Stortinget - Møte onsdag den 21. november 2007 kl. 10

Dato: 21.11.2007

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 18

Leif Helge Kongshaug (V) [13:39:18]: Jeg skal få lov til å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Det nærmer seg nå ni år med saltvann og mørke på rv. 70 Freifjordtunnelen. Til tross for stor trafikkfare og vurderinger om stenging av tunnelen har ikke noe skjedd fra sentrale myndigheter sin side. Det er vedtatt lokal forskuttering av arbeidet, slik at oppstart kunne skje i 2007. Heller ikke dette har resultert i konkret handling fra vegmyndighetene.

Vil statsråden få fortgang i saken slik at den uverdige situasjonen for trafikantene opphører?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:39:56]: Det er ei prioritert oppgåve å kome i gang med å rehabilitere Freifjordtunnelen. Tunnelen representerer i dag likevel ikkje nokon akutt risiko for tryggleiken til trafikantane. Platekvelven i tunnelen vart demontert og teken ned i 2006 fordi det var ein risiko for at delar av kvelven kunne falle ned. Dette har ført til at tunnelen kan opplevast som mørk og fuktig. For å kompensere for dette vert kantstripa vaska kvar veke for at ho skal vere godt synleg, og vegbana vert vaska kvar månad for å oppretthalde god friksjon. I tillegg har viftene i tunnelen god kapasitet. Statens vegvesen vurderer det difor slik at tryggleiken for trafikantane er sikra.

Når det er sagt, skulle eg sjølvsagt ha ynskt at det hadde vore mogleg å kome i gang med å rehabilitere tunnelane i 2007. Det er fleire årsaker til at arbeidet ikkje er starta opp. Den avgjerande grunnen er manglande avklaringar frå Arbeidstilsynet av eit arbeidsopplegg som sikrar tilfredsstillande arbeidsmiljø for dei som skal gjennomføre rehabiliteringsarbeidet. Dette er ein prosess som vert gjennomført som følgje av manglande godkjenning frå Arbeidstilsynet av arbeidsopplegget for rehabilitering av Ålesundstunnelane. Når det er semje om eit arbeidsopplegg som vil tilfredsstille krava til arbeidsmiljø, vil det verte laga eit nytt kostnadsoverslag for prosjektet.

Rehabilitering av Freifjordtunnelen er føresett finansiert med midlar frå det sentrale tunnelsikringsprogrammet. I handlingsprogrammet for perioden 2006–2009 er det sett av 277 mill. kr som er føresett nytta til utbetring av Ålesundstunnelane – Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen – og Freifjordtunnelen. Kostnadene ved rehabilitering av Ålesundstunnelane har auka kraftig, og dette påverkar finansieringa av Freifjordtunnelen. For å vere sikker på at prosjektet kan finansierast med midlar frå det sentrale tunnelsikringsprogrammet, har Statens vegvesen lagt til grunn at rehabiliteringa av Freifjordtunnelen ikkje bør starte opp før ein har oversikt over kostnadene på Ålesundstunnelane.

Det er ikkje rom for å starte opp Freifjordtunnelen med statlege midlar i 2008. Det kan likevel vere mogleg å starte opp prosjektet med forskotterte midlar i 2008. Statens vegvesen vil vurdere denne moglegheita så snart det er laga eit nytt kostnadsoverslag for Freifjordtunnelen.

Leif Helge Kongshaug (V) [13:42:09]: Jeg må få lov til å takke for svaret. Dessverre synes jeg ikke det var så veldig offensivt med tanke på en løsning for en by med 20 000–25 000 innbyggere, og med stor trafikk inn og ut av sentrum.

Jeg synes det har gått utrolig sent. Nå er det jo slik at nordmøringene er et tålmodig folkeferd, men denne saken har dratt utrolig ut i tid.

I et brev fra Samferdselsdepartementet 18. desember 2006 beklager samferdselsministeren lang saksbehandlingstid og skriver:

«Dersom det blir forskuttert midler til prosjektet i 2007 og 2008, vil det etter Samferdselsdepartementets vurdering være mulig å starte arbeidene høsten 2007.»

Så ble det forskuttert midler, og i et brev datert 6. februar står det at det er mulig å starte arbeidet sommeren eller høsten 2007. Nå er høsten snart gått. Vil ikke statsråden være mer forpliktende i sitt svar når det gjelder framdrift?

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:43:19]: Det er ikkje manglande høve til forskottering som har gjort at arbeidet ikkje har starta opp no. Som eg sa i mitt hovudsvar, er den avgjerande grunnen manglande avklaring frå Arbeidstilsynet om eit arbeidsopplegg som sikrar tilfredsstillande arbeidsmiljø for dei som skal gjennomføre rehabiliteringsarbeidet. Me er vel kjende med – og eg trur òg representanten Kongshaug er kjend med – dei problema som oppstod ved Ålesundstunnelane ved at ein ikkje hadde eit godkjent opplegg då ein sette i gang. Den feilen ynskjer ein ikkje å gjere igjen. I tillegg er det nødvendig å få eit nytt kostnadsoverslag før ein set i gang. Viss ein får dette på plass raskt, er det mogleg å starte opp med forskotterte midlar sommaren 2008. Men i inneverande år, som det no ikkje gjenstår så veldig mykje av, er det ikkje mogleg.

Leif Helge Kongshaug (V) [13:44:19]: Jeg hadde håpet på en julegave fra statsråden i dag når det gjelder Freifjordtunnelen, men den kom ikke. Det er etter svaret, slik jeg kan bedømme det, fortsatt uklart når dette kan skje. Jeg må si at jeg stiller meg undrende til at det skal gå så lang tid for å få på plass et sikkert arbeidsopplegg for dem som skal reparere tunnelen. På bakgrunn av det som skjedde i Ålesundstunnelene, må det nå bli tatt en beslutning om hvordan dette skal gjøres, og finnes en løsning på det. Jeg håper inderlig at statsråden vil prioritere og pushe på dette arbeidet, slik at tilfredsstillende arbeidsforhold for dem som skal gjennomføre prosjektet, kommer på plass, og likeså at det blir utarbeidet anbud som gjør at dette kan komme på plass fortest råd. Det er helt uholdbart slik situasjonen er nå. Jeg er ikke enig med statsråden i at tunnelen ikke er trafikkfarlig.

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:45:23]: Når det gjeld trafikktryggleiken, held statsråden seg til Statens vegvesen, som er fagstyresmakt, og eg ventar at dei opplysingane eg får, er reelle.

For igjen å vise til hovudsvaret mitt: Det er to årsakssamanhengar. Den eine gjeld Arbeidstilsynet. Den andre gjeld kostnadene, som òg på desse anlegga dessverre har auka kraftig i forhold til det som var føresett. Det gjer behovet for eit fornya kostnadsoverslag reelt. Det må ein ha før ein set i gang, for å sikre at ein har oversikt over dei kostnadene dette vil medføre. Eg håpar at ein kan kome i gang sommaren 2008.

Eg beklagar at eg ikkje kan vere større julenisse enn som så.