Stortinget - Møte onsdag den 25. november 2009 kl. 10

Dato: 25.11.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 3

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Per Roar Bredvold til forsvarsministeren, er overført til samferdselsministeren som rette vedkommende.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:28:23]: Jeg ønsker å stille samferdselsministeren følgende spørsmål:

«Mange næringsdrivende, f.eks. de som driver innenfor turisme og reiseliv, sliter med markedsføring av seg og sitt tilbud. Dette kan bl.a. være skilting og i denne forbindelse mangel på forståelse fra «skiltmyndighetene».

Vil statsråden bidra til at det blir enklere å sette opp skilt langs veien nettopp for å øke bedriftenes omsetning ved at flere reisende finner det interessant å besøke stedet?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:28:54]: God skilting er ein viktig del av marknadsføringa for mange verksemder. Den 1. juni 2006 vart det innført ei ny skiltforskrift, og i skiltnormalar til denne er det lagt opp til ein meir liberal praksis enn før når det gjeld veg- og serviceskilting. Statens vegvesen har m.a. fått moglegheit til betre og meir informativ skilting enn tidlegare.

Som skiltstyresmakt må Statens vegvesen likevel avvega ulike omsyn mot kvarandre. Det er t.d. viktig å vareta omsynet til trafikktryggleik. Skiltnormalen gjev føringar for kor mange visingsmål som kan setjast opp i vegkryss utan at dette tek merksemda til trafikantane vekk frå køyringa og trafikkforholda på staden. Av trafikktryggleiksomsyn er såleis talet på visingsmål som ein kan skilta til på kvart skiltoppsett, avgrensa til fem eller seks. Statens vegvesen opplyser at der det er mange geografiske visingsmål som det må visast til, vil det kunna bli liten plass til skilt som viser mot ei serviceverksemd. Der det er fleire ynske om skilting enn det regelverket tillèt, må det difor gjerast ei prioritering.

Eg har fått opplyst at i dei situasjonane der det blir for mange visingsmål i eit vegkryss, kan det brukast alternative måtar for å visa til serviceverksemder. Det kan f.eks. setjast opp informasjonstavler på rasteplassar. I nokre tilfelle kan eit skilt som heiter «Samleskilt for vegvisning» brukast. Dette skiltet viser kva stader eller verksemder som ein kan nå ved å følgja eit felles vegval i etterfølgjande vegkryss eller avkøyring. På eit slikt samleskilt kan ein lista opp dei verksemdene og tilboda som ein kan nå ved å følgja skiltinga til eit felles namn – det vera seg eit felles namn for verksemdene, eit geografisk namn eller eit omgrep som gjev uttrykk for kva type verksemd eller attraksjon skiltet leier til.

Statens vegvesen skal prøva å finna gode og tenlege løysingar. Sjølv om ikkje reglane alltid gjev rom for at det primære ynsket om skilting kan bli oppfylt i den forma det blir søkt om, vil ein likevel ofte lukkast med å finna alternative og tilfredsstillande løysingar. Slik eg kjenner denne saka i dag, ser eg ikkje så langt behov for ei ytterlegare liberalisering. Eg har tillit til at Statens vegvesen gjennomfører den liberaliseringa som var eit av siktemåla med den nye skiltforskrifta og den tilhøyrande skiltnormalen.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:31:46]: Jeg takker statsråden for et informativt svar. Det er riktig at det var en liberalisering av skiltreglementet for noen år tilbake, men jeg får forholdsvis mange henvendelser fra bedrifter, spesielt innenfor reiseliv, som ønsker å sette opp et skilt, og som ser hvor vanskelig det er. Ofte får man dessverre et negativt svar.

Nå hadde jeg egentlig stilt dette spørsmålet til nærings- og handelsministeren, for at man kunne se det fra den siden, selv om jeg jo skjønner at dette selvfølgelig også har med trafikksikkerhet å gjøre. Men det er klart at hvis man driver en næringsvirksomhet og det er vanskelig å få satt opp et skilt som forteller hva man driver med, og hvor man holder til, så er det vanskelig å få en omsetning til å leve av. Det var derfor jeg ønsket at spørsmålet skulle besvares av nærings- og handelsministeren.

Statsråden ser altså ikke noe særlig behov for mer liberalisering – var svaret fra statsråden sånn å forstå?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:32:47]: Lat meg seia aller fyrst at eg trur det har ein eigenverdi at spørsmål som dette blir tekne opp, for det gjev ei moglegheit for fleire til å bli kjende med problemstillinga, sjølvsagt, men òg at det faktisk finst løysingar, f.eks. desse samleskilta.

Det er slik i praksis at på hovudvegane våre er det naturleg nok vanskelegare å få setja opp eit skilt. Der må Statens vegvesen vera meir restriktivt overfor næringsdrivande. Men det er òg der no større moglegheiter som følgje av denne nye typen skilt, samleskilta, som gjer det mogleg å visa fleire verksemder på eitt skilt. På vegar med liten trafikk blir ynske om skilting langt oftare imøtekomne.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:33:57]: Jeg takker statsråden for svaret. Det er et ganske stort behov for mer skilting for å vise hvor man holder til, og hva man driver med. Spesielt gjelder dette ute i distriktene, hvor trafikken kjører rett forbi; turistene oppdager ikke at her er det et eller annet som det kanskje kunne være interessant å besøke, og for de næringsdrivende er det viktig at det blir lagt igjen penger. Det var egentlig det spørsmålet mitt handlet om.

Det har også litt med skilting på bygninger å gjøre – at man får lov til å sette opp et skilt på en bygning. Det har jo ikke så mye med dette å gjøre, men som sagt: Det er viktig å vise hva man driver med, hvordan man driver det, og hvor man er.

Men jeg tar til meg svaret: at det er en viss liberalisering, og at det er muligheter. Så får vi håpe at de som har problemer med å få markedsført seg, får mer positive svar fra dem som har med dette å gjøre, at de sier ja til å sette opp skilt, for det er som sagt et klart behov for det.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:35:04]: Lat meg seia til spørsmålet om kvifor det er samferdselsministeren og ikkje næringsministeren som svarar på dette spørsmålet, at det har med sjølve skiltreglane å gjera, og at Statens vegvesen ligg under meg. Men det er klart at det er mange praktiske spørsmål som gjeld ulike næringsverksemder, som næringsministeren og eg naturlig nok må snakka saman om.

Lat meg understreka at Statens vegvesen skal visa forståing for dei næringsdrivande sine ønske om betre skilting. Det har dei altså òg gjort ved å tilby desse samleskilta. Så håpar eg at det òg blir vist forståing for dei omsyna til trafikktryggleik som må takast.

Eg har altså så langt ikkje sett grunn til, med dei tre åra dette nye regelverket har golde, å føreta noka endring, men vi skal sjølvsagt vera opne for det om eksempel skulle tilseia det.