Stortinget - Møte onsdag den 19. januar 2011 kl. 10

Dato: 19.01.2011

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Ivar Kristiansen (H) [11:49:31]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Utsatt fjernstyring av Nordlandsbanen kombinert med manglende bemanning fra Jernbaneverkets side har skapt alvorlige forsinkelser for godstog fra Oslo til endestasjon i Bodø. Tidvis er mer enn 50 pst. av denne trafikken mer enn fire timer forsinket, med de enorme negative logistikkmessige problemer dette medfører. Forsinkelser kan i stor grad unngås hvis Jernbaneverket har en bemanning på plass som kan sørge for å unngå stans i togtrafikken.

Vil statsråden snarest sørge for at slik bemanning nå kommer på plass på Nordlandsbanen?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:50:14]: Enkelte godstog på Nordlandsbanen har hatt store forseinkingar det siste året. Eg har fått opplyst frå Jernbaneverket at dette i hovudsak har si årsak i at tog er forseinka ut frå godsterminalen på Alnabru i Oslo. Tog ut frå Alnabru kan vera opp til tre timar forseinka i forhold til den oppsette ruteplanen. Forseinkingar ut frå Alnabru kjem av at tog ikkje er gjort klare til avtalt tid i samsvar med ruteplanen.

Hovudproblema på Alnabru har i hovudsak si årsak i:

  • Vinterproblem med vogner som må reingjerast og vogner som må reparerast på verkstaden. Det tek tid å få sett desse i trafikk igjen på grunn av avgrensa operativ sporplass.

  • Det oppstår lett venting når fleire togoperatørar ynskjer skifting samtidig på grunn av avgrensa plass.

  • Det er gjort avgrensingar i bruksmønsteret på grunn av krav om skifting med trykkluftbremsar på store delar av terminalen på grunn av ulukka på Alnabru/Sjursøya.

Når eit tog er forseinka ut frå Alnabru, vil denne forseinkinga som regel vera uendra eller auka på vegen mot Bodø. Dette har samanheng med at frå Eidsvoll og nordover er det enkeltspora bane, som medfører at toga berre kan kryssa på utvalde kryssingsstasjonar avhengig av kor langt toget er. Forseinka tog kan ikkje kryssa som planlagt, og Jernbaneverket må ta eit val om kva slags tog som skal ha prioritet ved kryssing. Gjennom ruteplanprosessen er det fastsett reglar om at eit tog som er i rute, skal ha prioritet ved kryssing framfor tog som er forseinka. Dette medfører at godstog som er forseinka ut frå Oslo, ofte blir forseinka ut frå Trondheim til Bodø. Eg har fått opplyst frå Jernbaneverket at tal frå desember i 2010 viser at forseinkinga på godstog ut frå Oslo til Bodø blir noko redusert på Nordlandsbanen på vegen til Bodø.

Jernbaneverket har utplassert folk på kryssingsstasjonane i samsvar med oppsett ruteplan. Ved forseinkingar vurderer Jernbaneverket om det er mogleg å omplassera folk ut frå kor toga skal kryssa. Slik ekstrabetening blir gjennomført så langt det lèt seg gjera, og dersom det gjev effekt.

Auka bemanning åleine kan ikkje redusera forseinka godstog mellom Oslo og Bodø. For å løysa problema må klargjeringa av godstoga som skal gå frå Alnabru, prioriterast, slik at desse er klare til å gå etter fastsett ruteplan.

Ivar Kristiansen (H) [11:52:48]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg tror nok det er behov for et litt mer utfyllende svar enn det statsråden leverer i dag. For faktum er at man har nedbemannet fra Jernbaneverkets side, samtidig som man hadde et håp om at fjernstyringssystemet – Merkur-systemet – skulle være på plass. Det er som kjent langt fra tilfellet. Da er situasjonen den at man har trappet ned bemanningen, som gjør at tog blir stående i inntil tre timer i Trondheim. Konsekvensen av at man fra Jernbaneverkets side ikke er i stand til å ha én person på plass fem timer per dag i løpet av uken, er at dette forplanter seg og gir nesten uhåndterlige ringvirkninger, som gjør at man får tusener av containere på veinettet, som ikke burde vært der, men som burde vært på jernbanen.

Vil statsråden sørge for å ha én mann på plass på eksempelvis Bolna stasjon, slik at man kan løse dette problemet?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:53:55]: Eg har bedt Jernbaneverket om å ta eit overordna ansvar for den samla jernbaneverksemda på det statlege jernbanenettet, og gjort det klart at det inneber at alle aktørar gjer sitt beste for at togtrafikken er i rute. Det gjeld òg godstrafikken, det gjeld driftinga av godsterminalane.

Så er det planlagt ombygging og utviding av kapasiteten på Alnabru. Det er omtalt i Nasjonal transportplan. På lengre sikt vil det medverka til å gjera godstrafikken mellom Oslo og Bodø meir robust og mindre utsett for forseinkingar. Og så manglar Jernbaneverket i dag jernbanefagleg kompetanse, som òg omfattar togekspeditører. Jernbaneverket har høg prioritet på å få utdanna og rekruttert nødvendig fagkompetanse.

Så veit Ivar Kristiansen veldig godt at noko av det siste Høgre gjorde då dei forlét regjeringa, var å kutta nettopp i løyvingane til jernbanen. Dei er no solid på veg opp igjen.

Ivar Kristiansen (H) [11:55:05]: Den siste sleivete bemerkningen fra statsråden velger jeg å overhøre. Det løser ikke problemet for en stor transportnæring i Norge.

Nå ser vi at Schenker velger å kjøre tog gjennom Sverige, vi ser at CargoNet transporterer 600 000 containere årlig på jernbanelegemet. Dette ødelegger tilliten til et system som får nesten de milliardene de peker på. Slik står det når det gjelder Nordlandsbanen og tilliten til et befraktingssystem om å ha én person på plass fem timer fem dager i uken. Da forventer jeg at statsråden med tanke på denne flaskehalsen kan ta et nytt initiativ til å sørge for at bemanningen kommer på plass, når ikke fjernstyringssystemet er på plass. For statsråden vet enda bedre enn meg at konsekvensen er at vi får tusener av nye vogntog på veinettet, når en helst burde ha sørget for at containerne var med i Jernbaneverkets infrastruktur.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:56:10]: Regjeringa har som mål å få meir gods over på bane. Det er òg det som gjer at vi står på nettopp for å tilretteleggja meir for det. For det handlar sjølvsagt om både løyvingar og kompetanse, og det kan handla om andre forhold. Ein kan kalla det sleivspark, men vi har altså auka løyvingane til jernbanen totalt sett med 67 pst. den stunda vi har vore i regjering. Det har i alle fall medført at vi både har kunna reinsa ballast og sørgt for både vedlikehald, fornying og nye spor, og planlagt noko meir på lengre sikt – bl.a. er Ofotbanen ein suksess i godssamanheng.

Men lat meg understreka: Eg tek med meg dette spørsmålet om ein person på plass i rett tid tilbake til Jernbaneverket. Eg veit at Jernbaneverket for tida slit med manglande kompetanse, men eg tek det med.