Stortinget - Møte tysdag den 16. januar 2007 kl. 10

Dato: 16.01.2007

Formalia

Presidenten: Representantane Olav Gunnar Ballo og Petter Løvik, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Den tidlegare mellombels fritekne vararepresentanten for Oppland fylke, Johannes Rindal, har igjen teke sete.

Den innkalla vararepresentanten for Buskerud fylke, Beate Heieren Hundhammer, har teke sete.

Frå representanten Borghild Tenden ligg det føre søknad om velferdspermisjon i tida frå og med 16. januar til og med 22. januar.

Presidenten foreslår at denne søknaden blir behandla straks og innvilga – og ser det som vedteke.

Første vararepresentant for Akershus fylke, Inge Hallgeir Solli, oppheld seg for tida utanlands og er av den grunn forhindra frå å møte i Stortinget.

Andre vararepresentant, Lisbeth Bøhler, blir foreslått innkalla for å møte i permisjonstida. – Det er å sjå på som vedteke.

Lisbeth Bøhler er til stades og vil ta sete.

Val av setjepresident

Presidenten: Presidenten vil foreslå at det blir valt ein setjepresident for Stortingets møte i dag og for resten av veka – og ser det som vedteke.

Presidenten vil foreslå Solveig Horne. – Andre forslag ligg ikkje føre, og Solveig Horne er samrøystes vald som setjepresident for Stortingets møte i inneverande veke.

Representanten Jan Tore Sanner vil setje fram eit representantforslag.

Jan Tore Sanner (H) [10:01:59]: På vegne av stortingsrepresentantene Martin Engeset, Kari Lise Holmberg, Bent Høie og meg selv vil jeg sette frem forslag om tiltak for å sikre nødvendig arbeidsinnvandring og dermed bedre tilgangen på arbeidskraft.

Presidenten: Representanten Arne Sortevik vil setje fram to representantforslag.

Arne Sortevik (FrP) [10:02:27]: På vegne av representantene Per Sandberg, Bård Hoksrud, Tord Lien og meg selv har jeg fornøyelsen av å sette frem to forslag – det ene om å gjenopprette hoveddepot for oljevernberedskap på Fedje og det andre om fjerning av kvikksølv i vrak etter utbåt U864.

Presidenten: Forslaga vil bli handsama etter reglementet.