Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 2010 kl. 10

Dato: 13.01.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Arne Sortevik (FrP) [11:38:12]: Dette er et spørsmål som opprinnelig er stilt til samferdselsministeren:

«I valgkampen 2005 var gratisferjer en viktig sak for Senterpartiet, men med Senterpartiet i regjering 2005–2009 ble det ingen gratisferjer. I valgkampen 2009 var gratisferjer også valgkampsak for Senterpartiet. Både kommunal- og regionalministeren og samferdselsministeren lovet at i alle fall skulle et forsøk med gratisferje gjennomføres, nemlig på ferjesambandet fra Daløy i Solund i Sogn og Fjordane fra 1. januar 2010. Nå er dette forsøket avlyst.

Har statsråden fra Senterpartiet fullstendig gitt opp det politiske arbeidet med å gjøre riks- og fylkesveiferjene gratis?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:39:30]: I Soria Moria I vann Senterpartiet fram med mange saker i forhandlingane med Arbeidarpartiet og SV, men ikkje denne. No går me vidare, og me vil setje i gang forsøk med gratis ferjer på to strekningar.

Det er difor ikkje rett at forsøksverksemda ved Daløy–Haldorsneset er avlyst. Me ynskjer framleis å setje i verk forsøk med gratis ferje på dette ferjesambandet, men det har dessverre vorte noko forseinka. Mellom anna ser me no på forholdet til statsstøtteregelverket. Som representanten nok er kjend med frå andre saker, hender det at det tek si tid, og som ein òg er kjend med, kunne nok Senterpartiet ha ynskt seg at me slapp rundane med ESA og EØS-regelverket i alle samanhengar. Men slik har stortingsfleirtalet ynskt det, og det må me rette oss etter. Difor tør eg ikkje å gi ein eksakt dato for når forsøket kjem i gang, men me legg opp til at det skal starte opp i vinter. Me skal òg starte opp forsøksverksemd med gratisferje i Troms ved sambandet Grytøy, Sandsøy og Bjarkøy. Begge forsøka skal etter planen starte opp i 2010, og dei skal gå over tre år. Så vil me evaluere kva verknader forsøka gir for næringsliv og busetnad, noko som vil gi betre grunnlag for å vurdere kva gratis ferje tyder for utviklinga i små samfunn langs kysten.

Arne Sortevik (FrP) [11:41:01]: Takk for svaret.

Det er altså to og ikke ett forsøk som er utsatt. Utredning har vi jo fått i forrige periode, som viser både hva det koster, og hva det betyr.

«Riksveg- og fylkesvegferjer er ein del av vegnettet og bør vere gratis.»

Her siterer jeg Senterpartiets program, og her er Fremskrittspartiet og Senterpartiet helt enige. I Sverige er det slik at ferjene som finnes, er en del av veinettet og er gratis. Sverige er medlem av EU. Sverige har ikke avviklet, men derimot opprettholdt ordningen med gratisferjer etter at Sverige ble EU-medlem.

Hvorfor skal det være vanskeligere for Norge enn for Sverige å innføre gratisferjer?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:43]: Me er i ein litt annan situasjon enn Sverige akkurat i dette tilfellet, for me har allereie konkurranseutsette strekningar som me skal inn med forsøk på, og det betyr at ein må inn og kompensere i høve til dei avtalane som allereie ligg der, og avtalar som ikkje går berre på desse sambanda – då ville det ha vore enkelt – men samband som inngår i pakkar. Det er fleire samband. Så vårt håp er sjølvsagt at me ikkje må gå til noka ny utlysing på grunn av dette, men at ein kan gå inn og kjøpe tenestene på dei eksisterande sambanda med dei eksisterande operatørane, i og med at det utgjer forholdsvis mindre strekningar i den store samanhengen. Men her er det viktig at me har ryddige forhold, og dette må me berre ta oss tid til. Så beklageleg nok er forsøket litt utsett på grunn av det, men det er ingen katastrofe. Dei sambanda det gjeld, kjem til å verte gratis i løpet av forholdsvis kort tid.

Arne Sortevik (FrP) [11:42:58]: Igjen takk for svaret.

Er det fortsatt slik, i alle fall for statsråden, at målet er at ferjene er en del av veinettet og skal være gratis? Eller er denne forsøksøvelsen med to ytterst små samband bare en politisk øvelse for å ha et minimum av ryggdekning i forhold til det som nå har vært valgkampsak for statsrådens parti i to valgkamper? Hvorfor gjennomfører man ikke et forsøk på ferjer med stor trafikk når man først skal gjennomføre forsøk? Det er jo naturlig for meg, som kommer fra Hordaland, å peke på at et av de virkelig store har vi på kyststamveien, E39, Halhjem–Sandvikvåg. Det vil være et viktig bidrag til kostnadslette for alle som bruker det viktige sambandet, og som ellers må betale tillegg i en rekke sammenhenger i forbindelse med eksisterende bompengeprosjekt. Hvorfor velger man ikke et større samband?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:03]: Eg innleidde hovudsvaret mitt med å seie at Senterpartiet har fått gjennomslag for mange viktige saker i Soria Moria I. Me har òg i Soria Moria II fått gjennomslag for mange viktige saker, men gratis ferjer er ikkje ei av dei. Me sit ikkje – eg vil seie heldigvis – i regjering med Framstegspartiet, for eg trur me ville fått fleire saker me var ueinige om enn me var einige om, sjølv om me er einige om gratis ferjer. Men eg kan forsikre representanten Sortevik om at Senterpartiet kjem til å jobbe vidare både i opinionen og i det politiske miljøet for å vinne fleirtal for at ferjene skal vere ein del av riksvegnettet. Inntil så skjer, skal me jobbe med kapasitet og frekvens, slik at både næringsliv og andre som reiser langs kysten vår, skal ha eit godt tilbod og eit tilstrekkeleg tilbod, som er der når ein treng det. Det har me gjort mykje for i det året som ligg bak oss – me har auka ferjebudsjettet med over 1 milliard kr. Me kjem til å halde fram med det viktige arbeidet og ha eit langsiktig mål om gratis ferje.