Forslag frå stortingsrepresentantane Ola D. Gløtvold og Magnhild Meltveit Kleppa om dekking av meirkostnader og utlån av treningsutstyr for funksjonshemma

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Funksjonshemma som driv aktiv trening, kan ha bruk for spesialtilpassa utstyr. For at utstyret skal fungera, må det som oftast tilpassast den einskilde. Meirkostnadene kan for mange vera så store i forhold til inntektene, at dei ikkje ser seg høve til det og dermed må velja eit meir passivt tilvære. Aktuelle døme på utstyr tilpassa den einskilde, er t.d. ein rullestol til ein kostnad på om lag 25 000 kroner til sportsaktivitetar som tennis, basketball, dans eller bordtennis. Meir sesong- og situasjonsavhengig utstyr kan vera skikjelke, sykkel og slalåmski. Her kan utgiftene fort bli 30 000 kroner.

Etter folketrygdlova kan funksjonshemma under 18 år i dag få dekt utgifter til slike aktivitetar. Dette kan medføra at nokre søkjer før dei er 18 år for å sikra seg i høve til ei interesse dei seinare kanskje kan få.

Forslagsstillarane ynskjer å retta søkelyset på tiltak som kan medverka til at fleire funksjonshemma har høve til eit aktivt liv. Vi meiner det er god og rett investering å medverka til at fleire har høve til fritidsaktivitetar og legg vekt på den stimulans dette også kan vera til tilknytning til arbeidslivet.

Utjamningsmeldinga viser at mange funksjonshemma har låg inntekt. Dette gjer at fleire er utelukka frå innkjøp av nødvendig utstyr. Vi føreslår at Regjeringa førebur to typar tiltak:

  • 1. Vurdera regelendring, eventuelt iverksetja eit forsøk der folketrygdlova etter nærare kriteriar dekker meirkostnadene med nødvendig utstyr til vanlege idrettsaktivitetar også for funksjonshemma over 18 år. Med meirkostnader meiner vi det beløpet som må betalast meir i forhold til tilsvarande utstyr for funksjonsfriske.

  • 2. Ei utlånsordning av utstyr som er heller sjeldan i bruk, t.d. vintersportsutstyr. Ei slik ordning kan eventuelt prøvast ut som eit samarbeidstiltak med interesserte idrettslag eller vintersportstader og krev eit tett samarbeid med hjelpemiddelsentralane om nødvendig opplæring i tilpassing på eit realistisk grunnlag. Utlån er viktig for å få prøva ut om aktiviteten passar.

Hovudtyngda av brukarane på hjelpemiddelsentralane er eldre. Det er grunn til å tru at målgruppa for aktivitetsutstyr i hovudsak gjeld personar mellom 18 og 45-50 år.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremja fylgjande

forslag:

  • 1. Stortinget ber Regjeringa vurdera regelendring, eventuelt iverksetja forsøk som inneber at folketrygda dekkjer meirkostnader til spesialtilpassa treningsutstyr til funksjonshemma over 18 år.

  • 2. Stortinget ber vidare Regjeringa iverksetja forsøk med utlån av visse typar sportsutstyr til funksjonshemma.

3. mai 2001