Torbjørn Andersen (FrP) [12:30:03]: Jeg
ønsker å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«E18 mellom Tvedestrand og Arendal er en svært trafikkfarlig
del av stamveien gjennom Aust-Agder. I spørretimen 7. november 2007
svarte statsråden på spørsmål fra undertegnede
at arbeidet med ny E18 på denne strekningen kunne igangsettes innen
fem år. I forslaget til NTP, som ble fremlagt den 17. januar 2008,
er det imidlertid ikke rom for statsrådens løfte! Det omkom
23 mennesker på dødsveiene i Agder i 2007.
Hva mente
egentlig statsråden med sitt svar i spørretime den 7. november
2007 vedrørende E18 Arendal-Tvedestrand?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:31:08]: Som eg også svara på spørsmål 9 i dag, fekk eg
17. januar i år overlevert transportetatane sitt faglege grunnlagsmateriale
for ny nasjonal transportplan, som er utarbeidt innafor ei rekneteknisk
planramme lik budsjettframlegget for 2007.
Lat meg igjen streke under
at framlegget frå transportetatane er ein del av prosessen fram mot
stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019, som eg tek sikte
på å leggje fram for Stortinget i desember i år.
I spørjetimen onsdag 7. november 2007 svara eg representanten
Andersen at strekninga E18 mellom Arendal og Tvedestrand inngår i
ei konseptvalutgreiing for strekninga Langangen-Grimstad. Dette er eit arbeid
som no er starta opp, og det vil etter kvart verte gjennomført ekstern
kvalitetssikring, såkalla KS1. I svaret mitt 7. november viste eg
til at eit realistisk overslag for tidsbruken for planlegging ville vere
om lag fem år. Det er førebels ingenting som tyder på
at dette overslaget ikkje framleis står ved lag.
Som eg svara
representanten på tilsvarande spørsmål i spørjetimen
7. mars og 7. november 2007, vil denne strekninga kunne verte vurdert i
samband med Nasjonal transportplan 2010-2019. Dette står sjølvsagt
ved lag.
Torbjørn Andersen
(FrP) [12:32:31]: Det gikk bare tre dager etter at jeg
hadde levert inn dette spørsmålet, før det omkom nok
et menneske på denne blodstenkte drapsstrekningen, E18 mellom Arendal
og Tvedestrand. Jeg vil kort sitere hva en lokalavis skrev i en leder om
denne ulykken:
«Søndag morgen
skjedde det igjen. En ny dødsulykke på E18 i Arendal, denne
gangen (…) ved (…) Nesheim skole. En ung kvinne i slutten
av 20-årene i en varevogn omkom i en voldsom kollisjon med et vogntog.»
Og videre:
«Hvor
lenge skal våre politikere la det som nå på folkemunne
kalles for «Dødsveien» mellom Tvedestrand og Arendal
ligge som den gjør?»
Jeg sender dette spørsmålet
videre til statsråden, nok en gang: Hvor lenge skal denne drapsveien
mellom Arendal og Tvedestrand få ligge slik den er i dag, og kreve
kanskje enda flere uskyldige menneskeliv i mange, mange år til, før
statsråden skjønner at noe må gjøres med denne
to mil lange, ekstra farlige strekningen på E18?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:33:41]: Dette er det tredje spørsmålet i dag der eg vert bedt om å
gje lovnad om kva som skal verte lagt fram i stortingsmeldinga om Nasjonal
transportplan i desember. Som eg har sagt i samband med dei to tidlegare
spørsmåla, går no forslaget frå etatane ut til
fylket til høyring, og så skal Regjeringa starte sitt arbeid,
og eg skal sjølvsagt leggje grunnlaget for det i mitt departement.
Det er ikkje mogleg for meg i dag å gå inn med lovnad på
noka strekning. Eg var for to dagar sidan på minnemarkering i Oppland
for 28 dødsoffer på vegane i Oppland - dei fleste veldig unge.
På vegen heim frå minnemarkeringa køyrde me, eit par
kilometer frå min eigen heimstad, forbi ei ulukke med nok ein yngre
bilførar som var omkomen. Over heile landet har me altfor mange ulukker,
og ein viktig del av arbeidet med Nasjonal transportplan vil sjølvsagt
vere å sjå på korleis me kan setje inn tiltak som hindrar
tilsvarande ulukker i framtida.
Torbjørn Andersen (FrP) [12:34:53]: I Agder-fylkene
omkom det 23 personer i trafikken i 2007. De to Agder-fylkene har ikke mer
enn 5 pst. av innbyggerne her i landet, men vi har 10 pst. av trafikkulykkene,
og mye av forklaringen på hvorfor vi er så overrepresentert
i Agder i forhold til resten av landet når det gjelder trafikkulykker,
er nettopp de elendige veiene vi har der nede. Vi vet jo at trafikkulykker
dreier seg om død, om lemlestelse, tragedier som kunne vært
unngått om bare statsråd og regjering virkelig hadde villet
gjøre noe med dette ved bl.a. å bygge bedre veier. Men det
vil altså tilsynelatende denne regjeringen ikke, og jeg må si
fra denne talerstol at jeg blir deprimert, jeg blir opprørt, jeg
blir kvalm, jeg blir syk, og jeg blir direkte forbanna over å høre
disse iskalde og kyniske standardsvarene som vi alltid får fra samferdselsministeren
hver eneste gang vi spør og bringer dette problemet som vi har med
veier på Sørlandet, på bane i Stortinget.
Presidenten: Presidenten vil vel bemerke at et av de ordene representanten
brukte, ikke er et parlamentarisk uttrykk.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:08]: Eg vert nesten stum over å høyre det representanten seier.
Eg stod i kyrkja i Oppland. Eg møtte pårørande - eg
har gjort det mange stader elles i landet. Eg synest representanten òg
burde ta seg ein tur og snakke med dei pårørande. Eg tek ikkje
lett på dette. Eg følgjer faktisk opp ein transportplan som
den førre regjeringa nok ikkje la opp ambisiøst nok, men som
opposisjonsparti då forsterka. Det er faktisk eg den fyrste ministeren
som gjer, og me er den fyrste regjeringa som gjer det. Me fokuserer sterkt
på trafikksikringsarbeid, men i motsetning til enkelte stortingsrepresentantar
har me faktisk òg fokus på heile breidda. I samband med det
førre spørsmålet gjorde eg greie for den breie satsinga
på trafikksikkerheit, som har gjort at me har halvert talet på
omkomne, samtidig som trafikkmengda er tredobla. Risikoen for å omkome
i trafikken i Noreg er redusert med 85 pst. på grunn av eit breitt
arbeid. Det er berre dei siste åra me har bygd midtdelar, som enkelte
parti framhevar som den einaste løysinga. Me skal halde fram med
det breie arbeidet, og me skal gjere det i respekt for dei trafikkfarande
og i respekt for alle dei som er skadde eller har omkome i trafikken.