Stortinget - Møte torsdag den 21. januar 2016 kl. 10

Dato: 21.01.2016

Dokumenter: (Innst. 146 S (2015–2016), jf. Dokument 8:141 S (2014–2015))

Sak nr. 1 [10:02:03]

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantane Rigmor Aasrud, Kjersti Toppe og Audun Lysbakken om å sikre Skeivt arkiv i Bergen midler til permanent drift

Talere

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Etter ønske fra familie- og kulturkomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det blir gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen innenfor den fordelte taletid, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Marit Nybakk hadde her overtatt presidentplassen.

Laila Marie Reiertsen (FrP) [10:03:02]: (ordførar for saka): Dokument 8:141 S er eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Rigmor Aasrud, Kjersti Toppe og Audun Lysbakken om å sikra Skeivt arkiv i Bergen.

Skeivt arkiv blei etablert som prosjekt ved Universitetsbiblioteket i Bergen i 2014, og komiteen vil rosa Universitetet i Bergen for å ha starta prosjektet. Prosjektet har tatt fatt på eit lenge neglisjert område av kulturhistoria – historie knytt til livserfaringane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, heretter LHBT. Dette er viktig historieforteljing som ikkje må gløymast.

Universitetet i Bergen er eit breiddeuniversitet. Samtidig satsar universitetet langsiktig, både på miljø som varetar fagleg breidde, og på internasjonalt profilerte fagmiljø med spisskompetanse inn mot tematiske problemstillingar. Prosjektet er ein del av avdelinga for spesialsamlingar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Føremålet med prosjektet er å ta vare på arkiv- og bibliotekmateriale, i tillegg til å samla inn munnlege livsminne – videointervju. Det er heldig at eit så viktig arkiveringsprosjekt ligg under eitt av våre universitet. Skeivt arkiv har vore finansiert med intern støtte frå Universitet i Bergen og Universitetsbiblioteket, og dessutan av eksterne midlar frå Norsk kulturråd og Nasjonalbiblioteket.

Universitetet i Bergen er kjent for å vera, og skal vera, eit internasjonalt forskingsuniversitet, og all aktivitet er basert på akademisk fridom og nysgjerrigheitsdriven forsking. Oppdraget til universitetet er å bidra med kompetanse til samfunnet gjennom framifrå forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Fakulteta og Universitetsmuseet representerer våre viktigaste kunnskapsarenaer og er dermed godt eigna for å vareta eit prosjekt som Skeivt arkiv.

Universitetet er opptatt av å visa fram relevansen av forsking og utdanning. Meiningsbryting og kunnskapsformidling er ein føresetnad for å utvikla akademia og eit demokratisk samfunn. Noreg har eit særskilt ansvar for å fremja LHBT-personar sine rettar fordi landet har ei historie, eit verdisett og eit lovverk som gjer dette mogleg og ønskjeleg. Difor kan Skeivt arkiv òg bli eit viktig norsk tilskot til det internasjonale arbeidet for rettane til LHBT-personar. Samstundes vil Skeivt arkiv kunne medverka til auka bevisstgjering i Noreg om LHBT-historie, og haldningsendringar der fordommar framleis er verksame.

Det er eit nasjonalt ansvar å sikra dokumentasjon om utviklinga i samfunnet og handteringa av denne historia. Det hastar med å samla inn skeiv historie i Noreg, og det er viktig å innhenta forteljingar og materiale som kan dokumentera denne historia før det går tapt. Som hordalending er eg overtydd om at Universitetet i Bergen vil vera den beste institusjonen til å driva dette prosjektet, så lenge dei får dei økonomiske midlane som trengst.

På vegner av Høgre og Framstegspartiet vil eg visa til budsjettforliket av 23. november 2015, der det blei løyvd 5 mill. kr til Skeivt arkiv. Eg vil retta ei særs stor takk til våre gode samarbeidskollegaer i Kristeleg Folkeparti og Venstre som prioriterte dette i forhandlingane. Desse midlane blir overførde til Kunnskapsdepartementet, sidan dette er rett adresse for midlar som går til universiteta.

