Stortinget - Møte onsdag den 8. november 2006 kl. 10

Dato: 08.11.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Arne Sortevik (FrP) [13:04:42]: «Prognosen for vekst i veitrafikken som ligger i nasjonale transportplaner, og som videreføres i enkeltprosjekter, er betydelig lavere enn faktisk trafikkvekst. Det innebærer at nye veier dimensjoneres feil. Slike feil kan bl.a. medføre at behov for oppgradering/utvidelser melder seg tidligere enn normalt og med tilhørende ekstrakostnader. En slik forvaltning gir dårlig samfunnsøkonomi.

Hvordan vil statsråden sikre at både veiplaner og konkrete veiprosjekter heretter baseres på mer realistiske trafikkprognoser?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:05:23]: Eg har tidlegare svara på eit nesten identisk spørsmål frå representanten Arne Sortevik. Det var spørsmål nr. 866 til skriftleg svar. Det er ikkje så mykje meir eg kan seie om dette enn det eg gjorde den gongen, men eg kan nytte høvet til igjen å informere om kva som vert gjort for å lage så gode framskrivingar av trafikken som mogleg.

Det vil aldri vere noka lett oppgåve å lage framskrivingar av trafikken. Dette gjeld ikkje berre vegtrafikk, men òg andre transportmåtar. Drivkrefter for utvikling av trafikk, val av transportmiddel og reiserute er samansette, og sjølvsagt heller ikkje kjende for år fram i tid. Ein kan ikkje vente å treffe bra for einskilde år, men det er viktig at me over fleire år ikkje ligg konsekvent for høgt eller for lågt i høve til den faktiske utviklinga.

I retningslinene som departementa har gitt for etatane og Avinor AS sitt førebuande arbeid til NTP, er det klårt streka under at dei i samarbeid må utarbeide prognosar som er mest mogleg forventningsrette. I oppfølginga av dette tek både transportetatar og forskings- og utgreiingsinstitusjonar del. Både for gods- og persontransport vert det m.a. utvikla betre modellar som skal hjelpe oss å lage betre framskrivingar. Det er òg viktig at me i dette arbeidet nyttar framskrivingar for økonomisk utvikling og befolkning som er konsistente med dei som vert nytta i anna planlegging. Både Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå vert difor trekte inn i prognosearbeidet.

Det ligg pr. i dag ikkje føre nye framskrivingar, men eg kan forsikre om at eg er oppteken av at mest mogleg realistiske prognosar skal vere grunnlaget for transportplanlegginga, både i samband med NTP og i samband med utforming av dei enkelte prosjekta. Eg har tiltru til at det vert resultatet av det pågåande arbeidet.

Arne Sortevik (FrP) [13:07:15]: Jeg takker for svaret. Det er jo både interessant og løfterikt. Men det var altså slik at da Stortinget i 2004 behandlet den transportplanen som vi nettopp har startet på, var man også den gang bekymret for prognosene, og det var uttrykt et ønske fra departementet om å lage bedre prognoser med større vektlegging av prognosenes nytte til planleggingsformål. Dessverre er det slik at når vi snur oss bakover en del år, ser vi at det har vært atskillig høyere trafikkvekst enn de 1,5 pst. som nå ligger inne som det offisielle planleggingstallet.

Da er spørsmålet om vi må vente på ny transportplan i 2010 før vi gjør noe med denne faktoren som er med og dimensjonerer og prioriterer nye veiprosjekter.

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:08:11]: Som eg sa i mitt skriftlege svar til Sortevik tidlegare, og som eg for så vidt gjentok no, har vi under utarbeiding nye prognosar for trafikkutvikling. I det arbeidet tek ein med dei erfaringane som ein gjorde i den førre nasjonale transportplanen. Eg skal ta med meg dei bekymringane som representanten Sortevik gir uttrykk for – som eg for så vidt deler – for det er ingen som er tent med at vi byggjer våre planverk på feil føresetnader. Og legg ein trafikktalet for lågt, vert ein vesentleg føresetnad feil, for det er nettopp trafikktalet som kanskje er med og i stor grad dimensjonerer utbygging av iallfall enkeltstrekningar, og kanskje òg totaliteten. Eg har dette med meg i det vidare arbeidet.

Arne Sortevik (FrP) [13:09:05]: Takk, det er bra. Og det er ikke representanten Sortevik alene som er bekymret for dette. Transportkomiteen har nettopp vært på befaring i Oppland og Hedmark, og den samme bekymringen kom frem da. Under transportkomiteens budsjetthøring i går ble den samme bekymringen og den samme frustrasjonen gjentatt av fylkesordføreren i Østfold, hvor man altså har konkrete prosjekter for utbygging av E18 og faktisk bygger med gale forutsetninger, slik at nye parseller er underdimensjonert ved åpningen.

Derfor er hovedbekymringen at vi, mens vi arbeider ut grunnlaget for en ny transportplan som skal gjelde fra 2010, faktisk på ulike nivåer holder på med en rekke veiprosjekter som går mot oppstart – eller som er i oppstart – og som faktisk baserer seg på feil trafikkgrunnlag. Trafikkveksten har over en rekke år ligget på mellom 3 og 5 pst., og vi planlegger å bygge for 1,5 pst. vekst.

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:10:12]: I det skriftlege svaret som eg viste til tidlegare, er det opplyst at dei analysane som no vert gjorde, og som forhåpentlegvis skal ferdigstillast i løpet av vinteren – det reknar eg med, det er iallfall dei signala eg har fått – òg skal kunne brukast på prosjektnivå når dei er ferdige og kvalitetssikra. Det vil då kunne kome til møtes ein del ynske frå fylkesordførarar og andre som sjølvsagt er bekymra for at ein ikkje får dei rette dimensjonane på vegprosjekta. Så eg håpar at når vi no kjem inn i 2007 eit stykke, skal me ha på plass nye prognosar, og då kan ein bruke dei til å kvalitetssikra dei prosjekta ein har allereie i denne perioden.