vere naturleg å ta denne problemstillinga
med i det arbeidet som mitt departement i lag med m.a. Arbeids-
og inkluderingsdepartementet no gjer med pensjonsordningane, for
nettopp å sjå på om dette forholdet
vil vere annleis ved endringar i dei offentlege
tenestepensjonane.
Robert Eriksson (FrP) [14:44:44]: Ifølge samme artikkel i KLP-avisen
er det spesielt ansatte ved botilbudene for psykisk utviklingshemmede,
ansatte ved eldresentrene osv. som blir rammet av dette.
Ifølge tall jeg har fått
fra KS – og da er Oslo kommune og lærerne
holdt utenom – gjelder det 44 000 ansatte. Mener
statsråden at dette er å anse som et betydelig
problem, og kan statsråden i så fall være
mer konkret på hvilke mulige løsninger
hun ser for seg?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:45:32]: Det er jo eit problem for dei det
gjeld. Nesten same kor mange det er, er det eit problem
for dei det gjeld, at dei ikkje får pensjonsopptening.
Så der vil eg absolutt slutte meg til representanten sitt
syn. Men, som eg sa, når det gjeld dei offentlege tenestepensjonane,
har problemstillinga vore at om ein var medlem og i jobb
over 7 timar pr. veke, så ville det verte samordna
vekk med folketrygda. Ein ville ikkje få ein auka
samla pensjon om ein likevel var medlem. Men
det kan jo endre seg når vi no går gjennom
heile pensjonssystemet, inkludert dei offentlege tenestepensjonane.
Då må vi igjen sjå på om dei
som ligg på mellom sju og 14 timar, vil ha ein
gevinst av å verte medlemer, for då er det jo
naturleg å ta det opp.
Dette er jo òg eit viktig likestillingsspørsmål,
for det er jo som regel kvinnene som har desse stillingane
som representanten tek opp. Dette bør altså vere
viktig òg for å sikre kvinnene. Helst
burde dei få større stilling, men i mange turnusar
er det vanskeleg å få til,
og då vil det vere viktig òg å sikre
dei pensjonsrettar.
Robert Eriksson (FrP) [14:46:41]: Regjeringen har jo også i
diverse media sagt at man står overfor betydelige utfordringer
når det gjelder å inkludere både
funksjonshemmede og uføre i arbeidslivet. Mange av dem
har en arbeidsreserve som er på under 40 pst.
Når Regjeringen og statsråden
skal sette seg ned og se på de nye reglene, er det da slik å forstå at
statsråden kan signalisere at man ønsker å gå gjennom
samordningsreglene, slik at den enkelte i større
grad får beholde sin opptjente pensjon, at også denne
gruppen vil komme bedre ut, og at offentlig og privat
sektor blir likestilt?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:47:28]: No står eg i fare for å gå inn
på det som er arbeids- og inkluderingsministeren sitt område,
og det skal eg passe meg for, men når det gjeld det som
låg i pensjonsforliket i Stortinget i fjor vår – no
var verken representanten Grande Røys eller representanten
Eriksson med i det forliket – så var det, uavhengig
av kva som låg til grunn, å gi styrkt arbeidsincentiv.
Iallfall var vi veldig opptekne av å gi arbeidsincentiv
til dei som har lågast løn, og til dei som har
deltidsstillingar, for det er jo dei som har ein reserve som vi
ynskjer å utnytte i arbeidslivet. Samla sett vil eg òg
tru at det å få det til ligg hos alle
partar i arbeidet med pensjonsforliket, og at modellen og oppteninga
gir incentiv til å stå i arbeid, det vere
seg så mykje som folk klarar.
Som eg har sagt, vi skal sjå på om
dei som no ligg på under 14 timar – altså om
ein skal gjere endringar i offentlege tenestepensjonar for dei som
ligg på under 14 timar – vil ha gevinst av å verte
med i ei pensjonsordning. Det er heilt opplagt at vi må sjå på det.
Presidenten: Da går vi til spørsmål
29.