Representantforslag om eit statleg vedlikehaldsprogram for fylkesvegnettet

Dette dokument

  • Representantforslag 119 S (2017–2018)
  • Fra: Heidi Greni, Siv Mossleth, Ivar Odnes og Willfred Nordlund
  • Sidetall: 1

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Fylkeskommunane har ansvar for store deler av det offentlege vegnettet i landet. Fylka har synt seg som gode vegeigarar etter at dei overtok store delar av det statlege vegnettet ved at dei innanfor sine rammer har prioritert vegbygging og vedlikehald høgt. Likevel var mykje av vegnettet som fylka overtok, i dårleg stand, med eit stort vedlikehaldsetterslep som igjen har medført redusert investeringskapasitet spesielt for større, nye vegsamband.

Fleire rapportar om tilstanden til fylkesvegnettet teiknar det same biletet, nemleg at vedlikehaldsetterslepet har auka dei siste åra på denne delen av vegnettet. Forslagsstillarane meiner ramma til fylkeskommunane burde vore auka, og syner til at Senterpartiet i fleire alternative statsbudsjett har sett av høgre rammer til fylkeskommunane, og at regjeringa har endra inntektssystema slik at nokre fylker med mange kilometer fylkesveg har kome dårlegare ut.

Transportetatane skreiv fylgjande i grunnlagsdokumentet til Nasjonal Transportplan (NTP) 2018–2029

«Det er et betydelig forfall på fylkesvegnettet. Kostnaden knyttet til utbedring av kritisk infrastruktur som tunneler, bruer og ferjekaier er så omfattende at transportetatene mener det bør vurderes et eget program for fornylese av fylkesveier.»

Dette vart ikkje prioritert av stortingsfleirtalet eller regjeringa under handsaminga av NTP våren 2017.

Ein fersk analyse frå Oslo Economics syner at dersom løyvingane til vedlikehald av vegdekke og vegfundament vert auka med om lag 1,5 mrd. kroner per år i perioden 2018–2029, vil det gje ei samfunnsøkonomisk nettonytte på mellom 8,3 og 11,9 mrd. kroner. Oslo Economics har òg talfesta kostnaden ved å skyve etterslepsarbeidet fram i tid. Til dømes vil ei utsetjing av vedlikehaldsetterslepet med fem år redusere samfunnsnytta med 2,1 mrd. kroner.

Forslagsstillarane meiner situasjonen no er så alvorleg at det er behov for eit statleg program for å auke vedlikehaldet i samarbeid med fylka. Forslagsstillarane meiner programmet kan innrettast som ei tilskotsordning der staten løyver eigne midlar til formålet.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa utarbeide eit program for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Programmet skal skissere ein opptrappingsplan for fylkesvegvedlikehald med forslag til finansieringsmodellar og organisering som skal gje auka vedlikehald og etterslepsreduksjon på fylkesvegnettet.

30. januar 2018

Heidi Greni

Siv Mossleth

Ivar Odnes

Willfred Nordlund