Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Iselin Nybø og Ola Elvestuen om innsynsrett i kongehuset

Dette dokument

  • Dokument 8:78 S (2015–2016)
  • Dato: 06.04.2016
  • Sidetall: 2

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Openheit er eit av dei berande prinsippa i demokratiet. Føremålet med offentleglova slik ho er i dag, er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrke organisasjons- og ytringsfridomen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontroll frå ålmenta. Det kongelege hus mottek i 2015 227,6 mill. kroner over statsbudsjettet. Ein stor del av dette er pengar som går til utøving av kongefamilien sitt offisielle virke. Likevel har ikkje offentlegheita godt nok høve til å kontrollere denne pengestraumen.

Då spørsmålet om innsynsrett i kongehuset var oppe i handsaminga av ny offentleglov, Ot.prp. nr. 102 (2004–2005), la departementet til grunn at Kongen er å rekne som eit offentleg organ når han utøver myndigheit i statsråd eller på noko vis utøver offentleg myndigheit utanfor statsråd, medan kongehuset og Det kongelege hoff elles fell utanfor lova sitt verkeområde. Verken i odelstingsproposisjonen eller i justiskomiteen si omtale (Innst. O. nr. 41 (2005–2006)) har spørsmålet om innsynsrett i kongehuset under offentleglova vore gjenstand for grundig politisk handsaming basert på ei ordentleg utgreiing. I staden konkluderte komiteen ganske enkelt med at «selv om deler av kongehusets aktivitet er av offentlig karakter, skal forhold relatert til Kongehuset behandles på en skånsom og forsvarlig måte» (s. 19).

Det framstår som uheldig at kongehuset skal vere heva over innsyn og ettersyn. I anna offentleg verksemd vert openheit sett som ein styrke for den enkelte institusjon og for ålmenta sin tillit til denne. Forslagsstillarane har vanskeleg for å sjå kvifor kongehuset skal vere noko unnatak.

Kongen er å rekne som eit offentleg organ når han utøver myndigheit i statsråd eller på noko vis utøver offentleg myndigheit utanfor statsråd. Etter offentleglova § 17 kan talar og reiseprogram frå medlemmar av kongehuset bli unnateke frå offentlegheit fram til talen er halden og reisa er gjennomført eller reiseprogrammet er offentleggjort. Og etter offentleglova § 22 vert det stilt opp unnatak for opplysningar om førebelse budsjettrammer frå Det kongelege hoff.

Fråsegnene i førearbeida og gjeldande praksis om at lova ikkje gjeld for andre dokument, samsvarar dårleg med at lova har desse unnataksreglane. Ein kan difor stille spørsmål ved det rettskjeldemessige grunnlaget for å unndra dokument om pengebruk i kongehuset frå offentlegheit.

I 2009 ratifiserte Noreg Tromsø-konvensjonen, som er den første bindande internasjonale konvensjonen som anerkjenner ein generell rett til innsyn i offentlege dokument som er i henda til offentlege styresmakter. Konvensjonen har framleis ikkje tredd i kraft, då dette føreset ratifikasjon frå minst ti land. Til no har sju land ratifisert konvensjonen. Tromsø-konvensjonen inneheld minstekrav for innsyn i offentlege dokument, og føreset at signatarlanda bør ha reglar som gjev meir innsyn enn det som følgjer av konvensjonen. Dette går fram av artikkel 3, § 1 nr. 22 som seier:

«Respecting the spirit of this Convention means provision of the wides possible access to official documents and not hindering such access by a misapplication of the limitations laid down in Article 3.»

Trass i dette valde Noreg, då Noreg ratifiserte konvensjonen i 2009, å gje ei særleg fråsegn med tanke på kongehuset:

«In accordance with Article 3, paragraph 1, of the Convention, the Government of Norway declares that communication with the reigning Family and its Household shall also be included among the possible limitations.»

Av monarkia som har ratifisert konvensjonen, er Noreg det einaste som har reservert seg på denne måten. Sverige har ikkje ein slik reservasjon, og i land med presidentembete, til dømes Finland, er desse ikkje unnateke.

Noreg tek også del i Open Government Partnership (OGP), som er eit frivillig, internasjonalt samarbeid mellom ulike regjeringar og sivilsamfunnet. OGP er i praksis eit virkemiddel for nasjonale reformmiljø som har som mål å gjere offentleg forvaltning meir open, meir ansvarleg og meir lydhøyr overfor borgarane. I Noreg sin siste handlingsplan for OGP, punkt 3.1, tek Noreg mål av seg å vere «one of the most open countries in the world».

Kongehuset er mottakar av store offentlege overføringar kvart år, og har viktige oppgåver på vegner av Noreg. Det er i seg sjølve ein faktor som gjer det legitimt og nødvendig med uavhengig kontroll. Innsyn i pengestraumar er ein avgjerande reiskap for at ein slik kontroll skal vere reell. Dagens praksis gjev ikkje rett til å krevje innsyn utover dei tilfelle der Kongen utøver myndigheit, i eller utanfor statsråd. Dette snevre bruksområdet gjer at media, borgarar og samfunnet for øvrig er avskorne frå å drive grundig og uavhengig kontroll. Både Tromsø-konvensjonen og førearbeida til offentleglova understrekar kor viktig det er med innsyn, og kor grunnleggjande dette er for kontroll, tillit, engasjement og deltaking. I lys av dette, og i tråd med Noreg sin målsetnad om å vere eit av dei mest opne landa i verda, er det påfallande at ein har vald å leggje seg under normene ein elles praktiserer rundt statens verksemd når det kjem til kongehuset sitt virke.

Alle har krav på eit privatliv. Dette gjeld sjølvsagt også medlemmar av kongefamilien. Innsynsrett etter offentleglova bør difor avgrensast mot reint private gjeremål som feriar, daglegliv osv. Det bør like fullt vere eit mål å få på plass ei lovregulering som sørgjer for at det er hemmeleghald som må grunngjevast, ikkje openheit. Difor bør offentleglova sitt verkeområde utvidast til å gjelde all utøving av offisielle oppgåver i kongehuset, herunder pengebruk knytt til tilsetjingar, eigedomar og eventuell forretningsdrift. Alle sider av kongehuset sitt offisielle virke bør som utgangspunkt vere omfatta av dei same reglane om openheit som andre delar av statleg forvaltning.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om at dokument knytt til utøving av kongehuset sine offisielle oppgåver vert underlagt reglane i offentleglova.

6. april 2016