Stortinget - Møte fredag den 1. juni 2018

Dato: 01.06.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Innhold

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Stortinget er då klare til å gå til votering.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten har Freddy André Øvstegård sett fram eit forslag på vegner av Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om nedleggelse av Kringkastingsrådet, distriktsprogramrådene og det samiske programrådet i forbindelse med at det legges fram forslag til ny kringkastingslov. Samtidig bes regjeringen om å legge fram et forslag til endring i NRK-plakaten, der NRK pålegges å sikre et klageorgan uten politiske bindinger, og der offentligheten har innsyn i behandlingen. Dette organet må gjenspeile dagens ordning med nasjonale, regionale og samiske hensyn.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:162 S (2017–2018) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Freddy André Øvstegård og Nicholas Wilkinson om å legge ned Kringkastingsrådet – vedtas ikke.

Voteringstavlene viste at ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Sosialistisk Venstreparti hadde 86 representantar røysta for tilrådinga og 8 representantar for forslaget.

(Voteringsutskrift kl. 13.00.52)

Heidi Nordby Lunde (H) (fra salen): Jeg stemte feil.

Presidenten: Det er fleire som ikkje har fått røysta. Me tek voteringa om igjen.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 91 mot 7 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.01.47)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Heidi Greni på vegner av Senterpartiet

  • forslag nr. 2, frå Lars Haltbrekken på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 2, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte dersom den ser behov for endringer av regelverket for bruk av elmotor på vann under 2 kvadratkilometer.»

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 89 mot 9 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.02.26)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til endring i lov om motorferdsel i utmark som åpner for bruk av elektriske båtmotorer med begrenset effekt i vann som er mindre enn to kvadratkilometer.»

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 86 mot 12 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.02.46)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringen foreta oppmykninger i forskriftene til lov om motorferdsel i utmark som gjør det mulig for kommunene å gi dispensasjoner for bruk av elmotor med begrenset effekt på vann under 2 kvadratkilometer.

Dispensasjon bør bare kunne gis etter at kommunene har vurdert om det er forsvarlig ut fra hensynet til vannet som levested for viltarter og fugler, herunder særskilt legge vekt på hensynet til hekkeområder.

Presidenten: Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 87 mot 8 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.03.09)

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten har Lars Haltbrekken sett fram eit forslag på vegner av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en supplerende nasjonalparkplan for Stortinget innen 2020, med forslag til nye nasjonalparker, og med vurdering av utvidelse av eksisterende nasjonalparker, som kan sikre at et representativt utvalg av norsk natur blir vernet som nasjonalparker.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:185 S (2017–2018) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tore Storehaug, Kari Elisabeth Kaski, Lars Haltbrekken og Arne Nævra om en ny, supplerende nasjonalparkplan – vedtas ikke.

Voteringstavlene viste at ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart tilrådinga vedteken med 56 mot 42 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.04.04)

Heidi Greni (Sp) (fra salen): Jeg stemte feil.

Presidenten: Me bør ta den voteringa om igjen.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart tilrådinga vedteken med 57 mot 41 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.04.46)

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt elleve forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Lars Haltbrekken på vegner av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Lars Haltbrekken på vegner av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne

  • forslaga nr. 4–9, frå Lars Haltbrekken på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne

  • forslaga nr. 10 og 11, frå Per Espen Stoknes på vegner av Miljøpartiet Dei Grøne

Det vert votert over forslaga nr. 4–9, frå Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne.

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem et forslag om å gjøre Oslomarka til et internasjonalt pionérområde for restaurering av vill natur, intakte økosystemer og opplevelser.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede og arbeide for å etablere større, sammenhengende nasjonalparker og verneområder på tvers av landegrensene i Norden, særlig på Nordkalotten.»

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber regjeringen jobbe for å restaurere områder med artsrik løvskog i området rundt Oslofjorden og på Sørlandskysten.»

Forslag nr. 7 lyder:

«Stortinget ber regjeringen stanse tapet av villmarkspreget og inngrepsfri natur i Norge og utvikle en plan for å øke andelen slik natur i årene som kommer.»

Forslag nr. 8 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede et system der staten gir grunneiere betaling for spesielt viktige økosystemtjenester som krever aktiv skjøtsel, eller som innskrenker muligheten for annen inntekt, herunder overgang til plukkhogst med sikte på å reetablere artsrik fleraldret skog, opprettholdelse og økning av biologisk mangfold i kulturlandskap og reetablering av sjeldne eller truede arter.»

Forslag nr. 9 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at restaurering av natur og artsmangfold i og langs vassdrag gjøres til en sentral målsetting for kommende vilkårsrevisjoner.»

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart med 89 mot 9 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 13.05.55)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 2 og 3, frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen på en egnet måte legge fram en opptrappingsplan som sikrer en stor økning av antallet prioriterte arter og aktive handlingsplaner for disse artene, og en økning i antallet utvalgte naturtyper.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding som inneholder en plan for storskala restaurering av villere natur, intakte økosystemer og større opplevelsesmuligheter i norsk natur – i tråd med Norges Aichi-forpliktelse om å restaurere 15 pst. av våre forringede økosystemer.»

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart med 62 mot 35 stemmer ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 13.06.16)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme med forslag til bedre beskyttelse av deltaer, bløtbunnsområder og andre gruntvannsområder langs kysten. Rettferdige og hensiktsmessige erstatningsordninger for båndlegging av privateide områder må belyses.»

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne vart med 57 mot 41 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.06.36)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 10 og 11, frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Forslag nr. 10 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sette i gang et arbeid med mål om å etablere Norges første nasjonalpark med forbud mot jakt på alle arter, inkludert rovdyr.»

Forslag nr. 11 lyder:

«Stortinget ber regjeringen trappe opp arbeidet for å bevare og restaurere kulturlandskap både gjennom reformer i landbrukspolitikken og gjennom målrettede tiltak for å restaurere spesielt verdifulle og artsrike kulturlandskap som kulturbetinget slåtte- og beiteeng, lauveng, hagemark, beiteskog og høstingsskog.»

Sosialistisk Venstreparti har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne vart med 90 mot 8 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 13.07.00)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:211S (2017–2018) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Per Espen Stoknes om naturfornyelse, rikere økosystemer og større opplevelsesmuligheter – vedtas ikke.

Presidenten: Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti , Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla at dei vil røysta imot.

Voteringstavlene viste at 53 representantar hadde røysta for tilrådinga frå komiteen og 44 representantar hadde røysta imot.

(Voteringsutskrift kl. 13.07.39)

Mathilde Tybring-Gjedde (H) (fra salen): Jeg stemte feil.

Presidenten: Me rettar det opp. Då er det 54 representantar som har røysta for tilrådinga, og 43 som har røysta imot. Tilrådinga frå komiteen er dermed vedteken.

Votering i sakene nr. 7–9

Presidenten: Sakene nr. 7–9 er andre gongs handsaming av lovsaker og gjeld lovvedtaka 58 til og med 60.

Det ligg ikkje føre noko forslag til merknad. Stortingets lovvedtak er dermed vedtekne ved andre gongs handsaming og vert å senda Kongen i samsvar med Grunnlova.