Geir Jørgen Bekkevold (KrF) [10:06:41]: Takk til saksordføreren for en god gjennomgang. Jeg skal ikke holde noe langt innlegg, jeg har bare behov for å si at ved en inkurie har Kristelig Folkeparti falt ut av en merknad fra Høyre og Fremskrittspartiet der det nettopp vises til budsjettforhandlingene. Selvsagt stiller Kristelig Folkeparti seg helt bak det man fikk til i budsjettforhandlingene, bl.a. disse 5 mill. kr til Skeivt arkiv, som vi selvsagt støtter, da det er viktig å kunne dokumentere LHBT-personers historie, og slik sett samle den kunnskapen vi har om dette i et slikt arkiv. Så jeg hadde bare behov for å presisere at vi selvsagt er enig i det som vi har vært med på å forhandle fram i budsjettforhandlingene, herunder de 5 mill. kr til Skeivt arkiv.

Liv Signe Navarsete (Sp) [10:08:01]: Stortinget må leggje til rette for at historia til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i Noreg er tilgjengeleg for offentlegheita. Difor er det gledeleg at Skeivt arkiv fekk midlar over statsbudsjettet, slik ein ber om i representantforslaget.

Senterpartiet legg til grunn at ei løysing som inneber statlege midlar og permanent drift, vert vidareført òg framover. Permanent drift innanfor rimeleg føreseielege rammer er ein føresetnad for å drive eit arkiv langsiktig og godt. Skeivt arkiv inneheld historier det har stor verdi for samfunnet ikkje å gløyme og å halde levande. Noreg treng eit permanent nasjonalt senter for LHBT-historie.

Då Kim Friele donerte sitt private arkiv frå om lag 50 års arbeid til Universitetet i Bergen i 2013, gav ho eit avgjerande bidrag til eit viktig historiefagleg arbeid i Noreg i mange år framover. Skeivt arkiv inneheld no arkivmateriale både frå personar og organisasjonar, bøker og tidsskrift. Delar av arbeidet kan seiast å vere tidskritisk, samstundes som det er kontinuerleg. Eit døme på dette er munnleg innsamling, der tidleg LHBT-historie – heldigvis, får eg leggje til – ofte er av ein heilt annan karakter enn samtidshistoriene. Begge perspektiva er viktige for å få til eit så komplett bilde som mogleg, ikkje berre av den skeive historia, men av Noreg si historie.

Då Friele gav frå seg arkivet sitt i 2013, trekte ho i Bergensavisen fram Det norske forbundet av 1948, seinare LHH, sin kamp for å avskaffe forbodet i straffelova i 1972 mot det som vart kalla utuktig omgang mellom menn, og å få vekk sjukdomsdiagnosen. Det er ikkje så veldig lenge sidan dette, men det verkar likevel lenge sidan i dag. Sidan 2008 har me hatt felles ekteskapslov for heterofile og homofile par. Dette er sjølvsagt òg viktig politisk historie, og det er eit viktig samfunnsoppdrag å dokumentere vegen hit på skikkeleg vitskapleg vis, ikkje minst fordi lesbiske, homofile, bifile og transpersonar sine rettar langt ifrå kan takast som sjølvsagde – i resten av verda endå mindre enn i Noreg. Skeivt arkiv er viktig også i eit folkeopplysningsperspektiv. Det er eit kontinuerleg arbeid å syte for kunnskap om og respekt for at alle i det norske fellesskapet skal ha rett til eit godt liv utan diskriminering.

Eg og Senterpartiet meiner at arkivet er i dei beste hender hjå Universitetet i Bergen og Universitetsbiblioteket. Avdeling for spesialsamlingar ved Universitetsbiblioteket i Bergen har, som det står i forslaget, «spisskompetanse på oppbevaring, konservering og formidling av arkivmateriale». Arkivet har ei solid forankring i ein organisasjon med infrastruktur, utstyr, depot og ekspertise til å ta hand om kulturhistorisk arkivmateriale.

Skeivt arkiv inngår i den nasjonale dokumentasjonen av vår felles historie, og Senterpartiet ynskjer at det skal sikrast permanent drift slik at det kan utviklast vidare.

