Forslag frå stortingsrepresentantane Magnhild Meltveit Kleppa, Ola D. Gløtvold og Rune J. Skjælaaen om høve til arbeidsinntekt for uføretrygda

Dette dokument

  • Dokument nr. 8:19 (2003-2004)
  • Dato: 17.12.2003
  • Sidetall: 1

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Uførepensjonistar kan etter gjeldande regelverk ha ei inntekt inntil eit grunnbeløp, f.t. 56 861 kroner pr. år, utan at uførepensjonen vert redusert. Forslagsstillarane meiner denne regelen fungerer godt fordi den gir høve til ei viss tilknyting til arbeidslivet. Regelen gir også høve for samfunnslivet til å dra nytte av den kompetansen den einskilde uføre representerer. Dessutan er regelen viktig fordi den også gir høve for fleire uføre til å prøva om dei kanskje kan arbeide meir og dermed etter råd frå legen sin prøva ut redusert uføregrad. Forslagsstillarane vil peika på at denne regelen vert praktisert heilt kategorisk frå trygdeetaten. Dersom ein 100 pst. uføretrygda medvite eller uforvarande overstig inntektsgrensa på 1 G , får han eller ho automatisk melding om at uføregraden er redusert. Det er ikkje etter gjeldande regelverk rom for skjønn, noko som inneber vedtak der både legeerklæringar og sunn fornuft vert tilsidesette.

To døme kan illustrera praksisen i dag:

Ein 100 pst. uføretrygda skriv artiklar for ei avis i sine gode periodar. Han tek på seg eit spesielt eingongsoppdrag som gjer at han i ettertid vert klar over at han overstig inntektsgrensa. Han får melding frå trygdekontoret om at uføregraden hans er redusert med 10 pst. Legen frårår dette på det sterkaste. Den uføre tek initiativ for å betala tilbake det overstigande beløpet. Det vert avvist, regelverket gir ikkje rom for skjønn.

Ein annan ufør person er i sine gode periodar avis­bod. Ho får feriepengar frå året før og overstig inntektsgrensa med 600 kroner. Reaksjonen er den same: Automatisk vedtak om nedsett uføregrad.

Forslagsstillarane vil halda på grensa 1 G, men meiner at dei lokale trygdekontora må ha høve til å nytta skjønn i saker der einskildpersonar tydeleg uforvarande har overstige denne grensa. Det må vera rom for å ordna opp for seg utan å gå vegen om nedsett uføregrad. Tilsette i trygdeetaten må ha høve til å gjere ei heilskapleg vurdering der også t.d. legen sitt syn tel med.

Forslag:

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber Regjeringa endra regelverket for arbeidsinntekt for uføretrygda, slik at lokale trygdekontor i einskilde tilfelle kan nytta skjønn.

17. desember 2003