Stortinget - Møte torsdag den 20. oktober 2022

Dato: 20.10.2022
President: Morten Wold

Søk

Innhold

Voteringer

Votering

Presidenten []: Før Stortinget går til votering, vil presidenten opplysa om at finanskomiteen har sendt brev til presidentskapet med ynske om utsetjing av fristane for budsjetthandsaminga, slik dei er omtalte i forretningsordenens § 43.

Presidenten vil difor i medhald av forretningsordenens § 79 gjera framlegg om at Stortinget gjer unntak frå føresegna i § 43 tredje ledd om at finanskomiteen seinast 20. november skal leggja fram innstilling om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet.

Komiteen vil då i staden leggja fram finansinnstillinga 25. november, og finansdebatten vert halden 1. desember.

Som følgje av dette vil det ikkje vera mogleg for Stortinget å handsama budsjettinnstillingane frå fagkomiteane innan fristen 15. desember. Presidenten vil difor også gjera framlegg om at Stortinget gjer unntak frå føresegna i forretningsordenens § 43 sjette ledd om at budsjettinnstillingane frå fagkomiteane skal vera ferdig handsama seinast 15. desember.

– Ber nokon om ordet? Presidenten gjer altså framlegg om at Stortinget gjer unntak frå forretningsordenens § 43 tredje og sjette ledd, og presidenten ser det som vedteke.

Ny tidsplan for framlegging og handsaming av budsjettinnstillingane vil om kort tid verta kunngjord.

Stortinget går då til votering over sakene på dagens kart.

Sak nr. 1 var interpellasjon.

Votering i sak nr. 2, debattert 20. oktober 2022

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 2021, eksportkontroll og internasjonalt ikke-spredningssamarbeid (Innst. 24 S (2022–2023), jf. Meld. St. 14 (2021–2022))

Debatt i sak nr. 2

Presidenten []: Under debatten er det sett fram i alt seks forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti

  • forslag nr. 3, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre

  • forslaga nr. 4 og 5, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti

  • forslag nr. 6, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Raudt

Det vert votert over forslag nr. 6, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem våpenavtalen med USA for Stortinget i henhold til Grunnloven § 26.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 85 mot 13 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.02.28)

Presidenten []: Det vert votert over forslaga nr. 4 og 5, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti.

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringa om at krav om sluttbrukardokumentasjon vert praksis ved all eksport av forsvarsmateriell, også til NATO-land og nære allierte.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber om at sluttbrukardokumentasjon vert integrert i den nye våpenavtalen som vert forhandla fram med USA.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti vart med 82 mot 17 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.02.45)

Presidenten []: Det vert votert over forslag nr. 3, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber utenriksministeren redegjøre for hvordan regjeringen vil håndheve norsk eksportregelverk og folkerettslig bindende avtaler for forsvarsmateriell som videreselges til tredjeland.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre vart med 82 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.03.02)

Presidenten []: Det vert votert over forslaga nr. 1 og 2, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringa setta ned eit breitt samansett offentleg utval som skal gjera ein heilskapleg gjennomgang av det norske eksportkontrollregimet, både regelverket og den forvaltningsmessige sida, for å sikra reell og etterprøvbar etterleving av Stortingets 1959-vedtak og 1997-presisering og av internasjonale forpliktingar. I tillegg skal utvalet vurdera om det er behov for fleire presiseringar, i tråd med norske folkerettslege, humanitærrettslege og menneskerettslege forpliktingar.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringa gje Stortinget ein garanti for at det ikkje skal eksporterast forsvarsmateriell og fleirbruksvarer til landa som deltar i krigføring i Jemen, på bakgrunn av føre-var-prinsippet om å unngå at norske varer bidreg til brot på folkeretten.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti vart med 80 mot 21 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.03.19)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Meld. St. 14 (2021–2022) – Eksport av forsvarsmateriell fra Norge i 2021, eksportkontroll og internasjonalt ikke-spredningssamarbeid – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 3, debattert 20. oktober 2022