Terje Breivik (V) [10:11:18]: Skeivt arkiv i Bergen dekkjer eit kunnskapshol i norsk politisk, sosial og kulturell historie. Ein kan gjerne seia at homokamp, feminisme og likestillingskamp er fleire sider av ei og same sak. Men mens kvinnerørsla og feminismen er godt dokumenterte og mykje studerte, har ikkje historia om frigjeringskampen for seksuell orientering og kjønnsuttrykk vore gjenstand for same systematikk og innsats.

Skeivt arkiv fyller dette tomrommet i norsk arkiv-, bibliotek- og museumssektor ved å vera eit nasjonalt arkiv og senter for LHBT-historier. I løpet av den korte tida dei har eksistert, har dei samla inn arkiv, utført intervju, laga nettsider med omfattande informasjon om norsk skeiv historie og bidrege med eiga forsking og initiering av studentprosjekt og forsking andre stader. Arkivet har fått til alt dette med svært små ressursar – forsvinnande lite i høve til det som har vorte gjort på andre tilsvarande arkiv og museum og senter som er retta inn mot minoritetshistorie.

Endringa i straffelova i 1972 er ikkje lenge sidan. Det er ei historie som verkeleg er verdt å merka seg, og som fortel mykje om framveksten av det moderne Noreg. Dokumentasjon, forsking og formidling er avgjerande for at historia skal verta teken vare på. Det gjer Skeivt arkiv til ein uvurderleg nasjonal ressurs. Miljøet i Bergen, ikkje minst Universitetet i Bergen, som har teke nasjonalt ansvar heilt på eige initiativ, skal ha mykje av æra for at Skeivt arkiv kom på plass.

Ynsket om eit homohistorisk arkiv, og for den del museum, og ynsket om å samla inn homohistorisk dokumentasjon, er noko som har vore på agendaen lenge. Ideen vart fyrst lufta i Nettverk for forsking om homoseksualitet ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo, leia av Turid Eikvam. Leif Pareli ved Norsk Folkemuseum har òg vore viktig. Men det er Tone Hellesund og Runar Jordåen som skal ha æra for at dei aldri gav opp. Dette er eit godt døme på suksess ved at fleire gode krefter jobbar saman mot eit felles mål. Når me snakkar om at gode krefter jobbar saman mot felles mål, vil eg òg påpeika at det etter kvart har vorte ein brei allianse òg i dette huset for å ta eit oppgjer med historisk urett og hindra diskriminering på grunnlag av seksuell orientering. Dei som har arbeidd og stått på i denne saka, skal ha sin rettmessige plass i den historia Skeivt arkiv no sikrar dokumentasjon av.

Som tidlegare generalsekretær i Venstre, og som ein som har hatt Venstres Hus som arbeidsplass i ni–ti år, synest eg det er på sin plass å minna om at uttrykket «skeivt» i norsk homosjargong har sin heilt spesielle historie, med ei klar kopling til den fyrste utestaden der det var lov for homofile å møtast. Det var eit diskotek som vart kalla «Keiva» fordi det låg akkurat i Venstres Hus.

Eg har lyst til å sitera frå ein avisartikkel i Aftenposten 23. oktober 2008 ført i pennen av Hilde Lundgaard:

«Venstres Hus i Oslo 14. april 1972: Det er stor fest og upåklagelig stemning i lokalene. Samme dag har Stortinget opphevet den forhatte paragraf 213, paragrafen som stemplet menn som hadde sex med menn som kriminelle. - Det ble litt meget gråting. Men en flott feiring med både polonese og vals, før vi slo ut håret med dragshow og cabaret, minnes daværende leder av DNF-48, Karen-Christine Friele.»

Friele hugsar det store augeblikket då ho sat på galleriet i Stortinget fredag 14. april 1972:

«Høyre snudde i siste øyeblikk, og frafalt kravet om økt lavalder. Dermed sto Kr.F. alene igjen. - Jeg storgråt. Etterpå ble jeg invitert ned i salen av Arne Kielland, krumtappen for å drive saken igjennom. Iført både skjørt og høye hæler kastet hun seg i ren begeistring om halsen på Kielland, og hørte Bent Røiseland bemerke: – Friele da. Jeg trodde ikke du fløy på mannfolk.»

