Stortinget - Møte torsdag den 28. oktober 2021

Dato: 28.10.2021
President: Nils T. Bjørke

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten: Det ligg føre tre permisjonssøknader: frå representantane Lan Marie Nguyen Berg, Mathilde Tybring-Gjedde og Lars Haltbrekken om permisjon i tida frå og med 8. november til og med 11. november – alle for å delta i den 26. partskonferansen under FNs klimakonvensjon og partsmøte under Kyoto-protokollen og Parisavtalen, COP26, i Glasgow.

Presidenten føreslår at desse søknadene vert behandla straks og innvilga – og ser det som vedteke.

Frå fyrste vararepresentant for Oslo, Sigrid Zurbuchen Heiberg, ligg det føre søknad om å verta friteken for å møta i Stortinget under representanten Lan Marie Nguyen Bergs permisjon, grunna foreldrepermisjon.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert behandla straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:

    • For Oslo: Rauand Ismail og Michael Tetzschner

    • For Sør-Trøndelag: Hilde Marie Gaebpie Danielsen

Presidenten: Representanten Freddy-André Øvstegård vil setja fram to representantforslag.

Freddy André Øvstegård (SV) []: På vegne av representantene Lars Haltbrekken, Marian Hussein og meg selv har jeg gleden av å fremme et forslag om å tilsidesette fraværsregelen inntil videre. Jeg ber om at forslaget behandles etter forretningsordenens § 39 annet ledd c, altså at det hastebehandles fordi mange skoler står midt i en akuttsituasjon.

Jeg har også gleden av å fremme et forslag på vegne av representantene Kirsti Bergstø, Audun Lysbakken, Grete Wold og meg selv, om lønnsmoderasjon for høytlønnede i staten.

Presidenten: Forslaga vil verta behandla på reglementsmessig måte.

Sakene nr. 1–3 vert behandla under eitt.