Forslag frå stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa om at kommunane og fylkeskommunane blir tilført ekstra midlar for 2001 som fylgje av auka pensjonskostnader

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Kommunane har i år ekstra pensjonskostnader på om lag 3 mrd. kroner. Eit sterkt fall i aksjemarknaden har medført at kommunane får ei tilleggsrekning som avkastninga av tidlegare innbetalingar normalt skulle dekka. Etter notat av 6. november 2001 frå Kommunenes Sentralforbund (KS) til Stortingets kommunalkomité kan desse ekstrakostnadene gjelda 2,1 mrd. kroner til Kommunal Landspensjonskasse (KLP) og om lag 900 mill. kroner til andre pensjonskassar. Kommunane er også førespegla auka innbetaling i 2002 på om lag 3,5 mrd. kroner. Arbeidarpartiregjeringa varslar i framlegget til statsbudsjett ein gjennomgang av situasjonen for 2002 fram mot Revidert nasjonalbudsjett. Forslagsstillaren legg til grunn at Samarbeidsregjeringa fylgjer opp ein slik strategi.

Mange kommunar er i ein svært vanskeleg situasjon når det gjeld løysing for 2001. Førre regjering føreslår at kommunesektoren skal behalda ekstra skatteinntekter, førebels rekna til 1,7 mrd. kroner. Det manglar då om lag 1,3 mrd. kroner som kommunane sjølve må dekka inn. Forslagsstillaren meiner dette er kostnader som kommunane prinsipielt sjølve skulle teke.

Den økonomiske situasjonen skulle vore såpass robust at både kommunar og fylkeskommunar kunne dekka svingingar i utgiftene. Når dette ikkje er tilfelle utan at det må kuttast i tenestetilbodet, må Regjeringa og Stortinget gripa inn. Forslagsstillaren føreset at det vert føreteke nærare avvegingar mellom kommunane og forsikringsselskapa om korleis kostnadene endeleg skal delast. Det vil likevel vera nødvendig å tilføra midlar for å sikra at barn, unge og eldre ikkje blir skadelidande. Det er situasjonen for 2001 som no er akutt. Korleis ekstrakostnadene for 2002 skal handterast må Stortinget koma tilbake til seinare.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremja fylgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa leggja fram eit forslag for Stortinget om ei ekstraløyving på inntil 1,3 mrd. kroner for 2001 slik at kommunar og fylkeskommunar vert sette i stand til å dekka ekstra pensjonskostnader.

8. november 2001