Løyvinga der framtida til Skeivt arkiv vart sikra i statsbudsjettet for 2016, var ei viktig og prioritert sak for Venstre i forhandlingane med regjeringspartia – ikkje fordi det samla var snakk om mykje pengar, men fordi det for eit sosial-liberalt parti er verdimessig viktig både å bøta på statleg utført urett og å sikra viktige historier for ettertida.

Eg trur eg avsluttar der.

Audun Lysbakken (SV) [10:16:30]: Det er gledelig at det er så bred enighet om ønsket om en varig finansiering av Skeivt arkiv. De av oss som kommer fra Bergen, er kanskje litt ekstra stolte over at initiativet til dette har kommet i vår by.

Jeg har lyst til å knytte noen ord, på samme måte som representanten Breivik gjorde, til hva slags historie det er vi nå sier at vi ønsker å dokumentere og ta vare på. Det er historien om en veldig dramatisk og veldig viktig frigjøringskamp. Det er ikke unaturlig at dette arkivet skal ligge i Bergen, på grunn av mange av de menneskene som sto oppe i dette, og også fordi en del av de viktige episodene i denne kampen foregikk i Bergen.

Målet til Skeivt arkiv, som i utgangspunktet har blitt bygget opp av frivillige, men som Universitetet i Bergen har tatt et veldig positivt ansvar for etter hvert, er å dokumentere livserfaringene til lesbiske, homofile, bifile og transpersoner i Norge og den politiske og kulturelle kampen som har vært ført for retten til å være den du er, til å elske den du vil, og til å leve det livet du selv ønsker deg.

Jeg synes det er viktig fortsatt at Stortinget tar et ekstra ansvar for å dokumentere dette. Det er klart at dette er innenfor det vi kan forutsette at f.eks. Universitetet i Bergen gjør selv, men jeg tenker at det er verdig og riktig at Stortinget tar et ekstra ansvar, ikke minst fordi de overgrepene fra storsamfunnet som så lenge fant sted mot disse menneskene, var forankret her i denne sal. Det var her lovforbudene ble vedtatt, men det var også – heldigvis – her de ble opphevet og de diskriminerende lovene forsvant.

På vegne av SV vil jeg også si at jeg er stolt over den rollen vårt parti har spilt i denne historien. Det var stortingsrepresentant for SF Arne Kielland som fremmet forslag om å oppheve lovforbudet, og det var SVs Siri Hall Arnøy som fremmet det første forslaget om en kjønnsnøytral ekteskapslov i Norge.

Jeg tenker at det fortsatt er vår oppgave å bidra til å rette opp de overgrepene som det lovverket Stortinget i sin tid var ansvarlig for, førte til. Det å uttrykke vårt klare ønske om en varig drift av Skeivt arkiv synes jeg er en av de tingene som kan bidra til det. Jeg er glad for at flertallspartiene har kommet med den bevilgningen de har gjort i sin budsjettprosess. Jeg er glad for at vi fikk fremmet et felles forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV.

Så vil jeg understreke betydningen av at vi får varige løsninger, at vi når prosjektperioden er gjennomført, får til en varig drift av arkivet, både fordi det fortsatt har en stor oppgave å gjøre når det gjelder å samle inn historisk kunnskap, og også fordi dette arkivet kan spille en rolle, som representanten Breivik og representanten Navarsete sa så utmerket, i et kommende arbeid for å spre de verdiene som nå ligger bak det norske lovverket, også internasjonalt. Bevisstheten rundt hva det har kostet, bevisstheten rundt hva slags mennesker som har gått foran for å skape den toleransen og den aksepten som i dag tross alt finnes i Norge, kan også være viktig for å inspirere mennesker i andre land som ikke har friheten til å være seg selv, elske den de vil, og leve sånn som de ønsker.

