Stortinget - Møte onsdag den 30. januar 2008 kl. 10

Dato: 30.01.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Borghild Tenden (V) [12:19:01]: «Regjeringen har sluttet seg til nullvisjonen om antallet livsfarlig skadde og drepte i trafikken. Dette er en ambisiøs målsetting. Trafikksikkerhetsarbeidet er sammensatt og krever innsats innenfor en rekke områder som bedre infrastruktur, sikrere kjøretøy, økt kunnskap og ferdigheter blant bilførere.

Hvilke tanker har statsråden gjort seg når det gjelder å bidra til å øke ferdighetene blant bilførere, og særlig unge førere, som ofte er utsatt for alvorlige ulykker?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:39]: Ulukkesutviklinga viser ei halvering av talet på drepne i vegtrafikken sidan 1970. Då vart 560 personar drepne i vegtrafikken, medan talet dei siste åra har vore på mellom 220 og 250. I same perioden er trafikken tredobla. Det vil seie at risikoen for å verte drepen i vegtrafikken er redusert med om lag 85 pst. Dette syner at eit målretta og breitt samansett trafikktryggingsarbeid gjev resultat, men det viser òg at vi framleis har mykje å ta tak i.

Dei fleste drepne i trafikkulukker er førarar og passasjerar i bil, og av desse er unge personar særleg utsette. Sjølv om det ofte er fleire faktorar som spelar inn ved ei ulukke, er det ingen tvil om at føraren har eit stort ansvar, og at gode køyreferdigheiter difor er ein grunnleggjande føresetnad for ein trygg trafikk. Eg set difor stor pris på det engasjementet representanten Tenden viser, og det spørsmålet som vert stilt. I samsvar med nullvisjonen er det òg eit klart mål for Regjeringa å senke risikoen for unge førarar, m.a. ved å prioritere føraropplæringa.

I 2005 vart det innført modulbasert føraropplæring. Opplæringa er no tufta på prinsipp om trinnvis tileigning av kompetanse, slik at det er ein føresetnad å nå målet på eitt trinn for å få tilgang til og ha godt utbyte av opplæringa på det neste trinnet. Grunnleggjande kunnskapar om trafikktryggleik, risikoforståing mv. er sentrale element i opplæringa og er venta å gje auka trafikktryggleik i form av nedgang i ulukker.

Grunna overgangsordningar har opplæring fyrst vore gjeldande for alle førarkortkandidatar frå medio 2006. Det er viktig at ordninga no får verke ei tid før ein vurderer om det er naudsynt å justere. Vegdirektoratet vil difor evaluere ho tidlegast i 2009. Då opplæringsordninga krev auka kompetanse for både sensorar og trafikklærarar, har Vegdirektoratet i samarbeid med trafikkskulebransjen og trafikklærarutdaninga sett i gang prosjektet «Krafttak for god føraropplæring» frå 2007.

Trafikalt grunnkurs vart innført 1. juli 2003. Kurset skal gje grunnleggjande forståing for trafikk og vere utgangspunkt for all vidare føraropplæring. Berre den som har gjennomført eit slikt kurs, har lov til å øvingskøyre. Statistikken viser at høg ulukkesrisiko i stor grad heng saman med lite køyreerfaring. Statens vegvesen gjer difor ein stor innsats for å få ungdom til å køyre mykje før dei melder seg opp til førarprøve. I regelverket er det lagt til rette for å ta trafikalt grunnkurs i skulen. Departementet og Vegdirektoratet vil arbeide vidare for å få fleire offentlege skular til å tilby trafikalt grunnkurs.

Eg har i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet sett i gang eit pilotprosjekt, «Føreropplæring i tilknytning til videregående skole - bedre og billigere i distriktene». Prosjektet legg vekt på trafikktryggleik og praktisk tilrettelegging av føraropplæringa for ungdom i distrikta og vil gje nyttig erfaringsgrunnlag for det vidare samarbeidet mellom skule og trafikkskule.

I går vitja eg Firda vidaregåande skule, ein av dei seks skulane som er med i dette prosjektet. Dei har ei langvarig opplæring. Medrekna trafikalt grunnkurs har dei til saman 67 timar teori, som strekkjer seg over tre år. Ein har òg avtalar med foreldra og eleven - skrivne kontraktar om ei viss mengd køyretrening før ein får melde seg opp til å ta sertifikat.

Det er ingen tvil om at det å strekkje opplæringa utover i tid gjev ei betre forståing av den kompleksiteten ein møter i trafikken. Strykprosenten, som dessverre er på mellom 50 og 60 på landsbasis, er ved denne skulen 15 på teoridelen. På praksisdelen er den gjennomsnittlege strykprosenten 20, medan elevane som har gjennomgått denne opplæringa, har berre vel 3 pst. stryk. Det tilseier at ein her er inne på noko som me må sjå nærare på. Prosjektet skal evaluerast gjennom NTNU, ved ei følgjeevaluering.

Statens vegvesen har òg starta eit prosjekt der målet er å få fram meir kunnskap om einskilde høgrisikogrupper, for å kunne peike ut effektive tiltak mot risikoframferd. Unge førarar er dessverre ei slik høgrisikogruppe. Transportøkonomisk institutt har no fått i oppdrag å følgje to årskull med 16-åringar og 18-åringar for å finne ut meir om deira kunnskap om og framferd i trafikken. Prosjektet er venta ferdigstilt i 2010, og resultata vil leggje viktige premissar for vidare innsats på dette området.

