Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 2010 kl. 10

Dato: 13.01.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Bård Hoksrud (FrP) [11:45:29]: «Utenlandske trailere er hver eneste vinter involvert i ulykker på norske veier både fordi trailerne ikke er utstyrt for vinterføre, og fordi mange sjåfører har liten erfaring med kjøring vinterstid. Det er bra for norsk økonomi at utenlandske aktører får levere varer i Norge uten kostbar omlasting, men noe må gjøres med sikkerheten.

Vil statsråden ta initiativ sammen med bransjen for å få til en ordning der utenlandske sjåfører må dokumentere kunnskap om vinterkjøring, kjettinger og fjelloverganger?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:46:07]: Samferdselsdepartementet har ved fleire høve bedt Vegvesenet gjera seg best mogleg nytte av eksisterande heimlar i vegtrafikklova til å leggja ned midlertidig bruksforbod for køyretøy som ein ser ikkje er tilstrekkeleg utrusta for aktuelle føretilhøve. Det er ikkje slik at eit køyretøy må stå fast før politiet eller Vegvesenet kan halda det tilbake. Dersom køyretøyet etter tenestemennene si vurdering ikkje er sikra tilstrekkeleg veggrep, f.eks. som følgje av at dekka ikkje er eigna for føretilhøva, eller at kjettingen er av for dårleg kvalitet, vil ein kunna halda køyretøyet tilbake.

Vinteren 2007 bad Samferdselsdepartementet Statens vegvesen gjera ein samla gjennomgang av eksisterande og moglege nye tiltak for å betra framkomsten og trafikktryggleiken på norske vintervegar. Bakgrunnen for dette var bl.a. tal frå Vegvesenet som viste at fast- og utforkøyringar utgjer eit monaleg problem på vintervegane, og at utanlandske køyretøy er noko overrepresenterte blant dei køyretøya som hamnar i problem. På bakgrunn av ei oppfordring frå Trygg Trafikk om å stilla krav til glattkøyringskurs for utanlandske førarar av tunge køyretøy vart det vurdert om ein skulle stilla krav om at utanlandske førarar måtte dokumentera kompetanse om vinterkøyring.

Slike tiltak kan vanskeleg gjennomførast utan å koma i konflikt med våre plikter etter EØS-avtalen. Reglane i EØS-avtalen om førarkort og yrkessjåføropplæring forpliktar Noreg til gjensidig godkjenning av alle førarar med førarkort og yrkessjåførbevis utferda i EØS-området. Aktuelle EØS-reglar opnar i utgangspunktet ikkje for at ein stiller slike tilleggskrav og med det forskjellsbehandlar norske og utanlandske førarar. Gjennomføring av ordningar med tilleggskrav til utanlandske førarar ville i alle høve òg innebera store praktiske utfordringar.

Sjølv om utanlandske førarar ofte kan lida under mangel på trening og utrusting for norsk vinterføre, er det likevel grunn til å håpa på ei viss betring i framtida. Ei ordning med felleseuropeiske krav til grunn- og etterutdanning for yrkessjåførar har dei to siste åra vorte sett i verk i EU/EØS-området.

Bård Hoksrud (FrP) [11:48:37]: Jeg vil takke statsråden for svaret.

Det er ganske mange skremmende historier fra folk som kjører over norske fjelloverganger og møter utenlandske sjåfører med dårlig utstyrte kjøretøy. Statsråden sier at man har mulighet til å gi midlertidig forbud mot kjøring. Ser statsråden at man kanskje i lengre perioder, spesielt da på fjelloverganger vinterstid, bør komme med forbud, dvs. nekte f.eks. toakslede biler å kjøre over fjelloverganger. For det er kanskje et av de største problemene, i hvert fall ut fra de tilbakemeldingene jeg får fra mange yrkessjåfører som ser problemene utenlandske kollegaer har når de skal kjøre over fjellovergangene.

Jeg har lyst til å utfordre statsråden på hva man vil gjøre med dette, for vi har sett det på Sørlandet, vi har sett det når utenlandske trailere kommer til Norge – på vinterføre med dårlig utstyr. De burde aldri kjørt på veien, siden det kan medføre en fare for alle de andre trafikantene som er på den samme veien.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:49:47]: Eg har høyrt nokre av desse historiene sjølv. Det er jo òg bakgrunnen for at det er skjerpa merksemd i høve til å halda køyretøy tilbake. Så har eg forhåpning til denne felles opplæringa som på sikt kan bidra til ei betring.

Men lat meg òg seia at det er viktig med god og tilgjengeleg informasjon til førarane. Vegvesenet har difor oppdatert og forbetra informasjonsheftet «Donna Diesel – Trucker's Guide», som gjev faktainformasjon om køyring på norske vintervegar. Heftet finst på fleire språk og er gjort tilgjengeleg på Statens vegvesen sine internettsider. Som ein del av oppdateringa er det bl.a. – som ein del av informasjonen om køyretøytypar med dårlege vintereigenskapar – utarbeidd eit regionvist oversyn over vegstrekningar som ein, under vanskelege vêr- og føretilhøve, ikkje tilrår skal bli nytta av køyretøytypar med dårlege vintereigenskapar.

Bård Hoksrud (FrP) [11:50:46]: Jeg synes det er bra. Statsråden kommer med gode opplysninger om at man gjør en del på informasjonssiden. Men jeg har fortsatt lyst til å utfordre statsråden på det som var essensen i spørsmålet mitt, nemlig om hun vil ta noe initiativ overfor norske lastebilorganisasjoner som jobber aktivt med dette, og ikke minst overfor organisasjoner for yrkessjåfører, nettopp fordi det handler om utenlandske kollegaer som ikke er forberedt på de utfordringene man møter med norsk vintervær over fjellovergangene. Jeg har derfor lyst til å utfordre statsråden på om hun ikke også vil ta et initiativ overfor dem, sånn at man kan gjøre noe med dette. Det kan da skje på frivillig basis.

Så håper jeg at statsråden vil vurdere om man skal stenge fjellovergangene i lengre perioder for visse typer lastebiler som ikke er egnet for å kjøre der, altså ikke bare akkurat når det snør, men kanskje også i lengre perioder, slik at man er sikker på at farlige kjøretøy ikke kjører over fjelloverganger som de aldri burde kjørt på.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:51:54]: Eg er oppteken av å ha god dialog på mange felt, på det som gjeld mitt område i vidaste forstand. Det er heilt openbert at det er viktig å ha god dialog med lastebilnæringa og med dei som har erfaring frå felten på dette. Eg trur nok at dei tiltaka som så langt er sette i verk, har kome nettopp ut av slike samtalar. Eg skal møta desse organisasjonane om kort tid, og då skal eg ta opp dette spørsmålet. Det er heilt klart at det er viktig heile tida å forbetra beredskapen og oppfølginga òg overfor dei tunge køyretøya.