Hege Haukeland Liadal (A) [10:20:55]: Arbeiderpartiet mener i likhet med forrige taler at det er et nasjonalt ansvar å sikre dokumentasjon om samfunnets utvikling og håndtering av LHBT-historien.

Vi mener det haster å samle inn skeiv historie i Norge, og at det er viktig å dokumentere fortellinger og materiale som dokumenterer LHBT-historien før den går tapt.

Vi viser til vårt alternative budsjett – en bevilgning på 5 mill. kr – og vårt forslag som lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre Skeivt arkiv ved Universitet i Bergen permanent drift gjennom fast statlig tilskudd over statsbudsjettet.»

Jeg tar herved opp dette forslaget.

Presidenten: Representanten Hege Haukeland Liadal har tatt opp det forslaget hun refererte.

Neste taler er statsråd Linda C. Hofstad Helleland. Presidenten vil benytte anledningen til å ønske Hofstad Helleland velkommen til Stortinget som statsråd.

Statsråd Linda C. Hofstad Helleland [10:22:08]: Tusen takk! Jeg har først lyst til å ønske Stortinget et godt nytt år, og særlig har jeg lyst til å hilse til kulturkomiteen, som jeg ser fram til et konstruktivt og godt samarbeid med til beste for hele feltet som vi jobber for.

«Venner, velkommen inn

fra Sodomas parker og Lesbos' strender,

fra barrikader og ensomhetens brønn.

[…]

Venner og venners venner, velkommen inn

under en flik av lilla himmel

med det varme lyset fra en trekantet sol.»

Disse ordene er fra 1985 og tilhører forfatter og oversetter Tormod Haugen. Sitatet finnes på Skeivt arkivs nettside – et flott sted å finne kunnskap om norsk skeiv historie: fra sykdomsdiagnose og forbud mot homofilt samliv til anerkjennelse og særskilt beskyttelse. Skeivt arkiv omfatter dokumenter fra personer og organisasjoner som har bidratt til denne utviklingen. Og her er det mye både artig og rørende lesning. For eksempel dokumenterer arkivet etter Siri E. Kvalheim initiativene til opprettelse av håndballaget Afrodite og en europeisk håndball-cup for lesbiske. Kirsti Malteruds arkiv viser oppstarten av Oslo Helseråds rådgivningstjeneste for homofile på 1970-tallet.

Aftenposten hadde et portrettintervju med Kim Friele i fjor. Det leste jeg med stor interesse. Damen, som både har vært drapstruet og sjikanert, har som kjent også en god dose humor. Da hun fikk avslag på visum til USA grunnet sin seksuelle legning, sa damen i skranken spøkefullt: «We have to protect the president, you know.» Hvorpå Friele repliserte: «You mean, you have to protect MRS. president!»

Det er ikke bare kjente homofile, som Kim Friele, som kommer til orde i Skeivt arkiv. Arkivet åpner også for en dokumentasjon av vår egen samtid og hvordan seksuelle minoriteter opplever den. De får fortelle anonymt om egne erfaringer, og lesningen av deres innlegg sier mye om den tiden vi lever i – på godt og vondt.

Vår kulturarv omfatter materielle og immaterielle verdier som vi velger å ta med inn i fremtiden. Arkivene er en del av vår kulturarv. I arkivloven har Stortinget pålagt statlige og kommunale virksomheter å ta vare på sine dokumenter slik at de blir tilgjengelige for fremtiden. Denne arkivplikten gjelder derimot ikke privatpersoner, organisasjoner og bedrifter. Arkivverket har derfor nylig vedtatt en strategi for arbeidet med privatarkiv fordi mange private arkiver har stor samfunnsmessig verdi og interesse. Men noen må velge hvilke privatarkiver som skal tas vare på slik at de blir tilgjengelige for fremtiden, og dermed også blir en del av vår kulturarv.

I de offentlige arkivene i Norge er homofili i stor grad dokumentert enten som kriminelle handlinger eller som en psykiatrisk diagnose. Det er nettopp derfor den beslutningen som vi er med på å støtte opp om i dag, er så viktig, fordi de private arkivene gir et helt annet perspektiv.

