Stortinget - Møte tirsdag den 16. desember 2008 kl. 10

Dato: 16.12.2008

Dokumenter: (Innst. S. nr. 113 (2008–2009), jf. Dokument nr. 3:1 (2008–2009))

Sak nr. 10 [12:16:46]

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjonar som er behandla av Stortinget

Talere

Votering i sak nr. 10

Lodve Solholm (FrP) [12:17:11] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Eg har berre nokre få korte merknader. Komiteen har denne gongen valt berre å kommentere to saker som Riksrevisjonen vil følgje opp vidare. Den eine er Dokument nr. 3:12 for 2003–2004, om reinbeiteressursane i Finnmark. Der er det sett i gang tiltak, men Riksrevisjonen finn det for tidlig å kunne uttale seg om effekten av desse tiltaka. Så her vil ein vente litt før ein eventuelt legg denne saka vekk. Det er komiteen einig i.

Den andre saka er Dokument nr. 3:6 for 2004–2005, om Forskingsrådet sine handlingsretta program. Der er det òg sett i gang tiltak som komiteen synest verkar interessante. Riksrevisjonen seier at det er for tidleg å leggje denne saka bort, og at ein vil følgje med på ho vidare. Det er også komiteen samd i.

Dei resterande sakene er då avslutta frå Riksrevisjonen si side, og det er også komiteen samd i.

Presidenten: Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 10.

(Votering, se side 1615)

Votering i sak nr. 10

Komiteen hadde innstilt:

Dokument nr. 3:1 (2008–2009) – om Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjonar som er behandla av Stortinget – vert lagt ved protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.