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja, Sveinung Rotevatn, Ola Elvestuen og Grunde Almeland om en ny norsk EU-utredning (Innst. 22 S (2022–2023), jf. Dokument 8:243 S (2021–2022))

Debatt i sak nr. 3

Presidenten []: Under debatten har Ola Elvestuen sett fram eit forslag på vegner av Høgre og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen nedsette et faglig utvalg som skal levere en NOU om fordeler og ulemper ved et eventuelt norsk EU-medlemskap.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:243 S (2021–2022) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja, Sveinung Rotevatn, Ola Elvestuen og Grunde Almeland om en ny norsk EU-utredning – vedtas ikke.

Presidenten []: Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Voteringstavlene viste at ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Høgre og Venstre hadde 64 representantar røysta for tilrådinga og 34 representantar røysta for forslaget.

(Voteringsutskrift kl. 14.04.28)

Flere (fra salen): Jeg stemte feil.

Presidenten []: Då trur eg me må ta voteringa opp att.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Høgre og Venstre vart tilrådinga vedteken med 73 mot 28 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.05.00)

Presidenten []: Sak nr. 4 var interpellasjon.

Votering i sak nr. 5, debattert 20. oktober 2022

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Grunde Almeland, Alfred Jens Bjørlo og Ola Elvestuen om mer nordisk forsvarssamarbeid (Innst. 23 S (2022–2023), jf. Dokument 8:258 S (2021–2022))

Debatt i sak nr. 5

Presidenten []: Under debatten er det sett fram i alt ni forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Marie Sneve Martinussen på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Marie Sneve Martinussen på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Raudt

  • forslaga nr. 4–7, frå Marie Sneve Martinussen på vegner av Raudt og Venstre

  • forslaga nr. 8 og 9, frå Ola Elvestuen på vegner av Venstre

Det vert votert over forslaga nr. 8 og 9, frå Venstre.

Forslag nr. 8 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for økt felles materiellanskaffelse for de nordiske landene som en del av arbeidet med ny langtidsplan for forsvarssektoren, sett i lys av Sverige og Finlands søknader om NATO-medlemskap.»

Forslag nr. 9 lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en nordisk utstasjonerbar styrke som en del av NATOs utrykningsstyrke.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Venstre vart med 95 mot 5 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.05.46)

Presidenten []: Det vert votert over forslag nr. 4, frå Raudt og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en fellesoperativ nordisk luft- og landstyrke til forsvar av nordområdene.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Raudt og Venstre vart med 90 mot 10 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.19)

Presidenten []: Det vert votert over forslaga nr. 5–7, frå Raudt og Venstre.

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til et felles nordisk samarbeid for i forbindelse med nyanskaffelser å redusere antall hovedvåpensystemer som brukes i Norden, med sikte på å samordne og redusere kostnader.»

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en utredning av et felles nordisk utdannings- og treningssystem for militært personell.»

Forslag nr. 7 lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en samordning og deling av nordiske skyte- og øvingsfelt.»

Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Raudt og Venstre vart med 83 mot 18 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.35)

Presidenten []: Det vert votert over forslaga nr. 2 og 3, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen redegjøre for hvordan Norges nåværende forpliktelse til å forsvare Sverige og Finland er operasjonalisert og fulgt opp i forsvarsplanleggingen så langt det lar seg gjøre.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utvide Norges selvstendige forpliktelse til å bistå Sverige og Finland med alle nødvendige midler, slik at den ikke bortfaller idet disse landene blir medlemmer av NATO.»

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 89 mot 12 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.49)

Presidenten []: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til at det legges felles forsvarsoperasjonelle planer for Norden.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre vart med 83 mot 18 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.07.06)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:258 S (2021–2022) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Grunde Almeland, Alfred Jens Bjørlo og Ola Elvestuen om mer nordisk forsvarssamarbeid – vedtas ikke.

Presidenten []: Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 77 mot 19 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.07.35)