Presidenten [10:00:10 ]: Vyrde medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant for Høgre i
Akershus, Tore Haugen, gjekk bort den 23. mai, 93 år gamal.
Bak seg hadde han ein livslang samfunnsinnsats.
Av utdanning var Haugen jurist, med embetseksamen
frå Universitet i Oslo i 1958 og vidare studiar ved University of Illinois
College of Law og det internasjonalt anerkjende Hague Academy of
International Law.
Han fortsette det juridiske virket sitt som
domarfullmektig ved Søre Sunnmøre sorenskrivarembete, deretter i
Prisdirektoratet som konsulent, og seinare som kontorsjef og underdirektør
same stad. Advokatløyve fekk han i 1965.
Blant hans mange folkevalde verv kan nemnast
at han var ordførar i Oppegård frå 1969 til 1975. Kommunen var inne
i ein sterk vekstperiode, med betydeleg utbygging og modernisering.
Haugen var oppteken av å få til ei balansert utvikling og sikra
bevaring av grøntområde og natur.
Engasjementet hans for jus og politikk fekk
han utløp for òg som forfattar av fleire bøker innan dette feltet,
både faglitteratur og meir lokalpolitiske skrifter, som Høgres historie
i Oppegård.
Då direkteval til fylkestinget vart innført
i 1975, gjekk han for fullt inn i fylkespolitikken og var bl.a.
fylkesordførar i Akershus frå 1980 til 1987. Han leidde i fire år
fylkesordførarkollegiet og var nestleiar i Kommunenes sentralforbund
frå 1988 til 1989.
Han var stortingsrepresentant for Akershus
frå 1989 til 1993, det første året som medlem av samferdselskomiteen
og deretter av kommunal- og miljøvernkomiteen.
Vidare var han riksrevisor frå 1994 til 2002.
Samtidig leidde han Oslofjordens Friluftsråd, der han i 2005 vart
utnemnd til æresmedlem.
Haugens politiske engasjement gjennom åra var
i betydeleg grad knytt til samferdsel. Han var bl.a. formann for
samferdselsstyret i Akershus, styret for Stor-Oslo lokaltrafikk
og styret for Noregs statsbaner. Vidare var han nestformann og seinare
formann for Hovudkomiteen for lokalforvaltninga på 1980-tallet.
Kollegaer beskriver han som ein som hadde eit
blikk for menneske, som drog nytte av eit stort nettverk og som
hadde evne til å lytta til innspel før han tok avgjerder – alltid
venleg, mild i forma og oppteken av å finna løysingar, gjerne på
tvers av partigrenser.
Òg etter oppnådd pensjonsalder fortsette han
å vera aktiv, bl.a. som leiar av Oppegård Høgre, mangeårig leiar
av Akershus Senior Høgre og medlem av styret i Senior Høgres Landsforbund.
Me lyser fred over Tore Haugens minne.
Presidenten [10:06:25 ]: Forslaget vil
verta handsama etter reglementet.
Presidenten vil opplysa om at sak nr. 2, Referat,
vil verta handsama før sak nr. 1. Presidenten ber difor representantane om
å verta sitjande til referatet er ferdig handsama.
Presidenten vil òg be om Stortingets samtykke
til at voteringa i dag kl. 15 går ut, då det ikkje ligg føre forslag
til votering – og ser det som vedteke.