Fleire særskilde tiltak overfor ungdom er sette i verk av dei ulike aktørane på trafikktryggleiksfeltet. «Sei ifrå»-kampanjen til Statens vegvesen og Jentenes trafikkaksjon i regi av Trygg Trafikk er to døme på slike tiltak. «Sei ifrå» vart starta for over ti år sidan i Sogn og Fjordane, og evalueringa syner at tiltaket har positive resultat. Erfaringane syner at ei samordning av fleire tiltak gjev god effekt. Til dømes har haldningskampanjar større verknad om dei vert kombinerte med målretta kontrollar. Tiltaket vert no vidareført òg i andre fylke.

Fleire stader er det òg etablert særskilde buss- og drosjeetilbod for ungdom, som gode alternativ for å kome trygt heim. Tilboda kan vonleg òg redusere omfanget av promillekøyring på dei tidspunkta i helgene då mange av ulukkene skjer. Eg meiner at ordningar som «Trygt heim for ein 50-lapp» både har ein direkte og ein indirekte tryggleikseffekt. For det fyrste reduserer dei talet på ungdomar på vegane på særleg ulukkesbelasta tidspunkt, og for det andre bidreg ordninga til å fokusere på trafikktryggleik.

Utover dette vil eg peike på at òg andre trafikktryggingstiltak som vert gjennomførte, medverkar til å redusere talet på ulukker der ungdomar er involverte, som t.d. etablering av ulike former for midtdelarar, utbetring av sideterreng, fastsetjing og handheving av fartsgrenser, mv. Samarbeidet med politiet er eit særleg viktig element i dette arbeidet.

Den breie, men målretta innsatsen overfor bilførarar generelt og ungdom spesielt held fram. Eg ventar at den komande evalueringa av føraropplæringa og gjennomføringa av etatsprosjekt om høgrisikogrupper vil gje viktige bidrag til utvikling av nye og effektive verkemiddel i arbeidet for auka førardugleik og mot ungdomsulukker.

Eg er glad for at Tenden òg er oppteken av den rolla den einskilde sjåfør har for trafikktryggleiken, og eg vil streke under at eg er svært lydhøyr for forslag og synspunkt.

Borghild Tenden (V) [12:26:14]: Venstre har, som også statsråden sier, lenge hatt fokus på denne saken og spesielt på det med trafikkskoler. Havarikommisjonen har nettopp kommet ut med en tilråding om at autoriserte trafikkskoler bør godkjenne de kandidatene som skal opp til førerprøven. På denne måten vil trafikkskolene i større grad ansvarliggjøres og få brukt den kompetansen de innehar. Vi har veldig mange gode trafikkskoler her i dette landet.

Mener statsråden at dette kan være veien å gå for at vi skal få bedre unge og nyutdannede sjåfører?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:26:55]: Det er ingen tvil om at det å ha tilstrekkeleg køyretrening er eit avgjerande element for å redusere risikoen for ulukker. Det viser òg statistikken. Når me vert 26-27-28 år, reduserer vi risikoen for å verte innblanda i ulukker vesentleg. Men det handlar nok ikkje berre om alder, det handlar mest om at ein då har fått køyretrening. Ein skjønar trafikkbiletet på ein betre måte. Sett i den samanhengen er sjølvsagt forslaget frå Havarikommisjonen interessant, og eg vil definitivt sjå nærare på det - eg har ikkje hatt tid til å gjere det enno - og kva konsekvensar både av praktisk og anna art det måtte ha. Eg synest det er eit konstruktivt innspel i debatten om det felles mål me alle har om å få ned ulukkesrisikoen.

Borghild Tenden (V) [12:27:56]: Venstre mener at offentliggjøring av strykprosent ved de ulike skolene kan ha stor verdi, og at det er et demokratisk grunnprinsipp. Aanestad i Datatilsynet sier i bladet Trafikkskolen:

«Disse opplysningene gir faktisk forbrukerne informasjon som utvilsomt hjelper dem med å velge en kjøreskole som bryr seg om at de når målet sitt om å få et førerkort og bli en trygg og god sjåfør.»

Vil samferdselsministeren sørge for at denne type statistikk blir offentliggjort?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:28:39]: Igjen vil eg takke for eit innspel som eg vil gå inn og sjå nærare på.

Noko av det som slo meg i går då eg besøkte Firda vidaregåande skule, der òg køyreskulen var invitert - det er jo ein køyreskule som tek seg av det praktiske her - var dei haldningane me møtte frå køyrelærarane, det personlege engasjementet dei viste overfor elevane, og som gjenspegla seg i dei elevane eg snakka med. Dei følte at dei vart varetekne. Det viktige var at dei skulle verte gode sjåførar. Som ei av dei uttrykte: Det var ikkje nødvendigvis så viktig at ho fekk sertifikatet til 18-årsdagen, men at ho fekk det i løpet av ei tid framover, og at ho skulle verte ein god sjåfør. Dei haldningane er det viktig å få inn hjå den enkelte elev, og det kan godt hende at det å offentleggjere strykprosenten vil vere eit verkemiddel for å framelske haldningar som er ynskjelege.