Historien om – og kampen for – homofiles rettigheter og livsberetninger finnes først og fremst i de private arkivene. Med utgangspunkt i den sterke historiefaglige kompetansen på dette området valgte Universitetet i Bergen å bygge opp privatarkivsamlingen Skeivt arkiv, og her er det enkeltpersoner som skal ha veldig mye av æren for at dette nå er på plass. Dokumenter fra denne historien inngår dermed i vår kulturarv.

I budsjettforhandlingene i fjor var det Venstre som løftet inn forslaget om fast driftsstøtte til Skeivt arkiv. Med forslaget fra Venstre ble ønsket om særskilt støtte en reell mulighet. Jeg skjønner derfor godt at man i Venstre er spesielt stolt i dag. Jeg er også glad for at de andre samarbeidspartiene sluttet seg til, og jeg er også glad for initiativet som kom fra opposisjonen, som gjør at det er et samlet storting og bred enighet om at det er et nasjonalt ansvar å samle inn og ta vare på og formidle privatarkiv om lesbiske, homofile, bifile og transpersoner.

Presidenten: De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Audun Lysbakken (SV) [10:27:33]: Jeg glemte en viktig detalj. Siden SV ikke har plass i komiteen, står vi heller ikke bak forslaget i innstillingen. Men som jeg nevnte i mitt innlegg, ønsker vi at Skeivt arkiv får en permanent bevilgning. Så SV vil stemme for det forslaget som Arbeiderpartiet har fremmet.

Terje Breivik (V) [10:28:02]: Det siste innlegget frå Lysbakken viste at det endå var viktig å teikna seg, for det må jo vera ei aldri så lita misforståing viss både Lysbakken og representanten Haukeland Liadal trur at det vedtaket som samarbeidspartia gjorde då me vedtok statsbudsjettet for 2016, ikkje betyr fast driftsstøtte, jf. òg det som kulturministeren akkurat sa avslutningsvis i innlegget sitt. Slik sett er det forslaget som Haukeland Liadal sette fram på vegner av Arbeidarpartiet, og som Lysbakken har sagt at SV kjem til å støtta, strengt tatt heilt unødvendig. Så har eg respekt for at det kan vera behov for å markera eit standpunkt.

Slik at det ikkje er tvil, og slik at det òg er sagt av underteikna, som representant for det partiet som tok initiativ til dette i budsjettforhandlingane: Dei 5 mill. kr er sjølvsagt synonymt med eit fast årleg driftstilskot. Så kan det sjølvsagt alltid vera eit spørsmål om dei treng den same summen kvart år. Det er ikkje tvil om at Skeivt arkiv treng ekstraordinært mykje pengar i ein periode då dei skal byggja opp eit tilbod, men det reknar eg med at me har ein open, god dialog med Universitetet i Bergen om seinare.

Ketil Kjenseth (V) [10:29:37]: Som en skeiv stemme vil jeg rose Stortinget for dagens vedtak. Jeg representerer en generasjon som er solsida av en lang historie. For meg har det vært helt uproblematisk å vokse opp som homofil. Det synes jeg er viktig å si i dag, for det sier noe om hva vi i dag fatter vedtak om å dokumentere, og også hvilket tidsperspektiv som ligger bak den kampen. Derfor er det aller mest en stor takk til dem som gjorde den jobben på 1950-, 1960-, 1970- og 1980-tallet.

Det er fortsatt sånn at det er noen historier å fortelle og dokumentere, og de tilhører på en måte min fars generasjon og bestefar og bestemors generasjon, som også blir omfattet av vedtaket i dag, fordi det gjør handlingsrommet for Skeivt arkiv litt større til å dokumentere noen få av de stemmene som fortsatt ikke er arkivert.

Det er også en viktig side ved denne debatten som statsråden trekker fram, når det gjelder de prinsipielle sidene om private og offentlige arkiv. Nettopp denne saken viser jo hvor viktig det er å inkludere de private arkivene. Selvfølgelig er debatten om hvilke som skal tas med, viktig, men det er en debatt vi er nødt til å ha framover, fordi informasjonsmengden blir stadig større. Også mulighetene til å dokumentere digitalt blir stadig større, og samhandlingen mellom de offentlige og det private blir derfor viktig. Vi kommer framover til å møte lignende saksområder som skal dokumenteres, og hvor det offentlige ikke nødvendigvis har kapasiteten til å gjøre det.

