Representantforslag om offentleg tryggleik og ansvarleg hundehald

Dette dokument

  • Representantforslag 71 S (2016–2017)
  • Fra: Sveinung Rotevatn
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Hundeloven vart vedteken i 2003 for å sikre at menneske kunne nyte godt av same vern mot hundeåtak som bufe. Hensikta var

«å bidra til å fremme et hundehold som varetar hensyn til sikkerhet, trygghet, alminnelig ro og orden».

Loven var eit viktig framsteg for å sikre auka offentleg tryggleik, og loven gav klare føringar for hundehald. Han var òg eit juridisk framsteg som samla alle reglane om hundehald i ein lovtekst. Då loven vart vedteken, var fokuset både i den norske og i den europeiske debatten på utvalde rasehundar som ein meinte forårsaka forholdsvis mange av hundeåtaka. Dei nye reglane definerte nokon rasar som per definisjon farlege, som for eksempel pitbullterrier, fila brasileiro, tosa inu og dogo argentino. På bakgrunn av dette utvida Stortinget med hundeloven ei forbodsliste med amerikansk staffordshire terrier, grunna fysisk likskap til blant anna pitbullterrier.

Sidan 2003 har fleire andre europeiske land gått bort frå å fokusere på hunderase fordi det har vist seg at det ikkje finst nokon samanheng mellom rase og aggressivitet hos hundar. I land som Nederland og Italia vart eit forbod lik det norske avskaffa i høvesvis 2007 og 2009.

Noreg manglar statistikk og eit heilskapleg bilete av hundehald og hundeåtak. Hundeloven er no 14 år, og forslagsstillaren meiner det er på høg tid å evaluere hundeloven og å greie ut erfaringane med raseelementet i loven.

Raseforbod

Kamphundloven av 1991 var den første loven som la føringar for at rase og utsjånad, ikkje åtferd, skulle vere avgjerande i ei trusselevaluering. Kamphundloven vart innført samstundes som fleire andre land innførte liknande reglar, på bakgrunn av enkeltepisodar i andre land, der hundar hadde gått til åtak på menneske. Kamphundloven vart avløyst av hundeloven i 2003.

Hundeloven utvida forbodslista til òg å omfatte amerikansk staffordshireterrier på grunn av likskapen til den allereie forbodne pitbull-rasen.

Andre land har sidan avvikla raseforbod fordi det ikkje finst grunnlag for å seie at raseforbod minskar talet på hundebitt mot menneske. Statistikk frå Italia og Nederland, som òg har erfaring med raseforbod, tyder på at det ikkje er nokon samanheng mellom raseforbod og ein nedgang i talet på hundebitt. I Sverige sin «djurskyddsförordning» er det ikkje forbod mot spesifikke rasar. Difor er ei samanlikning av situasjonen i Noreg og Sverige nyttig i ei framtidig utgreiing.

Tal frå Nederland (2007) viste at verken talet på hundebitt eller talet på dødsfall som følgje av hundebitt hadde gått ned etter at forbodet mot pitbull og rottweiler vart innført i 1993 og 2000. Statistikk frå USA peikar på at dei fleste hundebitt skjer i heimen, og at hunden som bit, kjenner personen han går til åtak på. Dette tyder på at hundehald og forståinga av aggressivitet hos hundar er vel så utslagsgjevande som rase.

Raseforbodet gjer i dag at politiet i stor grad ser på rase og ikkje på åtferd. Dette er problematisk fordi det betyr at ressursar ikkje i stor nok grad går til å førebyggje uforsvarleg hundehald, men heller til å avlive bestemte hunderasar. Det er eit problem for offentleg tryggleik, men òg ei påkjenning for eigarar av hundar med ein utsjånad som gjer at politiet kan oppfatte at dei høyrer til ein rase på forbodslista. Raseforbodet kan òg føre til ein falsk tryggleik og mindre vektlegging av haldningsskapande arbeid hos hundehaldarar.

Fråværet av eit utgreiingsgrunnlag gjer at det er vanskeleg å vurdere nytta av raseforbodet som hundeloven utvida. Forslagsstillaren meiner difor at regjeringa har eit ansvar for å greie ut effekten av loven, med mål om å vurdere om norsk hundelovgjeving skal fokusere meir på åtferd og mindre på rase.

Vurdering av hundefagkunnige

Hundeloven gjev politiet mogelegheit til sjølv å undersøkje hundar som er tekne i forvaring. Fleire saker viser at dette fører til vilkårlege vurderingar der rase vert sett på som viktigare enn til dømes åtferd. Vurderingar bør difor utelukkande utførast av personar med hundefagleg bakgrunn.

Kostnader ved forvaring

Ifølgje § 26 i hundeloven svarer hundehaldaren

«… overfor privatpersoner og det offentlige for nødvendige kostnader ved å gjennomføre tiltak etter denne loven, herunder kostnader til forvaring av hunden».

Desse kostnadene pliktar hundeeigaren å betale, uavhengig av domfelling. Dette er ei stor finansiell byrde for hundeeigarar, som må betale frå første dag på kennel. Med kennelkostnader på rundt 250 kroner per døgn er belastninga for hundeeigaren stor. I kjende saker der hundeeigaren vart frifunnen, har kennelkostnader på over 100 000 kroner vorte dekte privat.

Grunnlause klagar mot hundeeigarar kan på denne måten føre til store personlege kostnader. Så lenge hundeloven legg meir vekt på utsjånad enn på åtferd, er det endå større sjansar for at vedtak vert oppheva. I desse sakene bør ikkje uskuldige stå att med rekninga. Forslagsstillaren meiner difor at regjeringa på eigna måte må kome tilbake til Stortinget med forslag om å endre hundeloven, slik at hundeeigarar som vert frifunne, ikkje må svare for lange kennelopphald.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillar fram følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa greie ut behovet for å oppretthalde dagens raseforbod i hundeloven med formål om å ta vare på tryggleiken for folk og dyr.

  2. Stortinget ber regjeringa sikre at alle hundar som politiet tek i forvaring, vert undersøkte av ein hundefagkunnig for å fastslå om hunden utgjer ein trussel mot omgjevnaden sin.

  3. Stortinget ber regjeringa på eigna måte fremje forslag om å endre lovverket slik at det offentlege overtek forvaringskostnader for kennelopphald og saksomkostningar om ein hundehaldar vert funnen uskuldig i samsvar med hundeloven.

23. mars 2017

Sveinung Rotevatn