Stortinget - Møte tirsdag den 14. juni 2022

Dato: 14.06.2022
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Reidar Due

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant Reidar Due gjekk bort 29. oktober i fjor, nær 99 år gamal. Reidar Due vart fødd i det som då heitte Kristiania, i 1922, og kom frå ein borgarleg heim. Mor hans, Katy Due, gjorde politisk karriere i Høgre. Farmora var frå storgarden Mo i Levanger, som hadde vore i slekta sidan 1600-talet. Reidar Due arva garden frå ein grandonkel og vart difor ganske tidleg trønder – men heldt på riksmålet. Kona hans, Tullik, hans solide støttespelar gjennom heile livet, følgde han både i arbeidsdagen på Mo og i hans politiske virke. Saman hadde dei fire søner, og eldstesonen driv i dag garden på Levanger vidare.

Reidar Due la gjennom heile livet for dagen ein omfattande innsats for næringsutvikling og vart på grunn av dette ein markant samfunnsbyggjar. Han engasjerte seg i landbruket og samvirket, i skognæringa, i banksektoren og i mange andre større og mindre verksemder. Han var ein av dei som var med på å få på plass dei store satsingane på treindustri i Skogn på 1960-talet, i dag kjent som Norske Skog.

Sjølv om han stundom kunne verka reservert, fekk Due raskt tillit frå dei rundt seg. Han vart vald inn i kommunestyret og formannskapet i Levanger 1964–1971 og var ordførar frå 1968 til 1971. Som ordførar var han òg medlem i fylkestinget i Nord-Trøndelag – og han vart òg vald når det var direkte val til fylkestinget. Levanger hadde i han ein solid talsmann, og han bidrog på eit utal måtar til utviklinga av heimkommunen sin – men òg til resten av fylket.

Større oppgåver venta. Etter å ha vore vararepresentant i fire år vart han i 1977 vald til stortingsrepresentant og vart sitjande i tre periodar fram til 1989. Og det er særleg som komitéleiar i energi- og industrikomiteen på 1980-talet me hugsar han. Tiåret var prega av mange store diskusjonar og brytingar – til tider ganske harde. Olje- og gasspolitikken og Statoil si rolle var eitt omstridd tema. Willoch-regjeringa ville setja grenser for Statoil og Arve Johnsen si makt, og i krokane vart det skumla om «vengjeklypping». Men i Stortinget vart det etablert gode løysingar som skulle visa seg å stå seg godt over tid – løysingar som sjølv i dag pregar både olje- og gassnæringa og Noreg.

Ei sentral hending var det store oljeforliket i 1984 der ein delte Statoil og staten si eigarmakt ved at Statens direkte økonomiske engasjement, SDØE, vart oppretta. Staten fekk direkte eigarskap til delar i felt og røyrleidningar. Pengestrøymen frå staten sine eigardelar vart kanalisert utanom Statoil og rett i statskassa. Dermed var grunnlaget lagt for det som i dag vert kalla oljefondet – Statens pensjonsfond utland – og dei store inntektene som staten etter kvart har hatt moglegheit til å køyra inn i fondet. Ei anna viktig hending var utviklinga av Trollfeltet – ei av dei viktigaste utbyggingane på norsk sokkel.

Arkitektane bak løysingane var å finna i energi- og industrikomiteen på Stortinget og særleg då ein «troika» av komitéleiar Reidar Due frå Senterpartiet, Arnljot Norwich frå Høgre og Finn Kristensen frå Arbeidarpartiet. Om dei to fyrste vart det sagt at dei kunne få dei få håra Kåre Willoch hadde att på hovudet, til å reisa seg. Av det kan ein tolka at dei begge hadde eigne oppfatningar som ikkje alltid fall saman med Willoch sine. Og det gjekk gjetord om samarbeidet mellom Reidar Due og Finn Kristensen – den eine i posisjon, den andre i opposisjon.

Reidar Due opparbeidde seg si stilling og sitt sjølvstende i kraft av kunnskap og integritet. Han hadde eit vidt kontaktnett – både i næringslivet og i politikken. Det gjorde det mogleg for han å finna samlande og framsynte løysingar. Men han gløymde aldri kva parti han representerte – eller sitt eige Nord-Trøndelag. Eit godt døme på det er at driftsbasen til Equinor den dag i dag ligg i Stjørdal. Det hadde aldri skjedd utan Reidar Due sin innsats.

Due var òg ein sterk støttespelar for Johan J. Jakobsen som partileiar – og ein særs god mentor for yngre partitalent på 1980-talet.

Reidar Due tiltredde som fylkesmann i Sør-Trøndelag i 1989, og han hadde denne stillinga fram til 1992. Men det er som næringspolitikar og industribyggjar me fyrst og fremst hugsar han. Her sette han djupe spor etter seg – til beste for oss alle. Han hadde stor innsikt, og var «rett mann på rett plass til rett tid».

Det er ei ære å lysa fred over Reidar Due sitt gode minne.

Representantane høyrde ståande på minnetala frå presidenten.

Presidenten: Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:

  • For Vest-Agder: Birte Usland

  • For Akershus: Anita Patel

Representanten Grunde Almeland vil setja fram to representantforslag.

Grunde Almeland (V) []: På vegne av stortingsrepresentantene Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Sofie Høgestøl, Ingvild Wetrhus Thorsvik og meg selv vil jeg framsette et representantforslag om å styrke handel og samarbeid mellom Norge og Republikken Kina (Taiwan).

Så vil jeg på vegne av representantene Guri Melby, Alfred Jens Bjørlo, Sofie Høgestøl og meg selv sette fram et representantforslag om å fjerne det særnorske unntaket for alle fiskefartøy fra havneforbudet. Og jeg ber om at forslaget behandles etter forretningsordenen § 39 annet ledd bokstav c.

Presidenten: Representanten Seher Aydar vil setja fram eit representantforslag.

Seher Aydar (R) []: Jeg vil gjerne framsette forslag om å sikre ungdoms helserettigheter gjennom å utvide egenandelsfritaket.

Presidenten: Representanten Alfred Jens Bjørlo vil setja fram eit representantforslag.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: På vegner av representantane Guri Melby, Sofie Høgestøl og meg sjølv vil eg setje fram eit representantforslag om ei omstillingspakke for Finnmark.

Presidenten: Forslaga vil verta handsama etter reglementet.

Val av setjepresident

Presidenten: Presidenten vil gjera framlegg om at det vert valt ein setjepresident for stortingsmøtet i dag – og ser det som vedteke.

Presidenten vil tilrå Lise Christoffersen. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og Lise Christoffersen er samrøystes vald som setjepresident for stortingsmøtet i dag.

Før sakene på møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten gjera merksam på at møtet i dag held fram utover kl. 16.