Det vil fortsatt være en spennende debatt om de prinsipielle sidene knyttet til denne saken, som den også har reist.

Anette Trettebergstuen (A) [10:31:59]: Det er behov for å presisere at denne saken ble reist av Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet som et representantforslag fordi disse partiene mener at det er en viktig og nasjonal oppgave å sikre og dokumentere LHBT-historien, både dens skyggesider og dens positive sider, og derfor er det behov for at man sikrer Skeivt arkiv permanent drift gjennom et fast årlig tilskudd over statsbudsjettet.

Det er blitt reist tvil om hva budsjettforliket mellom regjeringspartiene og samarbeidspartiene egentlig innebærer. Det er blitt reist i den offentlige debatten, og vi har også undret oss over det. Jeg er glad for at representanten Breivik her i dag sier at det Venstre med Kristelig Folkeparti har ment å sikre, er nettopp en slik type permanent drift over statsbudsjettet. Derfor er det underlig at regjeringspartiene i merknaden i innstillingen skriver at de

«understreker at Skeivt arkiv er igangsatt av Universitetet i Bergen, som årlig får driftsbevilgninger over statsbudsjettet. I samsvar med den etablerte rammebudsjetteringen vil det være Universitetet i Bergen som tar stilling til den videre driftsfinansieringen av prosjektet».

Av det går det ikke an å lese at budsjettvedtaket mellom samarbeidspartiene og regjeringspartiene innebærer en fast permanent drift gjennom tilskudd over statsbudsjettet. Så dersom Kristelig Folkeparti og Venstre mener, på lik linje med Arbeiderpartiet, SV og Senterpartiet, at Skeivt arkiv er viktig og nødvendig for å sikre LHBT-historien vår, stemmer dere for vårt mindretallsforslag om å gjøre nettopp det.

Presidenten: Representanten Terje Breivik har hatt ordet to ganger tidligere og får ordet til en kort merknad, begrenset til 1 minutt.

Terje Breivik (V) [10:34:16]: Eg synest det er litt synd at me lagar politisk polemikk ut av ei sak som eigentleg er så viktig, og som me er så samde om – utan at eg skal gjenta det eg sa i stad. Alle som har vore med på å laga eit statsbudsjett – og Arbeidarpartiet burde ha ei historie som tilseier at dei har ein hugs som gjer at dei veit korleis det fungerer – veit at når ein fyrst har sett av ein sum i statsbudsjettet, er det eit fast driftstilskot.

Det som kanskje òg gjev litt grunn til ettertanke i det representanten Trettebergstuen no seier, er at ho òg eigentleg insinuerer ein mistillit – at Universitetet i Bergen, som verkeleg har teke nasjonalt ansvar utan å ha desse midlane på plass, ikkje skulle fortsetja med det når Stortinget så til dei grader har sagt at 5 mill. kr er det årlege faste driftstilskotet til nettopp Skeivt arkiv.

Så for å gjenta meg sjølv: Dette er strengt teke eit heilt unødvendig forslag å setja fram frå Stortingets talarstol.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det satt fram ett forslag. Det er forslag nr. 1, fra Hege Haukeland Liadal på vegne av Arbeiderpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre Skeivt arkiv ved Universitetet i Bergen permanent drift gjennom fast statlig tilskudd over statsbudsjettet.»

Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har varslet støtte til forslaget.

Votering:Forslaget fra Arbeiderpartiet ble med 59 mot 43 stemmer ikke bifalt.(Voteringsutskrift kl. 11.27.39)Komiteen hadde innstilt:

Dokument 8:141 S (2014–2015) – representantforslag fra stortingsrepresentantane Rigmor Aasrud, Kjersti Toppe og Audun Lysbakken om å sikre Skeivt arkiv i Bergen midler til permanent drift – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.

Presidenten: I sak nr. 2 foreligger det ikke noe voteringstema.