Til Stortinget
Regjeringa Bondevik I foreslo i Ot.prp. nr. 48 (1998-1999) nye
reglar for ytingar under attføring og medisinsk rehabilitering.
Gjennom handsaminga av Innst. O. nr. 65 (1999-2000) slutta Stortinget
seg til opplegget. Målet var at endringane skulle stimulere til
at fleire kom i arbeid. Fleirtalet i kommunalkomiteen uttala mellom
anna:
«Komiteen vil påpeke at de siste års
sterke økning i antall personer på uføretrygd
er bekymringsfull. I åra framover vil det være økende
behov for arbeidskraft, og det er derfor viktig at det settes inn
større ressurser for at flere skal kunne komme i arbeid.»
Dei nye reglane blei sette i verk frå 1. januar 2002.
Ei rekkje reaksjonar kan tyde på at det er utilsikta utslag
ved at enkelte grupper har fått stor reduksjon i ytingar
eller samla inntekt ved kombinasjon av arbeid og ytingar. Fleire
opplyser at dei har så store økonomiske problem
ved overgang til den nye ordninga at dei vurderer å bryte
av attføringsopplegget og heller søkje uføretrygd.
Ein samrøystes komité uttala under handsaminga:
«Komiteen støtter forslaget og sier seg enig
i at det er viktig å unngå ulikheter i stønadsnivå mellom
uføretrygd og ytelser til rehabilitering/attføring
som kan føre til at uføretrygding blir valgt av økonomiske årsaker.»
Det blir no meldt om vanskar i den administrative gjennomføringa.
Dette er forsterka etter at fleirtalet i Stortinget ved handsaminga
av statsbudsjettet for 2002 reduserte løyvingane til arbeidsmarknadsetaten med
30 mill. kroner i høve til forslaget frå regjeringa Stoltenberg.
På denne bakgrunnen er det behov for ein rask gjennomgang
av utslaga for ulike grupper. Like eins er det behov for ein gjennomgang
av ressursbehovet i arbeidsmarknadsetaten for å sikre ei
best mogleg iverksetjing av endringane.
Det vert sett fram følgjande
forslag:
Regjeringa blir beden om, innan utgangen av mars 2002, å leggje
fram for Stortinget ein gjennomgang av korleis dei nye reglane for
attføring og rehabiliteringspengar har slått ut
for ulike grupper, og eventuelt fremje forslag til endringar. Forholdet
for personar som forsørgjer barn, skal vurderast særskilt.
Mellom dei endringane som skal vurderast, er auke av friinntekta
tilsvarande 1 G.
Regjeringa blir samtidig beden om å leggje fram ein
gjennomgang av arbeidsmarknadsetaten sine ressursar for iverksetjing
av regelendringa med særskilt vekt på at brukarane
skal sikrast god hjelp og rettleiing, og at nødvendige
skjema skal vere enkle å bruke.
7. februar 2002